Kven tek ansvaret for IKT-utdanninga?

Den IKT-utdanning som vi ser i dag og etter kvart verkar som sjølvsagt, har slett ikkje kome av seg sjølv. Det har vore eit samspel mellom omfattande arbeid nasjonalt og lokalt. IKT-udanninga har som ein forstår ikkje kome dalande ned i fanget, det har vore ei lang reise, først for å skaffe aksept for IKT-utdanning som fagfelt, deretter å skaffa nok ressursar til å bygga den ut. Aksept for IKT-utdanning verka svær sjølvsagt for mange, men det er ikkje så lenge sidan eg fekk ”spørsmål” frå ein NTNU-professor om kva vi skulle med ”alle desse IT-studentane”, ”ja, - du treng nok atskillig tid til å forsvare det”.

NIR

Den viktigaste oppgåva for det nyoppretta Norsk Informatikkråd (NIR), oppretta laurdag 2. oktober 1976 på Bårdshaug 2. etasje raud bygning, var arbeid med å få til aksept for IKT-utdanning. Eg hadde den glede å delta i styremøta i fleire år framover, den siste tida som sekretær. Vi finn i kvart einaste styremøte frå 1976 og framover på 1980-talet og i dei ordinære rådsmøta, saker som ”behovsanalyse for informatikere”. For å skaffe tillit til fagområdet, såg styret det som særs viktig å få på bordet truverdige behovsanalysar. Det var ei oppgåve som ein såg for seg var alt for stor for rådet åleine og derfor blei det tatt kontakt med blant anna Den norske dataforening (DND) og forskingsråd og styret henta inn data frå andre land. Spesielt kom den Vest-Tyske behovsanalysen til å stå sentralt.

Allereie den 1. september 1977 skreiv styret brev til departementet (KUD) der det blant anna heite ”Undertegnede anmoder departementet om å ta initiativ til å iverksette en behovsanalyse for informatikere, med sikte på å kartlegge behovet for postgymnasial utdannelse og forsking i faget” . Trass i ei rekkje purringar kom det ikkje svar får KUD. Det enda med at styreformann, Olav B Brusdal, tok telefonisk kontakt. Resultatet blei møte i departementet den 29. juni 1979. Frå NIR var vi tre som møtte, av dei Brusdal som formann og eg som sekretær. Frå departementet var det 6 stykke leia av ekspedisjonssjef Enevald Skadsem, ein annan som eg vel å nemna er direktør Arve Kjeldsberg. Det var første gongen dei møtte ”datafolket” sa dei. Møtet blei veldig vellukka, blant anna fekk vi etter vår oppfatting gitt fleire innspel til Stortingsmeldingen om høgre teknisk utdanning i Norge, St. meld. nr. 89 (1979-80), som var under arbeid. Vi følte at det blei sett stor pris på den informasjonen vi gav og diskusjonen som følgde. Eigentleg eit historisk møte. Det er den første stortingsmelding der behov for utdanning innan IKT-faget blir omtala spesielt. IKT-utdanninga var blitt politisk stoverein. I møtet fekk vi også gitt invitasjon til departementet om å delta på rådsmøta til NIR, noe som dei gjorde i fleire år framover.

Det første rådsmøtet KUD deltok på var 1. -3. oktober 1979. Av innlegget til direktør Kjeldsberg nemne eg; ”Til UiO opplyste han at distriktsutbygging er viktigere enn utbygging av informatikk. Dersom de ønsket en forandring måtte de jobbe for en omprioritering ved universitetet”, (ikkje så ukjent nå heller ) ”KUD legger vekt på at det lettvint skal være mulig å ”flyte” fra en utdanning til neste.” (På rådsmøtet hollt elles professor Trygve Renskaug foredrag om sitt forskingsår ved Xerox i Palo Alto Research Center og viste film om programmeringsspråket SMALLTALK. ”The purpose of the SMALLTAK prosject is to support children of all ages in the world of information”. Dette har vel ikkje slått heilt til.)

Å ”flyte”

Eit viktig område NIR arbeid med var overgangar får høgskule til universitet/NTH, det som Kjeldberg kalla ” å flyte fra en utdanning til neste”. I blant anna brev av 22. mars 1977 frå NIR til Nasjonalt koordinerende utvalg for godkjenning av eksamener (NKU) ble det tatt opp ”godkjenning av EDB-studiar ved overgang frå distrikts-/ ingeniør – høgskoler til universitetene”. Ved universiteta gjekk dette greitt og enda greiar blei det etter at det under statsråd Einar Førde blei vedtatt å oppretta Teknologisk orienterte studie (TOS) ved universiteta som også kunne utdanna sivilingeniørar. (Kva han syntes om den stivbeinte ordninga ved NTH blei omtala i departementet. Einar Førde var kjent for å ha slåande uttrykk.)

