Auka kostnadsramme for byggjing av studentbustadar: - Det er studentane som må betale

Det er bestemt at studentsamskipnadane skal få ha ei større kostnadsramme til å byggje studentbustadar, men tilskotet i statsbudsjettet auka ikkje på same tid.

Øystein Fruseth Christiansen Velferdstinget
Publisert Sist oppdatert

Mykje tydar på at bustadsmarknaden har blitt dyr for studentane når ein nærmar seg nytt skuleår.

I Trondheim står det 1000 på interessentlista for bustad. Dette tolkar bustaddirektøren til Sit som eit teikn på at det må bli bygd ut fleir bustadar for studentar.

Allikavel har ho sagt til Universitetsavisa at situasjonen i Trondheim er normal, og la til at det er alltid vanskeleg, men at det løyser seg.

Leiaren av Velferdstinget meiner regjeringa er nøydd å gi høgare tilskot for å byggje studentbustadar i ein dyrare marknad, ikkje berre ha ei større kostnadsramme.

Ikkje naudsynt at situasjonen i Trondheim held seg like god

Øystein Fruseth Christiansen, leder Velferdstinget

I vår vart det bestemt at kostnadsramma på byggjing av studentbustadar skal få eit løft.

Med auka som er innført er ramma per hybeleining i heile landet finn den seg på 1 450 000 kroner. Før var ramma på omkring ein million kroner.

Dette vil seie at det er ei auke langt over prisvekst som gjer at bygging kan skje raskt.

Bustaddirektør kalla løftet ei vitaminsprøyte for bustadbygging i byane Sit finn seg i, men også resten av landet.

Christiansen er nøgd med at ein har fått heva kostnadramma, og seier det er viktig om Sit skal få til å dekkje 20 prosent av leigemarknaden sitt behov.

- Det er eit godt mål som vil gi Sit moglegheita til å regulere pris og kvalitet på marknaden.

Staten tek ein mindre del av regninga

Christiansen forklarar at med den gamle ramma tok staten omtrent ein tredjedel av regninga. Når ein skal byggje med den nye kostnadsramma vil den statlege støtta berre vere mellom ein fjerdedel og ein femtedel fordi den ikkje er endra.

Differensen i pris blir det studentane som må betale for seier Christiansen, og legg til at det er vanskeleg med studentøkonomien som allereie er under press.

Christiansen seier seg likevel nøgd med den heva kostnadsramma grunna viktigheita i at Sit er store nok på marknaden til å kunne regulere den.