– Norsk ungdom har for liten kunnskap om kva demokrati er
Professor i statsvitskap Sirianne Dahlum gir skulen ansvaret for dårleg opplæring om demokrati. No er ho tildelt UiOs pris for yngre forskarar for 2025.
UNG PROFESSOR: – Eg har jobba ganske målbevisst mot opprykk og ei fast stilling, seier 38-åringen Sirianne Dahlum som blei professor i statsvitskap for tre år sidan.Foto: Ola Gamst Sæther
Etter eit eitt år langt opphald på Oxford-universitetet er professor Sirianne Dahlum (38) klar til å ta imot nye masterstudentar ved Institutt for statsvitskap ved UiO.
– På måndag skal eg undervisa 110 studentar i forskingsmetode, fortel ho til Uniforum. Den formiddagen Uniforum møter henne, har ho akkurat levert den to år gamle dottera til bestemora, slik at ho sjølv kan dra vidare til Arendalsuka og delta i ein debatt der.
Fakta
Sirianne Dahlum
Fødd i 1986.
Professor i statsvitskap ved UiO frå 2021.
Forskar på demokratisering, demokratisk forvitring,massemobilisering og protest og autokratiske regime. I tillegg ser ho på haldningar og verdiar, politisk vald og borgarkrig, kvalitativ metode og kausal inferens, det vil seia ein prosess der ein brukar data for å trekkja slutningar på grunnlag av forholdet mellom årsak og virkning.
Ho er tildelt UiOs pris for yngre forskarar for 2025.
Der ville ho kunna møta sambuaren og fagfellen sin, professor Tore Wiig som ho både lever og forskar saman med.
– Mange par som også er kollegaer, har ein gyllen regel om at dei ikkje skal snakka jobb heime. Det blir ikkje praktisert hos oss. Me pratar om jobb rundt middagsbordet kvar dag, seier ho.
Det var i Eilert Sundts hus på Blindern dei møtte kvarandre.
– Me var begge stipendiatar, og me hadde begge Carl Henrik Knutsen som rettleiar. Det er mogleg å seia at Institutt for statsvitskap førte oss saman, avslører ho.
Og den to år gamle dottera deira er allereie blitt godt vant til eit liv i akademiske krinsar.
– I Oxford gjekk ho i ein barnehage full av barn av internasjonale akademikarar. No går ho i Blindern barnestuer. Ja, ho får ein heilt annan oppvekst enn den eg fekk i Skarnes i Odalen, konstaterer Sirianne Dahlum.
– Både kjempeglad og kanskje litt stolt
Uniforum har tatt turen til 6. etasje i Eilert Sundts hus for å høyra meir om kva ho tenkjer om at det i mai blei kjent at ho ville få tildelt UiOs pris for yngre forskarar.
SJØLVDEFINISJON: – Eg tenkjer ikkje først og fremst på meg sjølv som ein statsvitar, men som ein samfunnsvitar, seier Sirianne Dahlum.Foto: Ola Gamst Sæther
– Då var eg ute og gjekk på veg til barnehagen i Oxford. Det var fint vêr, og så fekk eg ein telefon frå prorektor Åse Gornitzka som fortalde meg at eg hadde fått prisen. Det kom uventa, og eg blei både kjempeglad og kanskje litt stolt, fortel ho.
I grunngjevinga for prisen står det at Sirianne Dahlum har bidratt sterkt til demokratiforsking i Noreg. Ho har også vore sentral i å setja demokratisk tilbakegang på dagsordenen ved UiO. Der blir det også lagt vekt på at Dahlum er ein respektert formidlar som deltar aktivt i debattar og medieinnslag over heile verda.
– Eg har nok ikkje ramla inn i denne jobben
Sirianne Dahlum er i dag 38 år, men ho blei utnemnt til professor då ho var 35. Ho ser at det er relativt tidleg.