NIR var kjent med at Professorrådet ved NTH hadde gått inn for oppretting av ei line for fullt datastudie ved NTH. NIR såg det derfor som naturleg å også få til overgangsordning frå ingeniørhøgskole til NTH. I brevet heiter det ”Styret mener at tilfredstillende overgangsordninger er et sentralt punkt i utdanningstrukturen våre myndigheter har vedtatt. I St. meld 17 er dette punktet behandlet og der heter det blant annet: ”Departementet anser det å være meget viktig at man nå hurtig kommer fram til løsning på disse spørsmål, og vil understreke at det må være et hovedprinsipp at utdanning fra andre institusjoner godskrives fullt ut så langt dette er forenlig med strukturen i det videre studium”.

Styret i Norsk Informatikkråd vil på ovenstående bakgrunn henstille om at NTH etablerer en tilfredstillende overgangsordning i forbindelse med utarbeidelse av studieplaner for Linjen for Databehandling.”

I styremøte den 9. september 1977 som sak 2, blei det vedtatt å sende brevet med pålegg til formannen om å følgje opp saka.

Men i motsetting til universiteta så kom det ikkje noe rask oppfølging frå NTH. Det skulle gå femogtjue år – eitt kvart hundreår– før saka blei følgt opp – da hadde vi fått NTNU. Svaret var alltid at dette gjekk ikkje fagleg. Som han sa ein av deltakarane som var med i gruppa da vi utforma overgangsordninga; ”Merkeleg at før lunsj blei det hevda frå NTNU at det var fagleg umuleg, nå etter lunsj er det så veldig muleg.” Det har vore opptak sidan 2003 og ordninga har fungert utmerka og er ein viktig del så ikkje fråfallsprosenten er enda høgre enn den er.

Det er oppegåande og svært dyktige folk ved ingeniørutdanningane, da det ikkje kom nokon ordning ved NTH blei det til at dei søkte samarbeid til institusjonar i andre land som raskt blei populære og noen deltok også aktivt i arbeid med oppretting av eigne universitet – noe dei har lykkast med. Framleis har ikkje IDI noen samarbeidsavtale om utdanning.

Datapolitisk råd.

Datapolitisk råd blei oppnemnt ved kongeleg resolusjon 20. desember 1984 som eit permanent rådegovande organ for Regjeringa for heile IT-feltet. I Datapolitisk råd så vi det også som sers viktig å arbeida for å styrke IT-utdanninga. ”Datapolitisk råd ser på utdanning og opplæring som nøkkelfaktorer for å få en ønskelig utvikling og bruk av informasjonsteknologi i det norske samfunnet…” heite det mellom anna i årsmeldinga, 1987. I rapporten ”Behovet for å satse på informasjonsteknologi i Norge” uttale vi blant anna; ”Ved å føre en utdanningspolitikk som bremser tilgangen på kunnskap, den viktigste produksjonsfaktoren i vårt postindustrialiserte samfunn, vil samfunnet tape store gevinster i form av høyere økonomisk aktivitet og en mer fremtidsrettet og konkurransedyktig industrisektor. I produksjon av varer og tjenester innenfor informasjonssektoren er kunnskapskapital av overordnet viktighet. ” Vi framheva at kunnskapskapitalen blir bygt opp ved universitet, høgskular og på forskingslaboratorium.

Kvinner i utdanninga.

Datapolitisk råd var bekymra for den låge kvinnedele i utdanninga og vi uttalte i årsmeldinga for 1987; ”Datapolitisk råd er bekymret over den lave kvinneandelen blant dem som søker til datafag, særlig innen høyere utdanning. Rådet foreslår at det vurderes tiltak som kan stimulere til økt kvinnerekruttering, spesielt for å få flere kvinner velge og fullføre høyere utdannelse. Rådet vil peke på at en større vekt på ikke-tekniske og samfunnsmessige elementer i studieopplegget synes å være en viktig faktor i rekruttering av jenter. Likeledes vil integrering av dataundervisning i andre fag føre til at flere kvinner får kunnskap om edb.” Vi kan sei at det var snakk om ei soft og ei hard IT-utdanning ved at det i den harde er det teknologien som står sentralt, i soft er det bruken.

Konkret foreslo Datapolitisk råd blant anna at det raskast muleg skulle utarbeidast ein overordna plan for utbygging av utdanningstilboda innan dei nærmaste åra, basert på behova ein såg. Det måtte tilførast fleire faste stillingar til datafaga ved universitet og høgskular og at det blei stimulert til sterkare omstilling og prioritering ved IT-relatert utdanning internt ved institusjonane. Det gjaldt ikkje minst IT-utdanning i andre fag.

