Vår sterkaste samfunnsmakt

Vitskapen er den største samfunnsformande makt i vår tidsalder, skriv professor emeritus Kristian Fossheim.

Publisert Sist oppdatert

I desse dagar synleggjer Stockholm for heile verda, ved utdelinga av Nobelprisane den 10. desember, den største samfunnsformande makt i vår tidsalder: Vitskapen. Vitskapens landevinningar som totalt har endra samfunnsformer og levesett, frå 1600-talets fysikarar Galileo og Newton, via det 20. hundreårets Einstein og Bohr, til oppdagarane av transistoren, til strukturen i arvestoffet av Crick og Watson, og fram til vår tids hjerneforskarar som May-Britt og Edvard Moser.

Drivkrafta deira var ikkje pengar eller posisjon, men, som omtala i A-magasinet, det å forstå! Med andre ord rein kunnskapssøking. Kunnskapane slike som dei skaffar oss, vil ligge der med eit potensial for samfunnsendringar når tida er inne. Ofte må vi sjå femti år tilbake i tid når vi spør oss sjølve kvar oppdagingane som har drive endringane kom frå, til dømes i dagens datasamfunn.

Treng vi Nobel-prisane? Ja, for det handlar om ei heilt nødvendig synleggjering av det aller viktigaste vårt samfunn byggjer på: Kunnskapen. Ved kunnskapens alter treng vi ingen pave, berre etikk som rettesnor og verdige føregangskvinner og -menn som inspirasjon.

Nå har Norge fått det igjen. Gratulerer!