– I mitt fagfelt er det ganske transparent når det gjeld kva som blir forventa for å få fast stilling eller bli professor. Det er til dømes viktig å visa at ein kan publisera i leiande tidsskrift og har erfaring frå større forskingsprosjekt. Eg har nok jobba ganske målbevisst mot opprykk og ei fast stilling. Så eg har nok ikkje akkurat ramla inn i denne jobben, slår ho fast.
Frå Skarnes i Odalen til Blindern
Då ho vaks opp i Skarnes i Odalen var det ikkje opplagt at ho skulle enda opp som forskar i statsvitskap. Først gjorde ho eit sidesprang til Atlantic College i Wales som er med i alliansen United World College. Seinare jobba ho som engelsklærar i Kina og på den norske ambassaden i Iran.
Ho har også ein periode som journalist i Dagens Næringsliv på CV-en sin. Til slutt enda ho opp som student i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Som mange av dei andre drøymde også ho om ein jobb i Utanriksdepartementet eller i FN.
– I løpet av studiet blei eg klar over at eg likte best, var å gå endå grundigare til verks og gå djupare inn i materien og i analysen om korleis ein kan trekkja slutningar.
– Eg tenkjer ikkje først og fremst på meg sjølv som ein statsvitar, men som ein samfunnsvitar. Korleis kan ein trekkja slutningar om verda, store spørsmål om samfunn og om korleis verda blir som den er. Eg har alltid vore interessert i metode og i analyse. Sjølv om mykje handlar om politikk og samfunn, vert det også lagt mykje vekt på statistikk, matte og kvantitativ analyse. Det synest eg er gøy, seier ho.
– Eg har jo forska mykje på protest
No er Sirianne Dahlum kjent for forskinga ho har gjort på å finna ut kva som gjer demokratiske statar stabile og kva som fører nokre statar i ei autoritær og diktatorisk retning.
– Du har bak deg både eit opphald som engelsklærar i Kina og som tilsett på Den norske ambassaden i Iran. Har det medverka til at du begynte å forska på autoritære regime?
– Eg var i Iran under den grøne revolusjonen i 2008. men dei lykkast jo ikkje, for regimet sit jo framleis. Dei organiserte opptøyar mot styresmaktene som seinare blei knuste. Og eg har jo forska mykje på protest i etterkant, fortel ho.
PROTESTAR I IRAN: – Alle gjekk ut i gatene og protesterte, men regimet har framleis makta. Kva er det som skal til for at slike masseprotestar fører fram og kva er grunnane til at dei ikkje lykkast? Det ynskjer Sirianne Dahlum å forska vidare på.Foto: Ola Gamst Sæther
Då har ho sett spesielt på protestar mot diktatur og autoritære regime, ofte dei som har kome frå studentar og unge, slik som under den grøne revolusjonen i Iran.
– Alle gjekk ut i gatene og protesterte, men regimet har framleis makta. Kva er det som skal til for at slike masseprotestar fører fram, og kva er grunnane til at dei ikkje lykkast? Så er regima stabile og overlever trass i at innbyggjarane er misnøgde. Det er spørsmål eg er opptatt av i forskinga mi, og dei kan vera delvis inspirerte av det opphaldet, trur ho.
Opphaldet i Kina tre år før ho kom til Iran, var ei heilt anna erfaring, fortel ho, og minner om at landet var heilt annleis på den tida samanlikna med i dag.
– Eg opplevde Kina som langt meir ope enn det som landet er i dag. Det har vore ei stor innstraming i Kina dei siste 20 åra.
Har håp for demokratiet
– I dag er verda full av autoritære leiarar som Vladimir Putin i Russland, Kim Jong-il i Nord-Korea, Recep Erdogan i Tyrkia, Viktor Orban i Ungarn,til dels Benjamin Netanyahu i Israel, Xi Jinping i Kina og ein mann med autoritære trekk Donald Trump i USA. Har du noko håp om at det kan bli betre forhold for demokratiet i verda i åra framover?
