Hiroshi Matsumoto blir NTNUs nye mann i Japan

Publisert Sist oppdatert

Hiroshi Matsumoto (bildet) er UiB og NTNU sin mann i Japan. Han er tilsett for å styrke samarbeidet mellom dei norske universiteta og Japan, skriv På Høyden.

Han kjem frå stillinga som kontaktperson for Horisont 2020 i Japan, og

stillinga Matsumoto skal fylle er ei rådgjevarstilling, og er eit resultat av eit samarbeid mellom NTNU, UiB, Innovasjon Norge og den norske ambassaden i Tokyo.

Planen er at Hiroshi Matsumoto skal arbeide for å å styrke forskings- og utdanningssamarbeidet med Japan.

– Vi har store forventningar til at ein slik ressurs vil vere viktig for å styrke UiB sitt samarbeid med Japan. I første omgang vil vi prioritere at Matsumoto blir kjent med UiB og det forskingssamarbeidet vi alt har med japanske institusjonar. Vi ser fram til at han kan kome til Noreg og besøke UiB og våre forskarar og studentar, seier Anne Christine Johannessen, viserektor for internasjonalisering, i ei pressemelding.

Hiroshi Matsumoto har tidlegare forska på plasmafysikk og kjernefysikk. Han kjem frå stillinga som kontaktperson Horisont 2020 i Japan.

I dag samarbeider UiB med fleire japanske utdannings- og forskingsinstitusjonar. Tettast er banda innan energi- og miljøforsking.

Ønsket er å finne gode samarbeidsliner også innan helse, samfunnsfag og jus. Matsumoto skal også bidra med å skaffe praksisplassar for norske studentar, samt arbeide for auka studentutveksling.

Han startar i jobben 1. april 2016.