– Det skumlaste du kan gjera i Noreg er å kritisera Israel
– Eg har fått masse drapstrugsmål. Men artiklane mine om Terje Rød-Larsen og Mona Juul har vore viktige for dagens diskusjon. Det sa historieprofessor Hilde Henriksen Waage då Midtausten-ekspertar frå UiO svara på spørsmål frå publikum.
FORSLAG: – Det hadde vore fint om nokre kunne ha lese ei historiebok om Midtausten for Det kvite huset, sa historieprofessor og Midtaustenekspert Hilde Henriksen Waage.Foto: Martin Toft
Martin ToftMartinToftMartin ToftUniforum
Publisert
135 personar kom for å høyra fem Midtausten-ekspertar frå Det humanistiske fakultetet på UiO svara på innsende spørsmål og på spørsmål frå folk i møtesalen i Domus Bibliotheca tysdag kveld. Arrangementet var ein del av temaet Makt under Humaniorafestivalen til Det humanistiske fakultetet.
Dei som stilte opp var Brynjar Lia, Hilde Henriksen Waage, Dag Tuastad, Jacob Høigilt og Toufoul Abou-Hodeib. Ordstyrar var frilansjournalist og forfattar Rima Iraki.
– Uroa i Midtausten starta etter Den første verdskrigen
Eitt av spørsmåla Rima Iraki hadde fått inn handla om kva skuld Vesten har for det urolege biletet i Midtausten.
Historieprofessor Hilde Henriksen Waage var første ute med å svara på det.
– Det hadde vore fint om nokre kunne ha lese ei historiebok om Midtausten for Det kvite huset. Uroa i Midtausten starta etter Den første verdskrigen. Frå 1322 til 1922 var det fred under Det osmanske riket, peika ho på. Det blei det slutt på då to europeiske stormakter dukka opp.
– Så kjem Storbritannia og Frankrike med Balfour-erklæringa og lagar dei falske statane me kjenner i dag. No skal de vera her, og så set dei inn sine lojale herskarar. Akkurat som med Israels politikk, så har europerane mykje ansvar for det som har skjedd. Det har vore eit dårleg utgangspunkt, slo ho fast.
– Mange autoritære leiarar har skulda
Forskarfellen hennar professor i Midtaustenstudiar Jacob Høigilt var ikkje ueinig med Waage.
– Men det finst også andre konfliktar. Det pågår ein frykteleg borgarkrig i Sudan no. Tidlegare var det borgarkrig i Algerie. Også i Jemen og i Syria har det vore liknande konfliktar. Mange millionar menneske har døydd. Mange autoritære leiarar har skulda for dette, meinte han.
Dosent i Midtaustenstudiar Dag Henrik Tuastad peika på den arabiske våren.
– I 2011 reiste det arabiske folket seg. Det er ikkje berre utviklinga etter den første verdskrigen som har ansvaret for dei autoritære leiarane. Men også viljen dei militære i desse landa har til å drepa eigne innbyggjarar, det gjeld også i Iran, understreka han.
PANELET: F.v. ordstyrar Rima Iraki med Midtaustenekspertane Dag Henrik Tuastad, Brynjar Lia, Jacob Høigilt, Toufoul Abou-Hodeib og Hilde Henriksen Waage.Foto: Martin Toft
Og det var nettopp USA og Israels krig mot Iran som blei eit hovudtema på møtet.
Kva var USAs hovudintensjon? Det var hovudspørsmålet ordstyrar Rima Iraki stilte på vegner av dei som ville ha fleire svar på konflikten i Midtausten.
Også her kasta Hilde Henriksen Waage seg først utpå.
– Det me veit er at Trump er uberekneleg spelar. Israels statsminister Benjamin Netanyahu har 50 liv. Me trur at Israel har klart å overtyda Trump om at å gå til krig mot Iran no er eit godt tidspunkt. Alle tidlegare presidentar har sagt nei til det. Den siste var Barack Obama. Me trur at Israel har klart å overtala Trump til ein krig som kan få uoverstigelege konsekvensar, sa ho.
