UiO misfornøyd med Cristin

Universitetet i Oslo rettar sterk kritikk mot måten forskingsdatabasen Cristin fungerer på.

Publisert Sist oppdatert

– No skal me skjerpa oss, seier Cristin-direktør Katrine Weisteen Bjerde til Uniforum.

Cristin er forskingsdatabasen som samlar alle vitskaplege artiklar og fagbøker frå forskarar frå 160 norske forskingsinstitusjonar og sjukehus. Alt som ein forskar har samla i Cristin kan forskaren bruka når han eller ho søkjer om pengar frå Forskingsrådet, EUs forskingsprogram eller søkjer seg ei ny stilling. For institusjonane er forskingsdatabasen svært viktig fordi vitskapleg publisering gir pengar tilbake gjennom teljekantsystemet.

No viser det seg at Cristin enno ikkje heilt har klart å oppfylla forventingane som mellom andre Universitetet i Oslo har hatt til systemet. Det går fram av eit brev som universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe sende til direktør Katrine Weisteen Bjerde i Cristin i august. Der går det fram at UiO er misnøgd med at forskingsdatasystemet enno ikkje er lasta inn på ei ny teknologisk plattform.

Etter UiOs oppfatning har heller ikkje intensjonen om å ha stor grad av brukarmedverknad i utvikling av systemet, blitt innfridde. Brukarane var med i arbeidsgruppene frå starten, men dei blei snart lagde ned.

Cristin-direktør Katrine Weisteen Bjerde er langt på veg einig i kritikken frå Universitetet i Oslo. – Me legg oss heilt flate og vedgår at det som det først og fremst har skorta på, er ekstern informasjon. No skal me skjerpa oss og sørgja for at det kjem oppdaterte nyhende på nettsida vår, når det skjer noko nytt, lovar ho.