Stanford er verdas beste i humaniora

Det private Stanford University i California er verdas beste i humanistiske fag, ifylgje ei ny rangering frå Times Higher Education. Ingen norske universitet er mellom dei 100 beste.

Publisert Sist oppdatert

Før helga gjorde Noregs forskingsråd det kjent at det skulle setjast i gang ei omfattande evaluering av humanistisk forsking i Noreg. Uniforum skriv at omtrent samtidig offentleggjorde Times Higher Education ei rangering over verdas beste universitet innanfor humaniora. Om me skal tru på den, må noko gjerast for at dei humanistiske faga i Noreg skal markera seg internasjonalt.

For ingen norske universitet er med på den eksklusive lista over verdas 100 beste universitet innanfor humanistiske fag.

Helsingfors universitet best i Norden

I Norden er det Helsingfors universitet som gjer det best med ein 56.-plass, medan Aarhus Universitet og Københavns Universitet kjem på 65.- og 69.-plass, og gjer det best av dei danske universiteta. Stockholms universitet plasserer seg som nummer 82, og er dermed det beste og det einaste svenske universitetet på denne rankinga.

UiO blant dei beste i 2005

For ti år sidan, i 2005, kom Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo heilt oppe på 16.-plass på verdsrangeringa frå Times Higher Education Supplement. Det gav fakultetet ein femteplass i Europa. Denne gongen er altså ikkje Universitetet i Oslo eingong mellom dei 100 beste i verda.

USA og Storbritannia i teten

Verdas beste universitet i humanistiske fag er altså Stanford University i California. På dei neste pallplassane fylgjer Harvard University og Massachusetts Institute of Technology.

Det beste ikkje-amerikanske universitetet innanfor dette fagområdet er Oxford University på fjerdeplass. Deretter fylgjer University College London og Cambridge University

Best utanfor den engelskspråklege verda

Nederland har det beste universitetet innanfor humaniora utanfor den engelskspråklege verda. Det er Leiden-universitetet, som hamnar på syttandeplass på denne fagrangeringa.

Rangeringa frå Times Higher Education over verdas beste universitet innanfor humanistiske fag.