Ekstremismekommisjonen

Skal henta inn kunnskap som verktøy mot ekstremisme og radikalisering

– Tidleg førebygging mot ekstremisme er å skapa robuste lokalsamfunn, frå sosial inkludering til kritisk tenking. Det andre er å fanga opp dei som fell utanfor. Det trur UiO-forskaren Cathrine Thorleifsson, som leier den regjeringsoppnemnde Ekstremismekommisjonen.

VIDT MANDAT: – Det er viktig at me har fått eit så vidt mandat at me kan sjå på haldningar og handlingarsom undergrev både demokratiet og menneskerettane, seier Cathrine Thorleifsson, som er leiar for Ekstremismekommisjonen.
Publisert

Den 10. juni blei sosialantropologen og eksperten på høgreekstremisme, Cathrine Thorleifsson oppnemnt som leiar for Ekstremismekommisjonen av regjeringa. Sist helg samla alle medlemane i kommisjonen seg for første gong i Oslo og på Utøya.

Fakta

Cathrine Thorleifsson:

  • Fødd i 1982
  • Forskar ved Senter for ekstremismeforsking ved UiO
  • Doktorgrad i antropologi frå London School of Economics and Political Science frå 2012
  • No utforskar ho korleis antisemittiske og anti-muslimske fiendebilete blir produserte og sirkulerte av ytre høgreaktivistar i transnasjonale, digitale subkulturar.
  • Aktuell: Den 10. juni oppnemnte regjeringa henne til leiar for Ekstremismekommisjonen.
  • Arbeidet skal vera ferdig siste halvår 2023.

Kjelde: UiO

Dette er medlemane i Ekstremismekommisjonen:

  • Forskar Cathrine Thorleifsson
  • Biskop Kari Mangrud Alvsvåg, Sarpsborg
  • Specialkonsulent Anders Bo Christensen, København
  • Prosjektleiar Kari Eilertsen, Gratangen
  • Rådgjevar Kim Henrik Gronert, Kristiansand
  • Radikaliseringskontakt Pål Tore Haga, Bjørnafjorden
  • Forskar Cecilie Hellesteveit, Oslo
  • Senterleiar Espen Rutle Johansson, Bergen
  • SLT-koordinator Erik Lindbæk Kruse, Fredrikstad
  • Professor Claudia Sabine Lenz, Oslo
  • Dagleg leiar Hawa Abshir Muuse, Bærum
  • Sjefsforskar Petter Nesser, Oslo
  • Nestleiar Gaute Børstad Skjervø, Levanger
  • Direktør Ingvild Næss Stub, Oslo
  • Rådgjevar Sylo Taraku, Drammen
  • Redaktør Snorre Serigstad Valen, Trondheim

Kjelde: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Det er fantastisk endeleg å vera i gang. Me møttest først på torsdag før med hadde eit seminar om ekstremisme og radikalisering på Utøya. Eg blei imponert over kunnskapen og breidda til dei som sat rundt bordet, og seminaret var svært viktig for me fekk tidleg innspel frå aktørar som var direkte involverte i ekstremisme sjølve. Det var innlegg frå Utøya, AUF og frå foreininga FRI. Så var det også innlegg frå forskingsfronten og frå jødiske og muslimske organisasjonar. Det er kjempeviktig å få innspel frå dei som har erfart konsekvensane av ekstremistiske og antidemokratiske haldningar, synest Cathrine Thorleifsson.

Saka var opphavleg publisert hos Uniforum.

– Ikkje noko mindre enn banebrytande

Uniforum møter henne i SV-kantina på Blindern, i nærleiken av Senter for ekstremismeforsking (C-REX), der ho har jobba som forskar dei siste åra.

– Så korleis har de tenkt å jobba vidare med ekstremisme i kommisjonen?

– Me skal ha månadlege møte, og me har tenkt å leggja det opp etter tema. No blir det viktig å få innspel frå ulike aktørar som arbeider med førebygging av radikalisering og ekstremisme. Det har vore stor interesse sidan oppnemninga, og me kjem til å strukturera møta nesten som kapitla i ei utgåve av ein NOU (Norsk offentleg utgreiing), og eg har lova at den skal ikkje vera noko mindre enn banebrytande. Det er målet, slår ho fast.

