Fire av ti forskarar seier dei har gjort noko diskutabelt

40 prosent av forskarane som deltok i ei stor undersøking om forskingsetikk, seier at dei har gjort noko som kan definerast i kategorien diskutabel praksis. Men kor går grensene?

Er all forsking alltid gjennomført på ein heilt etisk måte? Og kor går grensene for kva som er greitt og ikkje? Illustrasjonsfoto.
Publisert Sist oppdatert

– Dette skjer. Det har eg sett på nært hald, seier professor Matthias Kaiser til På Høyden.

Han snakkar om såkalla gåveforfattarskap.

Er det gale å føra ein forskar opp på forfattarlista sjølv om vedkomande strengt teke ikkje har bidrege til akkurat denne artikkelen? Å gjera dette har fått namnet «gåveforfattarskap». Det er ein av dei diskutable praksisane – på engelsk questionable research practices, QRP, som vert omtala i den nye rapporten om forskingsetikk.

Prosjektet heiter Rino - Research Integrity in Norway, er eit samarbeid mellom UiB, HVL og Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, og Kaiser er prosjektleiar. Han fortel:

– Eg var medforfattar på ein artikkel i utlandet. Førsteforfattaren var ein ung forskar. Ho hadde fått beskjed frå instituttleiar om at han skulle stå på forfattarlista – sjølv om bidraget hans var å stilla på eitt møte. Me andre sa at dette ikkje var greitt, og heller ikkje i tråd med lovverket, men kom fram til at me berre måtte gi oss sidan instituttleiaren stod på sitt. Elles kunne det vorte ei konflikt som hadde gått utover den unge forskaren sin karriere.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Diskutabelt

I første del av rapporten, som vart gjort kjent i fjor sommar, kom det fram at ein svært liten del av dei vel 7 200 forskarane som svara på spørsmåla har forfalska, fabrikkert eller plagiert. Dette er kalla FFP, og er det som er omtala i Lov om organisering av forskningsetisk arbeid.

Spørsmålet er kva ein gjer med dei andre tilfella. Dei som ikkje er omfatta av lova, men som vert rekna som diskutabel praksis. Forskarane bak rapporten har sett nærare på åtte variablar: Gåveforfattarskap, å nekta eller utelata forfattarskap, unnlata å informera om avgrensingar eller usikkerheit i datagrunnlag, analyse og /eller konklusjon, å endra design, metode eller press frå interessentar eller finansieringskjelder, å ikkje varsla om brot på forskingsetiske retningslinjer, å kopiera andre sine kjelder, å inkludera irrelevante referansar for å auka siteringa for ein kollega eller forskingsmiljø, og å bruka omstridde data.

Resultata viser at førti prosent om dei som har svara, har gjort noko som er forskingsetisk diskutabelt dei siste tre åra. Fleirtalet av desse igjen rapporterer at dei har gjort noko slikt ein eller to gongar.

– Den første rapporten seier noko om kor alvorleg ein ser på dei ulike formene for diskutabel praksis, seier Johs. Hjelbrekke, professor i sosiologi ved UiB og førsteforfattar av begge rapportane.

Her finn ein at gåveforfattarskap og salamisering, altså å dela opp forskingsresultata i mindre bitar for å få publisert fleire artiklar, er det som vert sett mildast på.

Unge overrepresentert

Når det gjeld gåveforfattarskap, finn ein at unge forskarar er overrepresenterte i gruppa av “gåvmilde” som har gitt dette til andre. Dei unge er òg overrepresentert i den gruppa som har fått namnet «dei diskutable».

– I denne gruppa finn me at sannsynet for å svara nei, til dømes på spørsmålet om ein har gitt nokon eit gåveforfattarskap, er mindre enn for dei andre gruppene. Det er altså meir sannsynleg at dei som er i denne gruppa til dømes har teke med ei irrelevant tilvising til ei kjelde eller har strategisk sitert ein kollega, forklarar Hjellbrekke.

Gruppa utgjer berre fem prosent av forskarane som har svara på undersøkinga, men det er desse som er ei risikogruppe, seier sosiologen. Han gjentek det han sa då resultata frå den første rapporten vart offentleggjort:

– Å tru at det ikkje finst forskingsjuks i Noreg, er naivt.

Men når det gjeld gåveforfattarskap, peikar Hjellbrekke på at det er ulike fagtradisjonar ute og går, og ulike tradisjonar frå land til land. For tida er han leiar for det norske universitetssenteret i Paris.

– I Frankrike er det ikkje uvanleg at seniorforskarane er med på forfattarlista, og i Tyskland er det heilt vanleg at rettleiar er med. I nokre fag, kanskje særleg innan dei tunge laboratoriefaga, vert lab-leiar ofte teken med. Ein kan seia at det ikkje hadde vorte nokon artikkel utan at ein fekk bruka laboratoriet. I kva grad dette er problematisk eller ikkje er det delte oppfattingar om, seier Hjellbrekke.

– Unge forskarar kan ofte koma i eit krysspress. Dei skal etablera familie – og samstundes ein forskarkarriere. Dei er meir utsett for press enn eldre forskarar, og dei kan lettare koma opp i situasjonar der dei seier ja til å føra opp fleire forfattarar, trur Kaiser.

For høgt

– Me hadde forventa at så mange som førti prosent seier at dei har gjort noko diskutabelt, talet kjenner ein att frå utanlandske studier, seier Kaiser.

Han seier at talet kan vera så høgt mellom anna fordi ein har teke med salamisering – som fleire ser på som uproblematisk.

– Ja, talet er for høgt. Men er det overraskande? Nja.

Kaiser leiar Senter for vitskapsteori og har i fleire år site i redelighetsutvalet ved UiB. Han seier at saker knytt til diskutabel praksis åleine ikkje er nok til å seia at nokon har brote forskingsetikklova.

– Men dersom ein finn døme på diskutabel praksis skal ein som utval koma med ein uttale der ein peikar på at etikken ikkje har vore god nok, seier Kaiser.

Kursing og rutinar

– Kva kan ein gjera for å få færre tilfelle av diskutabel praksis i norsk forsking?

– Det er ikkje lett å peika på enkle løysingar på eit samansett problem, seier Hjellbrekke.

– Men eg trur kursing, som ein betre integrert del av utdanninga heilt frå starten, er nyttig, og i tillegg betre rutinar for korleis ein kan rapportera diskutabel praksis.

Dei to rapportane som no er komne, byggjer på den kvantitative delen av undersøkinga. No er det òg gjort ei kvalitativ undersøking, men rapporten er ikkje klar.

– Den kvantitative undersøkinga seier litt lite om kva me skal gjera for å minska delen av både FFP og diskutabel praksis, og òg litt lite om kva som ligg bak det heile. Dette er blant temaa i den kvalitative undersøkinga, seier Kaiser.