Ytring
Nei, vi er ikkje idiotar
Studenten Åsmund Vågsli er ikkje samd med redaktør Tore Oksholen i at unge studentar er i ferd med å bli idiotar.
Diverre verkar det som at det er konsensus hjå mange studentar at same kor hardt studentrepresentantane jobbar, når alt kjem til alt og ein skal ta dei viktige avgjeringane, så vert ikkje røystene deira høyrt, skriver Vågslid i ytringen under.
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
Tore Oksholen skriv på leiarplass 5. mai at «unge studenter er i ferd med å bli idioter», etter tydinga av ordet dei gamle grekarane nytta.
Han grunnar dette med to svært spesifikke døme, den høge snittalderen ved no kings-demonstrasjonane i USA og den låge valdeltakinga ved studentvala til NTNU. I akademiske krinsar ville ei slik bevisføring vorte kalla for kirsebærplukking.
Enig eller uenig?
Send oss din ytring på
Det er ikkje naudsynt for Oksholen å nemne den massive rørsla av studentleirar på campus i USA, og i Noreg, til støtte for folket i Gaza. Ei av disse mobiliseringane, ved Columbia University i New York, okkuperte mellom anna bygget Hamilton Hall og omdøypte det Hind's Hall, til minne om Hind Rajab som vart brutalt drepen av israelske okkupasjonsstyrkar.
I staden for å høyre på studentane fekk Columbia University politiet til å invadere leiren og utføre massearrestasjonar, dette var første gong sidan 1968 at universitetet tillet politiet å arrestere folk på campus. Er ikkje dette prov på ungt engasjement?
Når det kjem til valdeltakinga ved studentvala til NTNU har Oksholen rett i at den er altfor låg, men det vert alt for enkelt å seie at det kun er fordi unge studentar er idiotar.
Eg vil byrje med å seie at eg har enormt stor respekt for dei som har verv i studentdemokratiet, dei legg ned utrolig mykje innsats for å gjera universitetet betre for studentane, og det er absolutt ikkje dei eg vil kritisere. Diverre verkar det som at det er konsensus hjå mange studentar at same kor hardt studentrepresentantane jobbar, når alt kjem til alt og ein skal ta dei viktige avgjeringane, så vert ikkje røystene deira høyrt.
Dette forklarer den store forskjellen mellom valdeltakinga i studentdemokratiet og i til dømes stortingsval, der unge med høgare utdanning hadde høgare valdeltaking enn resten av folkemengda i 2025, i følge SSB.
Det er dimed sløvt å leggje all skulda på studentane individuelt, og å ikkje ein gong ofre ein tankje på om det kan vera systematiske problem som trekker valdeltakinga ned.
Til sist har eg lyst til å minne Oksholen på at ein student frå NTNU allereie har vorte kidnappa av Israel for å prøve å bryte den ulovlege blokaden av Gaza og levere naudhjelp til offera for folkemordet til Israel, og ein annen NTNU-student er på veg til Gaza i same ærend akkurat no.
Dette viser eit utruleg stort mot og engasjement frå disse to studentane, som vi andre ikkje har nokon rett til å gjera krav på, all heider går til dei det gjeld, men det er viktig å nemne i denne konteksten.
Det er au merkeleg at Oksholen etterlyser meir politisk engasjement frå studentane når han, etter oppslaga i Universitetsavisa dei siste døgna å døme, verkar å ha nytta mykje tid på å sverte ein professor ved NTNU for nettopp sitt politiske engasjement.