Debatten om fakultetsstruktur:

Grunnskolelærarutdanninga i NTNU – satsing eller sekkepost?

Å gøyme oss bort i eit «restfakultet» som det blir svært vanskeleg å profilere, er korkje fagleg eller strategisk lurt.

- Vårt sterke ønske er å komme i ein posisjon som gir gode vilkår for å realisere våre og NTNUs felles ambisjonar om å bli landets beste lærarutdanning, skriver forfatterne av dette debattinnlegget.
Publisert Sist oppdatert

NTNU profilerer seg som eit profesjonsuniversitet, og rektor Bovim snakkar varmt for at vi skal skape sjølve referanseutdanninga for lærarar – landets største og beste lærarutdanning.

Men det ser ikkje ut til at han ønskjer å synleggjere denne posisjonen i fakultetsstrukturen – på linje med profesjonsutdanningane innan teknologi, helse, økonomi og ingeniørfag.

Opplevd mykje feilaktig omtale

Denne veka melde Universitetsavisa at rektor går inn for eit spissa økonomifakultet. Ei slik tilråding inneber truleg at lærarutdanninga skal inn i eit «restfakultet» med ei nokså vilkårleg samling av disiplinfag og profesjonsutdanningar – i UA omtalt som Fakultet for læring og samfunnsvitskap.

I diskusjonen om val av fakultetsstruktur har vi som arbeider med å utdanne framtidas grunnskolelærarar, opplevd mykje feilaktig omtale – ikkje minst her i avisa. Før vi fokuserer på spørsmålet om lærarutdanning og fakultetsstruktur, er det derfor heilt nødvendig å seie noko om kven vi er.

Lærarutdanning og lærarutdannarar

Frå redaksjonelt hald blir vi i UA tysdag 2. februar framstilte som fattige (firmenningar og) pedagogar i eit miljø som må tilførast fagleg styrke frå samfunnsvitskaplege disiplinfag. Vi håpar og trur at denne kunnskapsløysa ikkje er representativ for resten av universitetet. Lærarutdanninga vår er korkje fattig eller fagleg svak, og alle lærarutdannarar er ikkje pedagogar. Vi representerer mange fag, vi er like opptekne av faga våre som andre universitetstilsette, og vi utfører og engasjerer oss i både undervisning og forsking.

Bachelor, masternivå og PhD-kandidatar

Lat oss bruke oss sjølve som eksempel: Vi er professorar og førsteamanuensar i norsk ved Fakultet for lærar- og tolkeutdanning; to av oss har i tillegg professor 2-stillingar – ved Uppsala universitet og Universitetet i Stavanger. Vi underviser lærarstudentar på bachelor- og masternivå i disiplinfaglege emne og fagdidaktikk, og vi rettleier PhD-kandidatar ved NTNU og andre universitet. På forskingssida er vi dels prosjektleiarar, dels medarbeidarar i to store NFR-finansierte prosjekt. Begge prosjektgruppene er sterkt involverte i internasjonalt forskingssamarbeid, og begge omfattar grunnforsking og anvendt forsking, tverrfagleg utdanningsforsking og disiplinfagleg språk- og tekstforsking.

Som gruppe er vi ikkje eineståande. Lærarutdanninga vår har mange sterke fagmiljø og mange fagpersonar med spisskompetanse – også på disiplinfaglege område som NTNU manglar.

Satsing eller sekkepost

Vi vil gjerne bidra til å byggje landets beste lærarutdanning. Dei beste rammevilkåra for ei så ambisiøs satsing vil ikkje vere eit ”restfakultet”, men ein spissa fakultetsstruktur – gjerne i tråd med den Tim Torvatn nyleg har argumentert for i UA. Eit utdanningsvitskapleg fakultet vil sende signal om vilje og evne til å styrke NTNUs profesjonsprofil ved å løfte fram det regjeringa omtalar som det viktigaste samfunnsoppdraget: å gi barn og unge dei aller beste utdannings- og utviklingsvilkår.

Det vil synleggjere lærarutdanningane og utdanningsforskinga som satsingsområde og gi gode utgangspunkt for samarbeid med fagmiljø og fakultet over heile NTNU. Slik korta ser ut til å bli lagde no, står vi dessverre snarare i fare for å bli innlemma som ein nærast usynleg sekkepost i eit fakultet – som helst ikkje vil ha oss der. Ein slik start lovar ikkje godt.

Utdanningsvitskapleg fakultet er den optimale løysinga

Eit utdanningsvitskapleg fakultet er den optimale løysinga, sett frå vår ståstad. Men – det finst andre løysingar som vi også kan leve med. I høyringsfråsegna om ny fakultetsstruktur gjekk grunnskolelærarutdanninga inn for eit humanistisk og utdanningsvitskapleg fakultet som alternativ 2. Dei som kjenner den generelle delen av læreplanverket for grunnskulen, veit at den har ei sterk og klår forankring i humaniora.

Og dei som kjenner vårt Fakultet for lærar- og tolkeutdanning, veit at vi har fleire fag med tilknyting til humanistiske enn til samfunnsvitskaplege miljø: Vi forskar og underviser i språk og litteratur, lesing og skriving i alle skolefag, framandspråk, religion og livssyn, historie, musikk og andre estetiske fag, og vi har det sterkaste skriveforskingsmiljøet i Norden. Dersom vi skal inngå i eit stort fakultet der mange har mykje til felles, er det eksisterande HF-fakultetet derfor eit meir naturleg val enn SVT.

”Restfakultetet” det dårlegaste alternativet.

Det vi har omtalt som ”restfakultetet”, står for oss som det minst profilerte og dermed dårlegaste alternativet. Som ein del av NTNU vil vi svært gjerne samarbeide og dra nytte av kunnskap frå andre miljø. Vi er slett ikkje negative til dei samfunnsvitskaplege faga og det dei kan tilby, men det er ikkje nødvendigvis dei det først og fremst er naturleg å søke til når vi skal utvikle den femårige lærarutdanninga. Eit spissa UV-fakultet vil gjere det langt lettare å etablere gode samarbeidsrelasjonar med fleire fakultet.

Vi veit dessutan at grunnskolelærarutdanninga er ei ”vekstnæring” som må ekspandere stort i tida framover. I den samanhengen vil eit spissa UV-fakultet vere eit godt synleg alternativ for nye studentar som skal gjere viktige val i det norske utdanningslandskapet.

Vi er altså ikkje i tvil om at NTNU vil vere tent med å sikre seg eit utdanningsvitskapleg fakultet i porteføljen sin. Å gøyme oss bort i eit «restfakultet» som det blir svært vanskeleg å profilere, er korkje fagleg eller strategisk lurt. Vårt sterke ønske er å komme i ein posisjon som gir gode vilkår for å realisere våre og NTNUs felles ambisjonar om å bli landets beste lærarutdanning.