"Tvilsam talbruk"
Endeleg har rektoratet slått fast at utgangspunktet for dei vitskapelege tilsette ved NTNU er ei 50/50 fordeling mellom forskning og undervisning.
Det skulle berre mangle sidan rektoratet hardnakka påstår at fusjonen er driven av eit ynskje om høgare kvalitet i sektoren.
Dette har diverre vore uklart ganske lenge og rektoratet skapar på denne måten stor usikkerheit blant dei tilsette ved NTNU.
Likevel er prorektors bruk av publikasjonspoeng særs misvisande. Ho skriv at 15 prosent av dei tilsette står for 50 prosent av publikasjonspoenga og difor er langt meir produktive enn dei resterande 85 prosent.
Dette er ei meiningslaus samanlikning av produktiviteten til dei vitskapelege tilsette. Ein kan ikkje vente at ein professor som har ein PhD student skal publisere like mykje som ein kollega som har 3 PhD studentar og ein postdoc i si gruppe.
Første bod her er å normalisere produktiviteten utifrå dei ressursane dei tilsette har. Kvifor er dette viktig? Er ikkje ressurstilgangen eit mål på kvalitet? Vel, det er ikkje så enkelt. Viss ein fast tilsett ikkje er innafor eit tematisk område til Noregs Forskningsråd, kan ein berre søkje på FRIPRO.
Dette programmet har ein låg tilslagsrate sjøl etter at ein innførde fellesløftet. Det sit difor ein god del forskarar ved norske universitet som har stort potensial, men lite ressursar.
Likeeins, viss ein ikkje tilhøyrer eit av NTNU sine satsingsområde, er det nesten omogleg å få interne PhD eller postdocs. Ressursane er allokerte til andre område. Igjen er konsekvensen at det er vitskapleg tilsette med stort potensial som ikkje har ressursar.
NTNU har med strategien sin i praksis utdefinert ein del av sine tilsette.
Det får ein ta til etterretning, men det er heilt uakseptabelt at dette blir brukt mot forskarar som er relativt (men ikkje absolutt) produktive.
Leiinga ved NTNU bør i framtida analysere produktivitet litt grundigare enn berre å telle publikasjonspoeng.