– India er hårsårt akkurat som Kina, for dei vil heller ikkje ha kritikk

– For Noreg er det svært viktig at statsminister Narendra Modi kjem hit for at den store handelsavtalen med India skal koma opp og gå. Det seier India-eksperten Arild Engelsen Ruud som samtidig kritiserer landet for uviljen til å gi rom for forsking på forholda i landet.

HANDTRYKK: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tok i går imot Indias statsminister Narendra Modi før han skulle inn på ein næringslivs-og forskingskonferanse i Oslo rådhus. Bak står Oslo-ordførar Anne Lindboe (H).
Publisert

Denne veka er Indias statsminister Narendra Modi på besøk i Noreg. Verten hans er statsminister Jonas Gahr Støre, og den første dagen var han i audiens hos kong Harald på Slottet og deltok på ein norsk-indisk næringslivs- og forskingskonferanse i Oslo rådhus. Der deltok også styreleiaren for Universitets- og høgskulerådet, NTNU-rektor Tor Grande.

Det skriv Uniforum.

– Over 300 millionar indarar vil prøva laks frå Noreg

Ein av dei som ikkje var invitert er India-eksperten Arild Engelsen Ruud som er professor ved Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtaustenstudiar (IKOS).

Fakta

India:

Hovudstad: New Delhi

Verdas mest folkerike land med over 1,4 milliardar innbyggjarar (2024)

Statsminister: Narendra Modi frå Det hindunasjonalistiske partiet BJP

President: Droupadi Murmu

Landareal: 2 973 190 kvadratkilometer

Aktuelt: Indias statsminister Narendra Modi er på besøk i Noreg og Noreg og India har nyleg inngått ein frihandelsavtale som fjernar 90 prosent av all toll på eksport og import av varer mellom dei to landa. 

(Kjelder: Store norske leksikon og regjeringa)

– Når det er snakk om forskingssamarbeid med India, handlar det stort sett om realfag og medisin, seier han. Då kjem me humanistar og samfunnsvitararar i andre rekkje, legg han til. 

IKKJE INVITERT: – Fagfeltet mitt er historie og religion, og me blir litt uglesette av indiske styresmakter, konstaterer professor Arild Engelsen Ruud ved Institutt for kultur, religion og Asia- og Midtaustenstudiar.

Men han set stor pris på den handelsavtalen som Noreg og India inngjekk i fjor.

– Det er ein kjempeavtale for begge landa. For den inneber at 90 prosent av varene inn og ut av dei to landa vil vera tollfrie. For oss er det viktig å kunna kunna selja mekaniske varer og eksportera teknologi og know-how, og ikkje minst laks til India, seier Arild Engelsen Ruud til Uniforum. 

Han peikar på at i dag vil mange i middelklassen i India prøva laks, men at den er så dyr at den kostar det kvite ut av auga for dei aller fleste innbyggjarane i India. 

– Den indiske middelklassen er på kanskje mellom 300 og 400 millionar menneske. Mange blant dei vil prøva laks. Samtidig er det mellom 60 og 70 millionar innbyggjarar som tilhøyrer den globale middelklassen som vil ha råd til å eta laks endå oftare, fortel han.

– Me vil få masse tekstilar frå India

Arild Engelsen Ruud veit også kva produkt som no vil gå motsett veg.

– Me vil få masse tekstilar frå India. I dag kjem det masse frå Bangladesh og Kina. For India vil eksporten til Noreg og dei andre EFTA-landa bli svært viktig, medan det vil gå hardt utover Bangladesh der kleda som både du og eg går med, er produserte, slår han fast.

Så trekkjer han ei samanlikning mellom Modis besøk i Norden og Europa og USAs president Donald Trumps besøk i Kina.

– Det handlar om globale nyorienteringar. For India er Europa ein svært viktig marknad. Og i dagens politiske forhold i verda, er det svært interessant, synest han.

Når det gjeld forskings- og universitetssektoren, så ser ikkje Arild Engelsen Ruud den same opne haldninga hos statsminister Narendra Modi og regjeringa hans.

– Eg er ikkje invitert til nokon del av besøket. Dei aller fleste som deltar kjem frå realfag og medisin. Fagfeltet mitt er historie og religion, og me blir litt uglesette av indiske styresmakter, konstaterer han.

– Ynskjer ikkje kritikk av kastesystemet eller kvinnepolitikken

Engelsen Ruud ser klare likskapar mellom India og Kina på det området.

– India er hårsårt akkurat som Kina, for dei vil heller ikkje ha kritikk. Derfor er det svært vanskeleg å få løyve til å driva forsking i India. Og det er sjølvsagt vanskeleg for oss forskarar å driva studiar der me kjem med kritikk av India. Regjeringa ynskjer ingen kritikk av kastesystemet eller kvinnepolitikken i India. Samtidig utgjer landet ein sjettedel av menneskeslekta. Me forskarar kan kritisera både Brasil og Japan utan at det får fylgjer for oss, men det går ikkje med India, seier han til Uniforum.

Og på verdas pressefridomsindeks frå Reporterar utan grenser ligg India heilt nede på 157. plass. Det er dårlegare enn i nabolanda Pakistan og Bangladesh, og berre litt over situasjonen på Cuba. I ein artikkel i Scandinavian University Press, viser Arild Engelsen Ruuds professorkollega Kathinka Frøystad at det heller ikkje står særleg bra til med den akademiske fridomen i India etter 12 år med Narendra Modi som statsminister. 

– Bør vera mindre hårsåre

Arild Engelsen Ruud har derfor ein appell til Indias statsminister Narendra Modi.

– India bør vera mindre hårsåre og lata samfunnsforskarar og humanistar få koma dit for å forska på ulike delar av det indiske samfunnet. I dag er det berre dei som forskar på kor fantastisk hinduismen er, som får lov til å driva forsking i landet.

Arild Engelsen Ruud er også opptatt av situasjonen for indiske forskarar i India.

– Også dei opplever problem frå folk og grupper som er knytte til det hindunasjonalistiske prosjektet. Både byråkratar, politifolk og skulefolk som er overtydde hindunasjonalistar og meiner at Modi gjer ein fantastisk jobb, skaper problem for dei som ikkje sympatiserer med han. Nokre får dermed ikkje forskingspengar eller løyve som andre får, fortel han.

MØTELEIAR: Den 11. september 2023 var Indias oppposisjonsleiar Rahul Gandhi på Universitetet i Oslo. Då var professor Arild Engelsen Ruud ordstyrar på eit møte i Helga Engs hus på Blindern.

Trass i problema i India, ser Engelsen Ruud besøket til Narendra Modi i Noreg som utelukkande positivt.

– Dette viser kor stor vekt India legg på sambandet med Noreg og Europa. Eg ser fram til meir samband med India også når det gjeld samarbeidet med universitet og andre forskingsinstitusjonar, seier han til Uniforum.

I formiddag stilte norsk presse spørsmål om korleis det stod til med pressefridomen og menneskerettane i India. Då svarte Sibi George, som er statsekretær i Det indiske utanriksdepartementet fylgjande:

– Me er ein sjettedel av verdas folk, men ikkje ein sjettedel av verdas problem. Me har ei grunnlov som garanterer dei grunnleggjande rettane til folket, svarte han, ifølgje den indiske TV-stasjonen NDTV World.