– Ungdom frå kriseråka land i Sør-Europa søkjer om opptak på høgare utdanning i Noreg. Og me bør ta imot dei, sa minister for høgare utdanning, Tora Aasland på Internasjonaliserings-konferansen i Universitetsaulaen torsdag.
Noreg bør vera verdsmeister i internasjonalisering, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen (arkivfoto).Ola Sæther/Uniforum
Det var finanskrisa i Europa statsråd Tora Aasland brukte som utgangspunkt for å snakka om internasjonalisering av høgare utdanning. Alle universiteta i Noreg og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) står i fellesskap bak Internasjonaliseringskonferansen i Oslo denne veka, og folk frå heile landet fylte opp Aulaen torsdag. Aasland brukte utviklinga i Sør-Europa som eit bilete på korleis finanskrisa har råka samfunnet.
– I Spania er det over 50 prosent ungdomsarbeidsløyse. For Europa er det ein tragedie at me ikkje kan setja folk i arbeid og utvikla Europa vidare. Me ser enno ikkje alle konsekvensane av dette her i landet. Men finanskrisa i Europa vil også få fylgjer for Noreg, trudde Tora Aasland. Statsråden viste til at mange norske arbeidsplassar også var blitt lagde ned i løpet av dei siste månadane.
– Høgare utdanning skal vera gratis
Overfor ein fullsett aula garanterte ho at all høgare utdanning i Noreg også i framtida skal vera gratis. – Me er svært stolte av at me kan tilby det saman med 200 mastergradutdanningar på engelsk. Til saman er det rundt 17 800 utanlandske studentar ved norske lærestader. Dei utgjer rundt 8 prosent av studentmassen, ein prosent høgare enn året før, understreka ho.
– Må rekruttera utanlandske studentar i Noreg
Russland, Sverige, Tyskland og Kina er dei fire landa det kjem flest studentar frå.
– Desse studentane er eit godt grunnlag for vidare rekruttering til andre studium og til forsking. Mange av dei vil i fellesskap med studentar frå Noreg vera med på å løysa utfordringar som klimakrisa, fattigdom, pandemiutbrot og ikkje minst finanskrisa, spådde ho.
– Treng folk med kunnskap om språk og kultur
Samtidig kom ho med ei utfordring til norske studentar om å ta lengre studieopphald ved utanlandske universitet.
– Noreg treng folk med endå meir kunnskap om språk og kulturforståing. Det er nøkkelen til å forstå betre viktige samarbeidsland som Tyskland, Frankrike, Brasil og Kina, meinte ho.
Etterlyste pengar frå næringslivet
Synspunkta fall i god jord hos leiaren for Norsk studentorganisasjon, Kim Kantardjiev. Og han konkluderte med at næringslivet burde støtta betre opp under studentutvekslinga.
– Næringslivet vil gjerne at studentar drar hit og dit for å skaffa seg kunnskap om land og språk. Då må dei også kunna yta pengar til studentar, slik at dei får dei dit dei vil. Ruhrgas-stipendet kan vera eit døme på korleis dei kan gjera det, tykte han.
– Studentar må føla eit globalt ansvar
UiO-rektor Ole Petter Ottersen gav regjeringa ros for å ha gjort mykje for å få fart i internasjonaliseringa av høgare utdanning.
– Det tyder ikkje at den ikkje kan gjera meir. Noreg bør vera verdsmeister i internasjonalisering, proklamerte Ottersen. UiO-rektoren la også stor vekt på at internasjonalisering ikkje berre er å samarbeida med verdas beste universitetet som Stanford og Harvard.
– Norske studentar skal møta eit internasjonalt universitetsmiljø og føla eit globalt ansvar. Å ha ein «Global State of Mind» bør bli ein del av danningsomgrepet, foreslo han.
– Må rekruttera internasjonale studentar til enkelte fagområde
Ottersen var også overtydd om at internasjonale studentar i Noreg i stor grad var ein uutnytta ressurs.
– Dei må få utvida opphaldsløyvet i Noreg slik at dei får høve til å søkja om jobb her etter at dei har avslutta studia. Internasjonale studentar må også rekrutterast til fagområde der me i dag har problem med å få tak i kandidatar frå Noreg. Midt i internasjonaliseringa må me ikkje gløyma vår eigen profil, vårt eige språk og nasjonale eigenart. Me bør difor gjera Edvard Munchs ord til våre eigne: Universelt menneske og unikt norsk.