Cathrine Thorleifsson har også eit klart bilete av korleis dei skal henta inn informasjon om kva som kan gi grobotn for ekstremisme.

– Det blir å sjå på kunnskapen som finst. Kva er det som er årsakene til radikalisering? At både enkeltindivid, grupper og rørsler vert radikaliserte og trekte mot både antidemokratisk og valdeleg ekstremisme. Me har eit breitt mandat. Eg er ekspert på høgreekstremisme, men me skal også sjå på ekstrem islamisme og venstreekstremisme og antistatlege strøymingar. Det er viktig at me har fått eit så vidt mandat at me kan sjå på haldningar og handlingar som undergrev både demokratiet og menneskerettane.

Til saman sit det 16 personar i kommisjonen, inkludert Cathrine Thorleifsson, og den har eit sekretariat på fem personar. Ho understrekar at ho vil nytta seg av perspektiv frå ulike delar av fagfelt og førstelinjetenesta. I kommisjonen er det brei kunnskap, frå ekspertar på ekstremisme og terror, nettradikalisering og menneskerettar, til radikaliseringskontaktar i politiet og dei som jobbar i RTVS med vald og traumatisk stress, erfaringar frå berørte og overlevande, erfaring med trus- og livssynsdialog og ikkje minst erfaring om korleis utdanning kan brukast for å skapa motstandskraft mot ekstremisme.

– Skal koma med konkrete tilrådingar

– Når me systematiserer denne kunnskapen, kan me sjå kvar hola er og korleis det som me finn ut gjennom forsking samsvarar med tiltaka me har i dag. Så skal me koma med konkrete tilrådingar. For dette er ikkje ein forskingsrapport, men ei utgreiing der me kan koma me tilrådingar om korleis tiltak kan forbetrast, understrekar ho.

– To veker etter at ekstremismekommisjonen blei oppnemnt, den 25. juni, skjedde skyteepisoden utanfor London Pub og Per på hjørnet i Oslo, der to menn blei drepne og over 20 blei skadde. Korleis var det å oppleva det, og vil du kalla det for ekstremisme?

– Absolutt. No er det ikkje konkludert, men PST har omtalt dette som det første islamistiske terroråtaket i Noreg. Uansett kva det blir konkludert med, er det klart at det oppnår tilsvarande mål som er å skapa frykt blant innbyggjarane. Det er vondt for det skeive miljøet og medborgarar, og dei hadde også frykta det i forkant. Og me ser at dette åtaket kom i ein kontekst av auka hets og trakassering rundt transpersonar og skeive, ikkje berre i Noreg, men også globalt, konstaterer ho.

– Det var sterkt

Cathrine Thorleifsson synest det var rørande å høyra på Inge Aleksander Gjestvang, leiar for foreininga FRI,på Utøya.

– Det var sterkt for då får du høyra meir om dei menneskelege konsekvensane av ekstremisme. Og eg har også sagt før kommisjonen hadde sitt første møte at dette er noko me vil setja på agendaen. Det finst handlingsplanar mot valdeleg ekstremisme, mot hets og trakassering av skeive, mot muslimhets og mot antisemittisme. Så må me sjå dette saman også. Korleis kan tiltak forbetrast og korleis kan ein sjå ulike former for ekstremisme i samanheng? spør Cathrine Thorleifsson og lovar å ta det opp i kommisjonen.

Denne veka presenterte Senter for ekstremismeforsking (C-REX), der Cathrine Thorleifsson jobbar, resultatet av ei spørjeundersøking om haldningar til radikalisering blant unge i Noreg. Den viste mellom anna at dei ikkje visste korleis dei skulle reagera om nokon i klassen deira eller i nærmiljøet viste teikn til radikalisering.

KVAR DET SVIKTA: – Kommisjonen sitt mandat er at me også skal gå gjennom enkeltsaker og finna ut kvar det svikta når det gjeld tenester som var involverte i barndoms- og ungdomstida, fortel Cathrine Thorleifsson.

– Skal gå gjennom enkeltsaker

– Du gjekk på same skule som Anders Behring Breivik, du blei ekstremismeforskar, medan han blei terrorist. Hadde det vore mogleg for deg å fanga opp korleis utviklinga ville bli for han seinare?