Det var nettopp eit slik opplegg ein hadde ved Institutt for informatikk (IFI) ved AVH og der kvinnedelen kunne vera opp i 40%-50% i einskild fag. Det var snakk om 2-3000 kursstudentar pr år. Dei fleste kom frå dragvollmiljøa. Alt dette blei ”rasjonalisert” bort i det nye IDI til fordel for eit hardt studieopplegg. Noen prøve å skulda på at sentrale pålegg har vore førande, men det har ikkje noe for seg. I år utdanna vi to kvinner på Informatikk, i fjor ingen – 0 – null. På Datateknikk har vi utdanna 5 kvinner i år og 5 i fjor + kanskje noen svært få (2-3) innan master in information systems.

Eg vil nemna at også NIR arbeide med å auke kvinnedelen til datastudie, men den gangen var det snakk om kvotering og vanskeleg å få til. NIR kom ikkje fram til noko resultat. Å oppnå aksept for datastudie i seg sjølv var vanskeleg nok, vi lukkast ikkje med meir i mi tid på utdanningssida.

Nasjonal handlingsplan for informasjonsteknologi

Nasjonal handlingsplan blei oppretta frå 1. januar 1987. Utdanning for høgre it-utdanning sto alltid svært sentralt for styringsgruppa, så sentralt at noen kalla den for ein utdanningsplan. I alt var tilskotta til høgre IT-utdanning for åra 1987,1988 og 1989 på over kr 300 millionar.

Hausten 1987 blei det i gangsett utarbeiding av ein ny IT-strategiplan. Eg blei oppnemnt til å leia arbeidet og fekk oppretta eit eige sekretariat. IT-stategien dekka bruk av IT i heile samfunnet; Inforamtikk-nett og infrastruktur, distriktsutvikling, modernisering av offentleg forvaltning, utviklingsprogram for IT-industrien, utdanning, IT-spredning til tradisjonelle bransjar og teknologibevistheit og samfunn . Strategiplanen blei levert i ein full versjon og i ein kortversjonen på 18 sider. ”Det som framsto som styringsgruppens hovedverk, var arbeidet med å forfatte en Stratigplan for IT-planen” (Buland, doktoravhandling ”Den store planen”).

I planen sto IT-utdanning sentralt; det må skaffast tilstrekkeleg med IT-spesialistar, bringe IT-kompetanse inn i fag som vil ha nytte av det, utdanne fleire og betre markedsføringseksepertar og ekspertar i leiing for norske IT-verksemder. Etablere forskingsavdelingar/institutter på vitenskapleg nivå. I alt blei det foreslått eit tilskott på kr 278 mill. for 1989.

Kven tek ansvar

Eg har prøvt å få fram noe av det arbeidet ein har streva med gjennom tiår for å få tilstrekkeleg IKT-utdanning (det har hatt ulike namn gjennom tidene). Det blei bygd stein på stein. I tillegg har vi alt arbeidet som er blitt gjort ved institusjonane. Det er sårt å oppleva at mykje av dette kan vera i ferd med meir å mindre å smuldre opp, renne bort i sand. Kven tek på seg ansvar, og ansvar for at så ikkje skal skje ved vår institusjon? Det står nok andre klar til å overta eventuelt frigjorde ressursar.

Prodekanus sei at fakultetet har gjort veldig mykje, men vi ser at det berre går galne vegen. Og ein kan vel forstå det slik at dei har gjort kva gjerast kunne eller kan. Meir får vi ikkje til, vi. Det er ærleg det.

Prorektor derimot oppleve eg som ei einaste lang bortforklaring og bagatellisering. Det verkar greitt at studentane slusast vidare til andre studie enn IKT ved NTNU. Vi må berre venta oss det forstår eg prorektor rett. Veit vi at studentane slusast til andre studie ved NTNU? Eg har stilt spørsmål om kvar dei går, men ikkje fått svar. Det kan vera to grunnar til det. A) at prorektor ikkje ser seg bryet verd å svara ein nede på ”golvet”. B) at det ikkje er så klart kvar studentane blir av. Men ein sjef må ein venta er pinleg nøyaktig og bygge på fakta når ein uttale seg, så det har eg vanskeleg for å tru. Derfor ventar eg framleis på svar.

Felles er at ingen sjef tek ansvar sjølv om det er dei som har ansvaret. Ingen som står rakrygga fram og seie at dette tek vi ansvar for, vi skal setta i gang dei og dei tiltak… Berre forklaring/bortforklaring. Det er også merka seg at det er ”proane” som må fronta.

Hugs, kandidatane våre er veldig ettertrakta!