Frafall:
-Har ansvar for å tilpasse oss
Kjell Malvig har rett i framstillinga av historia, men det er historie og minne og vi kjem nok ikkje attende dit. Vi har nå fått den skulen vi har og skal vi endre den må vi aktivt gå inn i politikken for å prøve å endre den der frå. Lukkast vi med det så vil ta 15-20 år før ein ser resultat slik vi nå ser ringane breie seg utover frå skulereformene på 1990-talet. Som utdanningsinstitusjon må vi ta omsyn til situasjonen slik den er og tilpasse oss slik den industrien vi utdannar våre sivilingeniørar til, stadig vekk må gjera for ikkje å mista sine kundar – sin marknad - og gjera oppgåve for samfunnet. Vi kan ikkje berre trampe i golvet og protestera og sei at dette vil vi ikkje vera med på, vi har eit ansvar.
Det er rett at det er ein annan vidaregåande skule enn tidlegare. Det var ein skule for dei få som den gongen var så heldige og budde slik til at dei kunne nyta gleda av at samfunnet kosta på dei fri vidaregåande skule. Det var langt frå alle som kunne gjera det. Og så hadde vi nokre kunnskapshungrige som tok seg fram utafor ”systemet” sjølv om tilhøva ikkje var tilrettelagt for dei. Arbeid og praksis var også ein solid læremeister. I dag er det ein skule for alle, ein skule som vi ikkje har tilpassa oss til for å ta imot elevar frå. Praksis er unntaket.
Ein ting som har endra seg radikalt frå historia slik Malvigbeskriv, det er reklamekampanjane for å overtale elevar til å søke studiane våre som blir presentert svært rosenraudt, ”Ri til Sofia Moria slott og søk lykka”. Reklamen må til skal vi nå fram til ungdommen, men det medføre også ansvar – eit stort ansvar. Det er unge menneske vi vender oss til utan den store livserfaring. Vi oppfattast som seriøs aktør og der er nok ikkje alle elevane som tek innover seg det vi måtte presentere av krav i studia. Det rosenraude står att. Dei hadde nok ein heilt anna gjennomtenkt og klar tanke dei som søkte tidlegare.
Så treffe dei etter kvart ein tøff kvardag og vi høyre at det var ein veldig overgang frå den vidaregåande skulen til universitetet og det brukast som forklaring/unnskyldning frå universitetet om stort fråfall og ein legg skulda på studentane. Denne brå overgangen er ikkje studentane si skuld, det er vår skuld. Det er vi som har lagt opp studia slik dei er, vi har ikkje tilpassa oss. Det må ikkje vera slik – det er mange muligheiter til å legge opp og gjennomføre studie på utan at sluttresultatet bli svekka. Vi må ta dette inn over oss. Situasjonen er eigentleg snudd i høve til tidlegare da ein skulle være svært takknemleg for å være opptatt ved NTNU/NTH, det er vi som er vi som må tilpassa oss samstundes som vi ikkje svekke den endelege fagkunnskapen dei skal sitja att med. Er ikkje opplegget godt nok så kan dei koma fram til same erkjenning som Kjetil Åmdal; ”NTNU er ikke alt, og det skjer mye interessant utenfor NTNU”.
Sivilingeniørstudiet er eit flott studie, men det er spesielt fastspikra og stivbeint og vi er vel etter kvart dei einaste i Europa som har eit slikt opplegg. I andre studie kan studentane til ei viss grad velje og lage eige opplegg. IME har eit studieopplegg som mykje byggje på den verden Malvig omtale, men den verden har vi ikkje i dag og vi kan ikkje hoppa av, omverden treng våre kandidatar. Å tilpassa seg utviklinga, har spesielt sivilingeniørutdanninga ved IME vore lite viljug til å retta seg etter.
Undervisningsopplegg er stort sett som før, lite nytt er tatt i bruk. Eg ser da bort frå reint fagleg innhald på faglege/tekniske område.
Særleg aktuelt er det, sidan situasjonen er langt verre - slik eg ser det, enn det prodekanus gir uttrykk for. Eg meine det gjev eit skeivt bilete å snakka om gjennomsnittet dei ti siste åra, vektoren for utviklinga i det siste stupe. Det er over heile fjøla, det snakkast om at det blir skifta studie og derfor fråfall på nokre – da måtte noen auke, men eg finn ingen som har auka ved IME. At det blir utdanna under 30 sivilingeniørar av knapt 80 som møtte opp for studie, vil eg sei er ekstremt.
Studentane kan for lite meine Malvig. Det er det lov å meine det, men det må ikkje oppfattast som at dei er dumme slik det blei hevda tidlegare av ein annan professor (eg veit at Malvig ikkje meine det). Noen kan ta dette alvorleg når det kjem frå myndigheitspersonar som studentane kan oppfatte oss som. Eg vil nemne at den gongen kom ein student til meg frå eit anna institutt og var heilt fortvila, han hadde møtt kraftig motbakke i studiet og meinte at han var for dum til studie ved IME. Ja, han brukte det ordet, til og med ”for dum”. Han tenkte å gi opp. Eg kvakk til av utsegna og protesterte og meinte at var han kvalifisert for opptak, så var han også kompetent for studie. Vi gjekk gjennom situasjonen og diskuterte opplegg. Kort fortalt så gjekk det svært godt med studenten og han fekk ein jobb han hadde veldig lyst på i eit anerkjent firma. Vi må gi studentane mot og ikkje motsett! For nokre veker sidan fekk eg denne helsinga frå ein annan student; ” Nå er jeg ferdig med studiet ………… Jeg vil takke deg en gang til for forståelsen du viste da det var hardt for meg”. Det var ikkje min student, men ein som søkte hjelp da det røynte på.