Nokre lurte på om det var interessa for Midtaustens olje som var hovudgrunnen.
– Eg har vanskeleg for å tru at det handlar om olje når me ser på konsekvensane, svara Jacob Høigilt.
– Det går utover dei sjølve
Rima Iraki viste til at Iran har gjort meir motstand enn venta.
– Er det nok misnøye hos folket til at styret blir styrta?
Tuastad kom med litt om bakgrunnen for det som hadde skjedd.
– Før jul kollapsa økonomien, og dei som eig basarane gjekk til streik og stengde dei. Så starta det massedemonstrasjonar mot eit regime som var villig til å massemassakrera folk. Også folk i slumområda reiste seg. Det kan me tolka som at regimet sine dagar er talte, var vurderinga hans.
Men så viste han til at situasjonen no har endra seg.
– Dei som var i opposisjon, har kome på andre tankar fordi det er andre land som rammar deira energiforsyning og annan infrastruktur. Det går utover dei sjølve, peika han på.
– Autoritære regime virkar veldig sterke før dei kollapsar
– Regimet er desperat når det seier at dei vil skyta på alle som går ute på gatene. Autoritære regime virkar veldig sterke før dei kollapsar. Me må vera audmjuke når det gjeld å dømma kor svekka dei er, kommenterte Brynjar Lia.
Ordstyrar Rima Iraki poengterte at Iran har 90 millionar innbyggjarar. Samtidig er iranarar i Noreg splitta. Kva vil dei eigentleg? lurte ho på.
Den palestinsk-libanesiske historieprofessoren Toufoul Abou-Hodeib ville gjerne svara på det spørsmålet.
– Mange av dei håpar det gamle regimet i Iran aldri vender tilbake, medan andre støttar det.
Ein student i salen meinte at situasjonen til kurdarane i Midtausten var underkommunisert. Brynjar Lia trekte fram kva som nyleg hadde skjedd i Syria.
– Det har vore kampar mellom kurdiske styrkar og syriske regjeringsstyrkar. Det oppstod kampar etter nyttår, og då tapte dei kurdiske styrkane. No har dei kome fram til ein fredsavtale som er i ferd med å bli gjennomført. 5000 kurdiske soldatar skal bli med i regjeringsstyrkane. No vurderer dei om kvinnelege soldatar kan bli med der eller berre i sikkerheitsstyrkane. Nyleg reiv ein kurdisk soldat ned eit syrisk flagg, og då blei det ein spent situasjon. No har det roa seg ned og prosessen går vidare, fortalde han.
– Vil gå i oppløysing
Midtausten-ekspertane måtte også svara på kva det vil seia for resten av regionen om presteregimet i Iran forsvinn.
– Det vil få umiddelbare konsekvensar for Hizbollah, for den gruppa blei grunnlagt med iransk støtte, svara Høigilt.
– Alle medlemar av denne motstandsaksen vil gå i oppløysing. Også andre grupper som liknar Hamas og Hizbollah. I Algerie og Marokko vil det ikkje ha den same smitteeffekten på islamske rørsler, understreka han.
Hilde Henriksen Waage kom også inn på situasjonen til folk i Israels naboland Libanon.
– Dei fekk heile tida føla på kroppen når Israel gjekk til åtak på Libanon. Israel vil ha kontroll over Sør-Libanon og ha vekk Hizbollah. Iran var deira næraste allierte. Frå før ligg Hamas og Hizbollah nede og Syria ligg nede. Dei er veldig svekka over heile linja, konstaterte ho.
– Kvifor kritiserer ikkje den norske regjeringa innblandinga til Israel og tvangsflyttinga av folk i Libanon? spurte Rima Iraki.
Palestinsk-libanesiske Toufoul Abou-Hodeib svara på det spørsmålet.
– Det finst mange likskapar, men også Hizbollah må respektera suvereniteten til Libanon. Libanon vil også ha Hizbollah vekk. I Libanon er det eit meir geopolitisk bilete, peika ho på.
– Me har formidlingsplikt
Fleire lurte på kva forskarane kunne bidra med i konflikten i Midtausten.