– Nei. Men det me ser i radikaliseringsforskinga er ei rekkje risiko- og sårbarheitsfaktorar som er knytte til enkeltsaker. Kommisjonen sitt mandat er at me også skal gå gjennom enkeltsaker og finna ut kvar det svikta når det gjeld tenester som var involverte i barndoms- og ungdomstida. Kunne det ha vore eit betre samarbeid?, lurer ho på.

– Då terroråtaket 22. juli 2011 skjedde, hadde eg nettopp kome tilbake til Noreg etter ti år i utlandet. Men det viktigaste for meg med den innsikta er å seia at dette er noko som kjem frå våre nabolag og samfunn. Tidleg førebygging er å skapa robuste lokalsamfunn og å styrkja sosial inkludering. Det andre er å fanga opp dei som fell utanfor, og ikkje minst handlar det om kritisk tenking og digital danning i ei tid der mesteparten av radikaliseringa skjer i nettsamfunn.

– Kva råd ville du gi til ein person som såg at ein venn eller kjenning heldt på med å bli ekstremist?

– Om du avviser personen, kan personen bli trekt endå lenger inn i ein slik prosess. I ein slik situasjon er det viktig å bruka verktøy som er dialogbaserte, og møta vedkomande med undring og opne spørsmål. Forskingsrapporten til Håvard Haugstvedt ved C-Rex viser at 50 prosent av unge mellom 16 og 18 år, ville ha trekt seg unna. Nokre ville kanskje varsla familie og venner og gått på internett, men mange ville også ha kutta kontakten heilt. I dette arbeidet er det viktig ikkje å kutta kontakten, men ha dei modige, vanskelege og ubehagelege møta som inneber at me må kunne stå i usemja og lytta, sjølv om dei har haldningar som du sjølv synest er ubehagelege, spesielt i eit klasserom, meiner ho.

– Her må både lærarar, medborgarar og andre kanskje ha auka kunnskap om korleis me handterer mangfald, men også hatefulle og problematiske ytringar både i ein klasse ved middagsbordet og på andre arenaer i kvardagen, er rådet hennar.

– Ideologi har også noko å seia i radikalisering

– Rett etter drapa utanfor London pub, kom det masse ekstremistiske ytringar i kommentarfeltet til NRK Super. Dette var frå veldig unge folk, og NRK Super valde å stengja kommentarfeltet. Synest du det var rett?

– Det er ein balanse her. Me har jo ytringsfridom, men også ein rasismeparagraf som kriminaliserer ytringar som er rasistiske eller diskriminerer nokon når det gjeld etnisitet, religion, legning eller funksjonsnedsetjing. Me veit også at teknologiplattformene, ikkje berre kommentarfelta, men Facebook, YouTube og Instagram, dei er også viktige stader for å prøva å hindre vidare spreiing av ekstremistisk propaganda. Me kan snakka om sårbarheitsanalysar, men ideologi har også noko å seia i radikalisering, fortel ho.

– Så i dag er det eigentleg unge sårbare som har lettast for å bli radikaliserte?

– Nei, ikkje nødvendigvis. Det er heller både og. Og det er det som er utfordrande. For det er mange vegar inn. Mange av dei eg har intervjua, som kjem frå "I-chan-kulturen", der har det vore erfaringar med eksistensiell smerte., einsemd og utanforskap og psykososiale faktorar knytte til maskulinitet. Der kjem du inn i eit rom som er som eit slags skjerma brorskap der kjensler og ein overskridande humor har mykje å seia. Dei viser sinne, avmakt, avvising av storsamfunnet, avvising av kunnskapsprodusentar, spesielt universitet og medieinstitusjonar, og dei finn sin eigen røyndom, og så driv dei miniforsking gjennom klipp og lim-saker frå sin eigen nettkultur, fortel ho.

Cathrine Thorleifsson meiner det er viktig å minna om at ikkje alle dei som involverer seg i desse kulturane, er folk som føler seg makteslause og einsame.

– Det kan vera godt velfungerande personar som ideologisk tilhøyrer middelklassen eller overklassen også. Dei kan vera heilt utan psykososiale faktorar, men er rett og slett reine ideologar. Dei har stor påverknadskraft som entreprenørar i radikaliseringa av dei sårbare. Dei er ikkje berre unge heller, viser den internasjonale trenden me ser på nett. Mange eldre er med på å spreia antidemokratisk tankegods.