– Ja, det har eg. No er det ting som tyder på at USA er på veg i autoritær retning. Og USA har også hatt stor symbolsk makt ved å trekkja verda imot ei meir demokratisk retning. Det har også investert mykje midlar og ressursar i å behalda verda demokratisk, peikar ho på.
– Eg har også eit håp fordi veldig mange samfunn er polariserte, og sjølv om mange innbyggjarar støttar diktatorane, er dei også veldig upopulære. Både i Tyrkia, Ungarn og i USA er det mange innbyggjarar som verkeleg ynskjer ein annan regimetype, tilbake til ei meir demokratisk retning.
Ho viser til at vala ofte er ganske jamne i desse landa. Samtidig er det mange av desse diktatorane som strammar så mykje inn at det blir umogleg å kasta dei.
– Det gjer dei ved å undergrava sivile rettar, undergrava frie media og protestrettar, angripa politiske motstandarar og politiske opposisjonsparti. Dermed blir det endå vanskelegare for opposisjonspartia å organisera seg og vinna val igjen. Det ser du mange døme på i Tyrkia no og i Ungarn, konstaterer ho.
Men Sirianne Dahlum trur ikkje USA har kome like langt i denne utviklinga som dei to andre landa ho nemner.
– Så lenge diktatorane ikkje går så langt at dei øydelegg moglegheita for å bli kasta, vil me sjå svingingar fram og tilbake. Det er avhengig av kor langt dei kjem i å knebla opposisjonen, trur ho.
For nokre år sidan var Sirianne Dahlum med på å laga ein tilstandsanalyse om demokratiet i Noreg.
– Hovudkonklusjonen er at Noreg skårar høgt på dei fleste indeksane. Men når det gjeld å vera aktive i den politiske prosessen mellom vala og til dømes å bruka folkerøysting, skårar Noreg ikkje spesielt høgt samanlikna med andre land.
– Det ville ha vore ein norsk versjon av Donald Trump
Analysen var klar før Donald Trump vende tilbake som president i USA. Sjølv om ingen har tru på at ein mann som Donald Trump vil ha nok appell til å kunna få politisk makt i Noreg, meiner Sirianne Dahlum at me ikkje skal sjå heilt bort frå det. Ho viser til funn ho har gjort i studiar i Noreg, for å sjå på innbyggjarane sine forpliktingar overfor demokratiet.
– Det ville ha vore ein norsk versjon av Donald Trump med eigne norske karakteristikkar og personlegdomstrekk som ville appellert til norske veljarar. Trump er litt for amerikansk for norske veljarar, trur eg, seier ho før ho avbryt seg sjølv.
– Me veit ikkje heilt kva han ville gjort i ei norsk innpakning, seier ho, men ho og fagfellane hennar har stilt innbyggjarane ein del hypotetiske spørsmål om kva dei ville ha gjort i ulike scenario.
– Å vera udemokratisk straffar seg litt
Som døme viser ho til at dei spør om kven dei vil velja av to potensielle kandidatar. Den eine er einig med deg i nesten alle dei viktigaste sakene som du brenn for, anten det er kollektivtransport eller innvandring eller klima. Men den kandidaten har også kome med utsegn som er udemokratiske.
Den andre kandidaten står svært langt frå deg politisk, men står svært forplikta på demokrati. Kven ville du ha valt? er spørsmålet dei stilte til informantane.
IKKJE VIKTIG: – Hos dei yngste frå 18 til 24 år straffar det seg ikkje i det heile tatt om personen er udemokratisk. Dei ser på kjønn, alder og slike ting, har Sirianne Dahlum funne ut.Foto: Ola Gamst Sæther
– Då ser me at det å vera udemokratisk straffar seg litt. Mange vel å gå til meiningsmotstandaren, sjølv om du då må gi opp litt av den politikken du ynskjer, men du får i alle fall ein demokrat. Så viser det seg at overraskande mange seier at dei ville ha halde fram med å stemma på den personen som gir dei den politikken dei vil ha, sjølv om den personen i praksis er udemokratisk, fortel ho.
