- Enkeltpersonar i UD har ikkje likt Hilde Henriksen Waage
Men det gjeld ikkje UD i seg sjølv, ifølgje Espen Barth Eide, som lovar historieprofessoren tilgang til det private arkivet til Terje Rød Larsen om Oslo-prosessen.
- Det er viktig med fri og uavhengig forsking, slo utanriksminister – og forskar med langtidspermisjon – Espen Barth Eide fast.Foto: Martin Toft/Uniforum
Martin ToftMartinToftUniforum
PublisertSist oppdatert
– Me må berre få litt orden i desse papira først, lova utanriksminister Espen Barth Eide på eit debattmøte ved Universitetet i Oslo i veka som var.
Eit par hundre personar dukka opp i Auditorium 1 i Georg Sverdrups hus denne veka for å observera eit toppmøte mellom historieprofessor Hilde Henriksen Waage og utanriksminister Espen Barth Eide (A).
I regi av Akademisk forum skulle dei diskutera forholdet mellom akademisk fridom og diplomatisk diskresjon.
Hilde Henriksen Waage har mesteparten av sitt 30 år lange forskarliv sett på Noregs forhold til fredsprosessen mellom Israel og PLO (Den palestinske frigjeringsorganisasjonen). Då har ho blant anna gått gjennom israelske arkiv og funne dokument som ho ikkje har fått tak i norske arkiv. I 2004 oppdaga ho at ein god del av arkivmaterialet frå Osloprosessen var borte. To år seinare vedgjekk den tidlegare FAFO-direktøren og seinare visegeneralsekretær i FN, Terje Rød Larsen at han hadde dokumenta i sitt private arkiv.
I samband med avsløringane av ekteparet Terje Rød Larsen og Mona Juul og tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland sitt forhold til mangemillionæren og overgriparen Jeffrey Epstein, avdekte ei husundersøking hos ekteparet at Terje Rød Larsens private arkiv var plassert i ein kjellarbod i husværet deira på Frogner i Oslo.
– Eg har sendt ein skriftleg førespurnad til utanriksminister Espen Barth Eide om å få innsyn i desse dokumenta. Og eg har fått det stadfesta skriftleg på ein lapp frå utanriksministeren at det skal eg få, avslørte ho overfor publikummet i Georg Sverdrups hus.
– Ja, det stemmer. Me må berre få litt orden i desse papira først, sa Espen Barth Eide i ein kommentar til opplysninga frå Henriksen Waage.
–Forskinga mi har i 30 år stått fjellstøtt, slo historieprofessoren fast.
– Ikkje eit norsk initiativ
For avsløringane sine i ein forskingsrapport frå 2004 om at Noreg stort sett alltid stod på parti med den sterke parten Israel i forhandlingane mellom Israel og PLO, hausta ho masse kritikk frå sterke krefter innanfor Utanriksdepartementet. Ho peika blant anna på at det var PLO-leiar Yasser Arafat sjølv som ville at Noreg skulle delta i fredsforhandlingar med Israel, nettopp på grunn av Noregs tette forhold til Israel.
– Med andre ord, så var det ikkje eit norsk initiativ. Samtidig har den store helten min alltid vore tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg som i mange år var opptatt av å skapa ein bakkanal der Israel og PLO kunne snakka saman. Det var lenge før Terje Rød Larsen, Mona Juul og Johan Jørgen Holst kom på bana, slo ho fast.
– Då hadde eg fått i oppdrag å skriva ei bok om Noregs forhold til Israel. Tittelen var «Da staten Israel ble til. Et stridsspørsmål i norsk politikk 1945-49» . Utanriksdepartementet hadde rett til manuskontroll. Dei oppdaga at eg hadde funne ut at nokre embetsmenn hadde sendt melding til FN om at Noreg ikkje ville støtta eit FN-medlemskap for Israel, trass i at statsminister Einar Gerhardsen hadde gitt beskjed om å seia ifrå at det ville Noreg gjera. Det viste at embetsmennene gjekk bak ryggen på regjeringa Gerhardsen. Derfor blei eg kalla inn til eit møte med embetsmenn i mørk dress i saman med rettleiaren min Helge Pharo. Der fekk eg streng beskjed om å fjerna 40 punkt i denne boka. Om eg ikkje gjorde det, ville eg bli saksøkt, fortalde ho.
– Ein av byråkratane meinte at boka mi var verre enn «Sataniske vers», la ho til.
– For Noreg hadde forhandla fred, men var på Israels parti
Det var likevel funna ho gjorde om Noregs rolle i fredsprosessen i Midtausten, ho fekk aller mest kritikk for. Det arbeidet gjorde ho frå 2001 til 2004.
– Eg sette store spørjeteikn ved Noregs oppgåver i fredsforhandlingane. Eg fekk både Terje Rød Larsen, Mona Juul og Johan Jørgen Holst ned frå pidestallen. For Noreg hadde forhandla fred, men var på Israels parti. Det var fordi Israel var ein sterk part, medan PLO var veldig svak. Israel er god på krig, dårleg på fred og veldig harde i forhandlingar, konstaterte Henriksen Waage.
