Før var han nynazist, no bidreg han til forsking ved UiO
Jimmy Marklund hoppa av frå Nordiska Motstandsrørelsen (tidl. Vitt ariskt motstånd) i 2022. – Eg vil ikkje vera ex-nazist, eg vil berre vera Jimmy. Det er Senter for ekstremismeforsking ved UiO som får bruka erfaringa hans.
SMITTANDE TANKAR: – Då fekk eg kontakt med Nordiska motstandsrørelsen. Dei stod der og hadde idear som dei ikkje skjemdest over, fortalde Jimmy Marklund som for fire år sidan braut med den svenske nynazistiske gruppa.Foto: Ola Gamst Sæther
Denne veka lanserte Senter for ekstremismeforsking ved UiO (C-rex) ein podkast-serie med tidlegare høgreekstremistar.
Initiativtakarar er professor Tore Bjørgo og Robert Ørell. Sistnemnde har arbeidd for å få folk til å forlata høgreekstremistiske miljø i Sverige.
Tore Bjørgo har studert høgreekstremisme sidan byrjinga av 1980-talet, og han var også den første direktøren for Senter for ekstremismeforsking (C-rex) på UiO. Gjennom dette arbeidet har han intervjua mange deltakarar i nynazistiske, rasisistiske og andre ekstreme grupper.
– For det er ikkje slik som det heiter, at ein gong nazist, alltid nazist, understreka han under lanseringa denne veka. Han har også registrert stor interesse blant studentar om å intervjua tidlegare nynazistar.
– Derfor fann eg og Robert Örell ut at me kunne laga ein podkast-serie som ville vera tilgjengeleg for alle.
– Ja, me ville samla kunnskapen vår slik at den kunne bli tilgjengeleg for alle. Me ville finna ut kva som appellerte til dei hos dei høgreekstremistiske rørslene, seier Örell.
Og Bjørgo legg til:
– Dei fortel historiene sine, om korleis dei kom seg ut og korleis livet deira blei etterpå. Dette er ei unik forskingskjelde. Dette er dei som har opplevd det, og gjennomlevd det, fortalde Tore Bjørgo. Prosjektet deira har fått støtte frå Stiftelsen Fritt Ord og Gjensidigestiftelsen. Så langt har dei intervjua 15 tidlegare høgreekstremistar frå Norden, Europa og Nord-Amerika.
– Som 15-åring las eg Mein Kampf
Ein av dei tidlegare høgreekstremistane som har stilt opp, og blitt intervjua, er svenske Jimmy Marklund. Frå 2015 og fram til 2022 var han med i nynazistiske Nordiska Motstandsrørelsen (Vitt ariskt motstånd), der han blei ein av mellomleiarane.
TIDLEGARE HØGREEKSTREMISTAR: – Dette er ei unik forskingskjelde, seier Tore Bjørgo(t.v.) som saman med Robert Örell har laga podkastserien "Former" med intervju med avhoppa høgreekstremistar både frå Norden og andre land.Foto: Ola Gamst Sæther
I den posisjonen beordra han andre til å utføra valdelege aksjonar mot både meiningsmotstandarar og forrædarar. Denne veka deltok han på lanseringa av podkastserien "Formers" ved Senter for ekstremismeforsking på Universitetet i Oslo. Då kom han inn på bakgrunnen for at han blei nazist.
– Eg vaks opp i eit autoritært religiøst miljø der alle hadde mistru til staten. Som 15-åring las eg Mein Kampf. Ingen i min familie hadde den interessa, men dei hadde ei autoritær haldning, hugsa han.
Marklund kom også inn på korleis andre nynazistar i Sverige oppførte seg samanlikna med han.
– Dei dreiv på med black metal og slo ned innvandrarar. Eg var opptatt av ideologi. Eg var opptatt av innvandringa frå Syria. Då kom det til eit punkt der eg ikkje kunne vera tyst lenger. For då hadde eg ei lita dotter, og eg lurte på kva samfunn ho skulle veksa opp i, mintest han.
– Då fekk eg kontakt med Nordiska motstandsrørelsen. Dei stod der og hadde idear som dei ikkje skjemdest over. Eg tok kontakt med dei, såg filmar og las om dei. I det minste kunne eg vera støttemedlem. Etter kvart skreiv eg innlegg, fortalde han.
– Antifascistane i Sverige avslørte meg
Men dette fekk store konsekvensar for Jimmy Marklund som den gongen var produksjonssjef ved ei bedrift i heimbyen sin.
