Kvar gjekk det galt?

Publisert Sist oppdatert




I år er det 15 år sida Stortinget behandla Innst. S. nr. 124 (199596) med vedtak: St.meld. nr. 24 for 1995¬96 ¬ Om organiseringa av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) ¬ vert lagd ved møteboka. Innstillinga var utarbeida av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, omtala som Komiteen. ”vert lagt ved møteboka” er slik Stortinget gjer vedtak etter behandling av ei stortingsmelding. I innstillinga går det fram at Komiteen sluttar seg til ” Regjeringa sine vurderingar og konklusjonar i meldinga.”



10- 15 år er gjerne tida det tar før ein ser effekten eller resultata av større endringar som ein trygt kan sei at opprettinga av NTNU var. For meg er det særleg interessant å sjå kva som har skjedd på mitt eige fagfelt, IT (IKT).



Stortingsmelding 24 bygger på Innst. O. nr 40 (1994-95) om oppretting av NTNU, og spesielt på Underdalsutvalet si innstilling av 18. oktober 1995. Av nr 40 er de blant anna referert til at ”Flertallet mener at NTNU har en spesiell forpliktelse til å fremme samspill mellom teknologi og naturvitenskap og humanoria, samfunnsvitenskap og medisin”. I stortingsmeldinga følgjer departementet opp med at ”universitetet skal aktivt fremme faglig samarbeid og kryssbefruktning på tvers av disipliner og avdelingsgrenser. Det legges opp til tettere kopling mellom teknologi og naturvitenskap, og mellom disse fag og andre fagfelt, som humanoria, samfunnsfag og utøvende kunstfag”.



I Underdalsutvalet finn vi rik omtale av informasjonsteknologi og av informatikk - omtalt som kjernefag innan IT, som måtte få ”sin nødvendige forankring innenfor et generelt basisvitenskapelig fagmiljø i tillegg til å få en økt orientering mot databehandling som redskap for menneskers virke. En slik orientering vil kunne bli mer attraktiv for kvinnelige studenter”. ”NTNU bør gjøre IT til et sentralt anliggende for hele NTNU, og der igjennom profilere NTNU som et IT-universitet. Informasjonsteknologi vil på grunn av sinn tverrfaglige historie bære i seg et særlig potensiale til å kunne bli et vitenskapelig kraftsentrum og en kreativ møteplass for nesten alle universitetets disipliner.” Og det heite vidare at det kravdes ei markant styrking av sjølve informatikkfaget.



Underdalsutvalet tilrådde at ”Det bør opprettes et studieprogram for informatikk og informasjonsbehandling som i større grad vektlegger informatikk som verktøy for mennesker.” Utvalet tilrådde at dei delane av IDT (Institutt for datateknikk og telematikk)og som arbeida innan basis informatikk, blei skilt ut og lagt saman med IFI (Institutt for informatikk).



Kva skjedde?

IT blei ståande svær sentralt i diskusjonen om NTNU, det blei snakka om IT som nav - ”IT-navet”- i det nye universitetet som skulle formast og det blei tatt ei rekkje initiativ. Vår rektor og rektor ved UiO sendte blant anna felles brev til fem departement, ved statsrådane personleg - med kopi til leiarane av dei fem stortingskomiteane - om behov for å styrking av IT-utdanninga (i tillegg ville det også vera behov for auke innan fagområde om telematikk, delar av elektronikk og kybernetikk –står det i brevet). Det heite også i skrivet at ”En forutsetning for en livskraftig og innovativ IKT-næring er at landets utdanningskapasitet innen IT får et kraftig løft. Dette haster!” Og det står vidare ”Gitt tilførsel av nødvendige økonomiske midler er våre institusjoner beredt til i løpet av en tre til femårsperiode å fordoble utdanningskapasiteten innen informatikk og kommunikasjonsteknologi (siv.ing og cand.scient) basert bl.a. på et tett samarbeid med høyskolene. ….. Planen innebærer en økning i det årlige opptaket av 400 studenter til bortimot 800.”



Tidlegare i 1997 var det sendt brev til Norsk forskingsråd (NF) frå prorektor om ”Strakstiltak for å betre rekrutteringssituasjonen i IKT-fagene”. Søknaden om midlar er på i alt kr 9 950 000,-. Det blir i brevet peika på at ”Strakstiltaka er vurdert i forhold til at de – kan iverksettes og få virkning umiddelbart, bidra til økt utdanningskapsitet og at de ikke motvirker andre mål eller skaper uønskede bivirkninger.” Spesielt er det også nemnt at det er vanskeleg å rekruttere kvinner til IT-området og derfor trengs det ei styrking på det området.



