Stem på Kristin Melum Eide!

Det er viktig for heile Dragvoll-miljøet at vi får ein slagkraftig kandidat som har god kjennskap til NTNU, skriv Terje Lohndal i dette innlegget, kor han oppmodar folket til å stemme på Kristin Mehlum Eide.

Publisert




Det er val til styret i NTNU 16. og 17. April, og kandidatane har no presentert seg på Innsida. Eg har saman med Kathrine Skretting og Bjørn Myskja nominert professor Kristin Melum Eide frå Det humanistiske fakultet som styrekandidat. Her vil eg seie litt om kvifor eg meiner ho bør få di stemme.



Kristin er ein framifrå forskar på formell grammatikk på Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Ho er internasjonalt leiande innanfor forsking på tidsforhold i språk, og ho har publisert fleire bøker og artiklar i gode tidsskrift og bøker. I tillegg er ho velkjend som ein svært engasjert forelesar og rettleiar. Ho er svært opptatt av studentane sine og bruker mykje tid på dei. Kristin har også vore studieprogramleiar og har god kjennskap til studiesida ved NTNU.



Det er viktig for heile Dragvoll-miljøet at vi får ein slagkraftig kandidat som har god kjennskap til NTNU. Kristin tok doktorgraden sin delvis i eit miljø på Gløshaugen og har breie kunnskapar om NTNU som organisasjon. Ho er ikkje redd for å seie kva ho meiner, men alltid med stor respekt for meiningsmotstandarar. Høg integritet er noko som kjenneteiknar Kristin i alt ho gjer. Eg er også overtydd om at ho vil representere interessene til Dragvoll-miljøa (og resten av NTNU) på ein framifrå måte.



Heile NTNU vil vere tent med at Kristin sit i styret vårt. Ho vil kjempe for dei sakene som er viktige for dei tilsette, noko som nettopp vil vere jobben hennar. Bruk stemmeretten 16. og 17. april og stem på Kristin Melum Eide som representant for dei fast tilsette!



Terje Lohndal

Førsteamanuensis i engelsk lingvistikk, IFS