Waage var ikkje i tvil om at akademikarar har ei viktig rolle å spela.
– Ikkje politisk, men gjennom artiklar. Kanskje obskure artiklar. Også i vitskaplege tidsskrift. Også forskinga vår er viktig i debatten rundt Midtausten. Det skumlaste du kan gjera i Noreg, er å kritisera Israel. Eg har fått masse drapstrugsmål. Men artiklane mine om Terje Rød-Larsen og Mona Juul har vore viktige for dagens diskusjon.
FORMIDLING: Midtaustenekspertane Jacob Høigilt, Toufoul Abou-Hodeib og Hilde Henriksen Waage peika på kjerneoppgåva til forskarane.Foto: Martin Toft
– Er det å vera med i Historikarar for Palestina politisk? lurte Iraki på.
Tuastad viste til seg sjølv som eit døme.
– For meg gjeld det nokre prinsipp for humaniora og samfunnsfag. Me har formidlingsplikt. Eit grunnleggjande prinsipp er å seia sanninga slik den er. Og så må me seia sanninga, sjølv om ikkje alle likar det. I byrjinga etter 7. oktober 2023, blei det litt sjølvsensur på meg. Men etter kvart blei det slik at eg ville fortelja sanninga slik eg ser den, fortalde han.
– Å jobba med Midtausten vekkjer kjensler
Waage viste til kor stor effekt Midtausten har på folk.
– Å jobba med Midtausten vekkjer kjensler, og kjenslene er mykje sterkare enn kunnskapen om Midtausten. Etter 7. oktober 2023 viser det seg at alt eg hadde sagt om Israel, stemmer.
Toufoul Abou-Hodeib peika også på oppgåvene til forskarane.
– Me har plikt til å stå på det som er rett etter internasjonal lov og folkeretten og bruka vår kunnskap for å formidla det me kan. Me kan leggja fram kunnskap som også kan ha politisk påverknad, sa ho.
Jacob Høigil var einig i kor viktig det er å formidla.
– Oppgåva vår er å formidla dei obskure artiklane våre og dela av kunnskapane våre. Kva forskarane gjer i fritida er noko anna. UiO er imot akademisk boikott, senteret der eg arbeider er for. Men der er også forskarane ueinige.
– Dagens regjering er for busetjarane
Det siste spørsmålet handla om Israels forhold til menneskerettane og i kva grad regjeringa har støtte blant folk flest. Tuastad kom inn på situasjonen i Israel.
– Når det gjeld Israel, så trumfar tryggleik og trugsmål om tilinkjegjering alt. Dagens regjering er for busetjarane. Mange er ueinige med regjeringa om busetjingspolitikken. Men når det gjeld åtak mot palestinarar er dei einige med regjeringa. 47 prosent i Israel meinte det ville vera ok å ta livet av mange palestinarar for å redda livet til nokre få jødar i til dømes Jeriko, viste han til.
Lia understreka at han var ingen folkeretts- eller folkemordsekspert.
– Akademisk sett handlar det om det eigentleg er eit folkemord. Det som blir diskutert i media er ikkje det same som blir diskutert i akademia Er det eit folkemord å bortføra mange tusen ukrainske barn til Russland? I Tyrkia er det forbode å kalla drapa på armenerar for folkemord. I Frankrike er det forbode å hevda at det ikkje var eit folkemord.
– Israel har fått ha eigne spelereglar
Waage meinte at Europa og USA har late Israel få ha eigne reglar.
– Eg er imot massedrap på sivile palestinarar. Det har Israel gjort. Kvifor får Israel lov til å drepa 75 000 palestinarar? Me i Europa og USA har lata Israel få ha eigne spelereglar på grunn av dei grusomme massedrapa på jødane under Den andre verdskrigen. Uansett er det ikkje lov for land å rappa andre sine landområde, slik til dømes Tyrkia har gjort i Syria, eller om Noreg hadde tatt Jämtland og Herjedalen tilbake frå Sverige, og slik Israel har gjort overfor palestinarane, sa ho.