YOGAMILJØ: – Kvinner frå yogamiljø var rygg i rygg med høgreekstremistar i offentlege demonstrasjonar mot tiltak sett i verk av styresmaktene under pandemien, seier Cathrine Thorleifsson.

– Kvinner er viktige i spreiing av propaganda

Cathrine Thorleifsson minner også om at mange kvinner spelar ei viktig rolle i både ekstremistiske rørsler på høgresida og innanfor ekstremistisk islamisme som i IS.

– Det er ikkje dei som utøver valden, men kvinner er viktige i spreiing av propaganda og i normaliseringa og i «mainstreaminga» av det ekstreme. Både i konteksten rundt Covid-19 og etter den russiske invasjonen av Ukraina og i ein kontekst av økonomisk uvisse, så ser me kvinner som influensarar (påverkarar) på sosiale media som fremjar ein ekstremistisk bodskap. På høgreekstreme sosiale media er kvinner idealiserte som dei som skal føda den reine rasen og verna hus, heim og moral, nemner ho. Forakt for styresmakter er eit stikkord, trekkjer ho fram og peikar på ein allianse av svært ueinsarta grupper.

– Kvinner frå yogamiljø var rygg i rygg med høgreekstremistar i offentlege demonstrasjonar mot tiltak sett i verk av styresmaktene under pandemien. Kvinner og kjønnsdimensjonar er svært viktige, spesielt når det gjeld opplevinga av at maskuliniteten er destabilisert i ei verd der nokre menn fell utanfor og opplever tronge rammer for identitet, peikar ho på.

– Den kunnskapen er svært viktig

Cathrine Thorleifsson meiner at det absolutt ikkje er uvanleg med radikaliserte kvinner. Ho viser til journalist Kristin Solbergs nye bok om dei norske IS-kvinnene i Syria.

– Boka handlar om radikaliseringsprosessen til ei IS-kvinne frå Bærum. Den kunnskapen basert på intervju er svært viktig. Og i kommisjonen skal me også koma inn på dei grunnane som ligg bak at ein person går inn i ein radikaliseringsprosess. Og det er heilt naudsynt for å kunna skreddarsy tiltak. Me skal sjå på den langsiktige primærførebygginga mot ekstremisme. Det går på skuleverket og korleis me lærer om demokrati og menneskerettar for å byggja opp eit vern mot antidemokratiske rørsler og strøymingar. Og så er det tiltak som først og fremst er retta mot dei som er sårbare eller er inne i ein radikaliseringsprosess, og dei tiltaka som skal setjast inn mot personar etter at dei er blitt radikaliserte.

MANGFALD: – Etter 11. september 2001, skreiv eg ei bacheloroppgåve om marokkansk-jødisk historie. Eg drog til Israel og Syria for å læra om mangfald, konfliktar og nasjonsbygging i det området, fortel Cathrine Thorleifsson.

Då Cathrine Thorleifsson var student reiste ho til Midtausten, kjent som eit område full av religiøse og politiske konfliktar. Ho budde i Israel der ho lærte seg hebraisk, og i Syrias hovudstad Damaskus der ho lærte seg arabisk. Sjølv forklarar ho det opphaldet med interessa for folket i regionen.

– Eg har alltid vore interessert i mangfald i Midtausten. Etter 11. september 2001 skreiv eg ei bacheloroppgåve om marokkansk-jødisk historie. Eg drog til Israel og Syria for å læra om mangfald, konfliktar og nasjonsbygging i det området. Og som sosialantropolog er det viktig å koma tett på menneska og erfara livsverder sjølv.

Om halvtanna år skal ekstremismekommisjonen vera ferdig med arbeidet sitt. Cathrine Thorleifsson er svært nøgd med at ho skal leia ein kommisjon som kan koma med forslag til kva som bør gjerast.

– Det er litt uvanleg for ein forskar som vanlegvis berre forskar og held seg unna tiltak. Det å kunna analysera og setja saman funna og kunnskapen og koma med konkrete råd og tilrådingar til styresmaktene, det ser eg veldig fram til, seier Cathrine Thorleifsson.