– Antifascistane i Sverige avslørte meg som nynazist, og eg mista den gode jobben eg hadde. Kona mi fekk ramponert bilen sin. Eg måtte velja mellom familien og rørsla, og valde rørsla. Eg var med på antisemittiske haldningar og rasistiske haldningar. Rørsla var det einaste eg hadde. Derfor begynte eg å engasjera meg endå meir. Til slutt blei eg leiar og organiserte aksjonar, avslørte han overfor dei 40 personane som deltok på lanseringa av podkastserien med tidlegare høgrekstremistar.
Vendepunktet for han kom då han nådde eit nivå der han sjølv stilte seg eit spørsmål om kva han eigenleg heldt på med.
– For me begynte å væpna oss, og lurte på om me skulle gå omkring med sprengstoff. Heime budde eg saman med ein femåring og hadde ein ladd pistol i huset.
– Så fekk eg høyra meg sjølv og kva eg meinte
Ein dag blei han kjent med den svenske forskaren Christer Mattson frå Göteborgs universitet.
– Han ville intervjua meg. Og me tenkte at me kanskje kunne overtyda han til vår politiske overtyding. Han kritiserte meg ikkje. Men så fekk eg høyra meg sjølv og kva eg meinte. Då tok det eitt år for meg å ta meg ut av rørsla. Då hamna eg i eit nytt vakuum. For tidlegare hadde eg berre rørsla. Tidlegare venner stod heller ikkje i kø for å ta imot meg. Men eg fekk ikkje jobb, trass i 200 søknader. Etter kvart skifta eg etternamn. Og eg flytta til Nord-Sverige. Sidan eg hadde eit anna namn, blei det lettare for meg der.
– Eg vil ikkje vera ex-nazist
Jimmy Marklund kom også inn på kvifor han sa ja til å vera med i podkastserien "Formers" ved Senter for ekstremismeforsking på UiO.
– Eg vil ikkje vera ex-nazist. Eg vil berre vera Jimmy. Derfor har eg vore restriktiv med å stilla opp i intervju. Unntaket er dette intervjuprogrammet. Det kan koma forskinga til nytte, og derfor er eg med, sa han.
Uniforum spurte han om kva det var ved den autoritære religiøse oppveksten hans som hadde ført til at han enda opp som nazist.
– Det er mange felles trekk mellom religiøse sekter, nazistiske grupper, venstrepolitiske grupper og liknande grupper. Det er oss mot dei, dei bestemmer at den musikken er bra, men ikkje den. Me blir redda frå fortapinga, men ikkje dei andre, forklarte han.
– Eg hadde politivakt
Han fekk også spørsmål om korleis det var for han å gå ut av Nordiska motstandsrørelsen.
– Det var eit stort steg. Men eg må gjera det på rett måte. Den som hoppar av ei slik rørsle, var ein forrædar. Sjølv som sjef hadde eg sendt ut og mishandla motstandarar og forrædarar. Eg tenkte at også min familie kunne bli ramma. Derfor hadde eg politivakt til tider for å verna meg, sa han.
– Var fem år og delte ut propaganda på nazimøte
Dei frammøtte lurte også på kva forhold han har til dottera si no etter det han har vore gjennom.
– No er ho 15 år. Og i dag har me ein god relasjon. Me snakkar saman to gonger for dagen. Då eg var aktiv, var det truleg slitsamt for henne. Ho var fem år gammal og delte ut propaganda på nazimøte.
– Ho skjemdest litt for ho ville ikkje at vennene hennar skulle møta meg. Eg kan berre forsøka å vera ein betre pappa. Ho har spurt meg masse. Den gongen eg var overtydd og aktiv, ville eg at ho også skulle bli nazist. Eg veit ikkje kor stor skade ho har hatt av det. I dag er ho for mangfald. og har mange venner med fleirkulturell bakgrunn.
– Dei gamle nazistane er heltar
Nokre ville også gjerne vita om terroristen Anders Behring Breivik var ein helt for Nordiska motstandsrørelsen.
– Dei gamle nazistane er heltar. Hitler med fleire. Dei har vore martyrar og gått i førevegen. Me kunne ikkje seia noko stygt om dei. Nordiska motstandsrørelsen tykte ikkje at Anders Behring Breivik gjorde noko bra, for han drap kvite nordmenn. Om han berre hadde drepe farga, hadde det vore annleis. Jødar var den største fienden. Og derfor hadde me god kontakt med både arabarar og iranarar, fortel han.
Eit av dei siste spørsmåla han måtte svara på var om han saknar hjelp frå samfunnet for å få høgreekstremistar til å koma ut av det.
– Om du er med i ei slik rørsle, er du aktiv 24 timar i døgnet. Om samfunnet kan gjera noko for dei som går ut, er det viktig å få dei ut i aktivitetar. Då ville det blitt lettare, sa Jimmy Marklund.