Svaret frå NF var svært så positivt, i alt var det løyvt 7,7 millionar kroner for 1997/98 pluss 1,8 millionar til prosjektet Jenter og data. Det siste var noko meir enn det var søkt om. I alt fekk NTNU 9,4 millionar av dei 9,95 det var søkt om som ein vel må sei er ei bra utteling på ein søknad. Noko som vitnar om at dei som sto bak løyvinga hadde tru på tiltaket og at behovet for å styrke IKT-utdaninga var tilstades.



Av andre tiltak kan nemnast ”Idenotat om et Nasjonalt InformtikkProgram” (NIP) som blei sendt til sentrale myndigheiter. Ein av initativtakarane var instituttstyraren ved IDI. NIP er svært omfattande og omtalar område som; ”IT-perspektiver på teknologi, samfunn og økonomi”, ”Kandidatproduksjon”, ”Etterutdanning”, ”Kvinner og informatikkutdanning”, ”lærerkrefter”, ”UH-forsking informatikk i Noreg”, ”Datautstyr for informatikk” og ”Mulige tiltak i et Nasjonalt informatikkprogram”. Under det siste punktet heite det at ”Informatikkfaget har, som beskrevet ovenfor, ennå ikke fått den ressurstilgang som vil gjøre det til en fullt effektiv leverandør av de produkter samfunnet med rette forventer: god forsking, utdanning og formidling.” Notatet er datert september 1996.



NTNU

IDI (Institutt for datateknikk og informasjonsteknologi) blei oppretta med to seksjonar, ein på Lade og ein på Gløshaugen. Seksjonen på Lade med basis i frie studiar og med ønskje om brei bruk av IT innan fagområde som ikkje berre hadde sin basis i matematikk-naturvitskap. Seksjonen på Gløshaugen knytt til studiar solid forankra i matematikk-naturvitskap og med faste studieopplegg. Aase-utvalet (1982/83) hadde tidlegare funne det nødvendig å skilje desse oppgåvene i to organisatoriske einingar.



Ved seksjonen på Lade la vi vekt på å fremme samspill mellom IT og naturvitskap og humaniora og samfunnsvitskap ved å tilby IT-kurs på alle nivå i informatikkutdanninga i tråd med intensjonane i St.meld. 24. Det blei også laga spesielle kurs i etterutdanning av lærarar både nasjonalt og internasjonalt. Studenttilgongen auka kraftig gjennom åra 1996 til 2000, frå knapt 1000 eksamensoppmelde til nærmare 5000 i 1999. Med 60 % reine IT-fag og 40 % andre fag, utgjorde det ein auke frå 275 fulltidsekvivalentar i 1996 til knapt 1400. I mange fag var det 40 % - 50 % kvinnelege studentar. Dei aller fleste studentane kom frå Dragvoll og derfor blei det også bygt PC-lab der, sentrale førelesingar blei lagt til Dragvoll og seksjonen hadde eige kontor der. Talet på hovudfagskandidatar var 26 i 2000. I år 2000 blei seksjonane lagt ned og vi fekk eit felles miljø i IT-bygget på Gløshaugen.



For siv.ing utdanninga blei det ei kraftig vekst til ein topp på 167 i 2005 og 158 i 2006 mot 113 i 2000.



Kva er status i dag?

Studentar frå Dragvoll er i praksis bort vekk, siste oppteljing 7 stykk. Kanskje ikkje så overraskande, Aase-utvalet (1982/83) hadde jo som nemnt tidlegare funne det nødvendig å skilje desse oppgåvene og då ein ikkje vil læra av historia, men tvert om, så går det gjerne slik. Av masterstudentar på dei frie studiar finn ein i 2011 17 stykk derav 3 kvinner, i 2010 14 stykk, ingen kvinner.



Siv.ing uteksaminerte var i 2009 77 stykk, i 2010 71 stykk og 60 stykk i 2011. Opptaksgrunnlaget for 2011 var større enn for 2009 og 2010. Talet på kvinner ligg på 5-7 stykk.



Kvar gjekk det galt?

Spørsmålet ein må stilla seg er: kvar gjekk det galt?

Behovet for og utfordringane innan IKT er ikkje på noko område eg kjenne til, mindre i dag enn tidlegare?

Har IT-navet kilt seg?