– Dei unge bryr seg ikkje om kandidaten er udemokratisk
Det mest overraskande er skilnaden ho sjølv har oppdaga i den demokratiske haldninga mellom den eldre og den yngre generasjonen.
– Hos dei yngste frå 18 til 24 år straffar det seg ikkje i det heile tatt om personen er udemokratisk. Dei ser på kjønn, alder og slike ting, men dei bryr seg ikkje om den kandidaten dei vurderer å stemma på, er udemokratisk, er funnet ho har gjort.
Så langt veit ho ikkje grunnen til at det er slik, men ho og fagfellane ynskjer å forska meir på det.
– For kva skjer eigentleg med den yngre generasjonen no? Det verkar som om dei har overraskande politiske haldningar på mange område. Ei forklaring nokon trekkjer fram, er at dei aldri har opplevd å leva i eit diktatur. Dei har vakse opp i ei verd der dei tar demokratiet for gitt. Så trur dei ikkje at det å stemma på ein slik kandidat vil gjera landet meir autoritært. Og om det skjer, vil det ikkje vera noko som påverkar livet deira i større grad.
– Dei tenkjer at demokrati er eit val
Dahlum trur likevel at det er ein anna årsak.
– Norsk ungdom har for lite kunnskap om kva demokrati er. Om nokon tar til orde for å fjerna avgrensingane me har på den utøvande makta, til dømes institusjonelle avgrensingar som er ein del av det liberale demokratiet, så ville mange ha tenkt at det ikkje nødvendigvis er udemokratisk. Dei tenkjer at eit demokrati er val der ein stemmer på ein leiar. Derfor oppfattar ein ikkje det som udemokratisk, trekkjer ho fram.
Det er openbert for meg at den demokratiopplæringa dei har i skulen ikkje er god nok.
Sirianne Dahlum
Statsvitskapsprofessoren viser også til ei måling av demokratikunnskap i europeiske land, der kunnskapen om demokrati i Noreg hadde gått ned samanlikna med andre land. For henne er det sjokkerande tal, men ho veit ikkje alt om grunnane til at det er blitt slik. Men ho meiner skulen har ein del av skulda.
– Det er openbert for meg at den demokratiopplæringa dei har i skulen ikkje er god nok. Det har også kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og andre politikarar vore opptekne av. Ein må gå mykje grundigare til verks og sjå kva dei lærer og finna fram til systematisk kunnskap om kva som funkar. Det har me ikkje, konstaterer ho.
MEIR VALDELEGE METODAR: – Studentar er relativt gode på å gjennomføra ikkje-valdelege proteststrategiar. Middelklassen har oftare ein tendens til å bruka valdelege metodar, har Sirianne Dahlum oppdaga.Foto: Ola Gamst Sæther
Sirianne Dahlum har også forska på folkelege protestar. Og ho har sett på kva som kan føra dei i ei valdeleg retning.
– Om studentar deltar i protestar er det svært sannsynleg at dei blir fredelege, seier ho.
Studentar er relativt gode på å gjennomføra ikkje-valdelege proteststrategiar. Middelklassen har oftare ein tendens til å bruka valdelege metodar, har ho funne ut.
Reiser til Italia på ferie
Både Sirianne Dahlum og sambuaren Tore Wiig arbeider hardt for å kunna kopla av mellom alle forskingsprosjekta. Og begge er glade i å ha ferie.
– Då reiser me ofte til gamle italienske byar og landsbyar. Og det hender me kan kombinera ei jobbreise med ein ferie. Om eg skal få ting gjort, er eg avhengig av å lada batteria.
Den 2. september skal ho på årsfesten i Universitetets aula og ta imot UiOs pris for yngre forskarar og 250 000 kroner. Men ho veit enno ikkje kva ho skal bruka prispengane til.
– Eg skal definitivt ikkje kjøpa meg bil, for eg har ikkje lappen ein gong. Eg brukar mykje tid på å finna ut kva folk meiner om demokrati og diktatur. Så eg kan bruka pengane på å samla inn meir data, seier ho.