Sjølv fann ho altså brev i israelske arkiv som ikkje fanst i Utanriksdepartementets arkiv. Ho viste fram eit handskrive brev frå tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst til Israels tidlegare utanriksminister Shimon Peres.
– Og då Jonas Gahr Støre var utanriksminister stansa han ei mogleg gransking av Terje Rød Larsen, fortalde ho på møtet i Akademisk forum.
Det var spesielt fredsklubben i Utanriksdepartementet med Mona Juul i spissen som fekk gjennomgå av Henriksen Waage på møtet i Georg Sverdrups hus.
– Dei har brukt ufine metodar for å så tvil om kunnskapane mine, meinte ho.
Norske media slapp ikkje fri for kritikken frå historieprofessoren.
– Det var ingen i det offentlege Noreg som stilte spørsmål. Heller ikkje norsk presse. Kvifor ikkje? Det var stor politiske prestisje knytt til Noregs rolle i fredsprosessen i Midtausten, sa Hilde Henriksen Waage.
– Forskinga mi har i 30 år stått fjellstøtt
Samtidig brukte ho store ord om arbeidsgjevarane sine på Fredsforskingsinstituttet PRIO og Universitetet i Oslo.
– Om du blir historieprofessor ved UiO, er det ikkje noko tull. Då blir all forskinga di grundig gjennomgått av fagfellar. Forskinga mi har i 30 år stått fjellstøtt, og både PRIO og UiO har heile tida stått på mi side, understreka ho.
Tidlegare i år blei ho æra med Fritt Ords pris, medan ho for to år sidan blei heidra med UiOs formidlingspris.
– Fleire i UD har ikkje vore like begeistra
Ordstyrar under møtet politisk redaktør Tove Lie i Khrono overlet etter kvart talarstolen til utanriksminister Espen Barth Eide.
– Det er viktig med fri, uavhengig og kritisk forsking. Utanriksdepartementet finansierer masse forsking og forskarar må leggja fram alle funna sine. Det er fullt mogleg å ha innsikt i historisk forsking og nedgradera så mange dokument som mogleg, sa han.
Også han delte ein del av inntrykket Hilde Henriksen Waage hadde fått av departementet han i dag leier.
– Fleire i UD har ikkje vore like begeistra for arbeidet hennar. Det er nokre enkeltpersonar som ikkje har likt henne, men det er ikkje Utanriksdepartementet i seg sjølv, understreka han.
Barth Eide gav henne rett i at det kan vera ulike styrkeforhold mellom partane i ein fredsprosess.
– Sjølv var eg på oppdrag på Kypros, og såg på forholdet mellom greskkypriotar og tyrkiskkypriotar. Der var den tyrkiskkypriotiske parten svakare enn den greskkypriotiske. Det er ein parallellitet i dette, meinte han.
Espen Barth Eide trekte fram det faktum at PLO var blitt svekka etter at organisasjonen hadde støtta Saadam Husseins Irak under Golfkrigen mot USA og deira allierte på byrjinga av 1990-talet.
– Det var fleire som forstod at dette kunne vera ein åpning. For samtidig var Yitzhak Rabin og Shimon Peres statsminister og utanriksminister i Israel, sa Barth Eide.
Han peika dessutan på si eiga rolle som utanriksminister for Noregs anerkjenning av Palestina. .
– Min kritikk av manglande framsteg i fredsforhandlingar mellom Israel og PLO gav grunnlag for Noregs anerkjenning. For Israel og statsminister Benjamin Netanyahu var ikkje interesserte i forhandlingar, slo han fast.
– Uverdig behandling
Han kom også med kritikk av motstandarane til Henriksen Waage både innanfor og utanfor UD.
– Eg meiner at den behandlinga du har vore utsett for, har vore uverdig. Det må vera mogleg å vera ueinig med deg og kunna møta deg i ein reell debatt, understreka Barth Eide.
– Osloprosessen har faktisk ført til at partar i andre konfliktar har tatt kontakt med Noreg. Det skal me ikkje undervurdera. Av og til må ein også kunne ta ein risiko i politikken, for elles kan me ikkje gjera noko som er utanfor det allmenne, understreka han.
GODT OPPMØTE: Akademisk forum klarte nesten å fylla opp det største auditoriet i Georg Svedrups hus. Til saman var det over 600 personar som fylgde debatten i salen og digitalt. (Foto: Martin Toft)
– Det er jobben vår å forsvara forskarane
UiO-rektor Ragnhild Hennum var glad for å høyra at både UiO og Fredsforskingsinstituttet var komne godt ut som arbeidsgjevarar for Hilde Henriksen Waage.
– Det er jobben vår som arbeidsgjevarar, å forsvara forskarane. Dei har fridom til å til finna dei resultata dei kjem fram til og publisera dei, sa ho.
Hennum var også opptatt av at universiteta heller ikkje kunne gi etter for press frå dei som betaler for oppdragsforsking.
– Nokre kontraktar inneheld punkt som vil gi oppdragsgjevar for mykje kontroll med etterarbeidet. Me må vera nøye på ikkje å gå med på slike premissar. Då mister me truverdet vårt, understreka ho.