Webometrics blei hacka av radikale islamistar

Det spanske rankingbyrået “Webometrics” blei utsett for eit åtak frå hackerar og måtte difor utsetja publiseringa over verdas beste universitet på nettet.

Publisert Sist oppdatert
OPPLEVDE HACKERÅTAK: Radikale islamistar hacka seg inn på nettsidene til Webometrics og la ut ein bodskap med støtte til radikal jihadisme, fortel dagleg leiar Isidro G. Aguillo til Uniforum.

- Hackerane hadde lagt ut hatbodskap frå ekstreme islamistar, fortel dagleg leiar Isidro G. Aguillo.

Hackeråtaket er likevel ikkje meld til politiet, trass i at hackerane har klart å gå inn i systemet og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, opplyser dagleg leiar i Webometrics, Isidro G. Aguillo til Uniforum.

Knytt til det spanske forskingsrådet

Rankingbyrået Webometrics er tett knytt til Det spanske forskingsrådet, og publiserer to gonger i året ei rangering over kva universitet i verda som er mest synleg på nett og som har flest forskingsartiklar tilgjengelege på nett. Den siste publiseringa blei utsett i fleire dagar på grunn av åtaket.

 I eit intervju med Uniforum forklarar Isidro G. Aguillo det som har skjedd.

- Me oppdaga at det hadde vore eit hackingåtak, då det brått dukka opp ein logo på hovudsida med ein typisk jihadist-bodskap, altså bodskap frå ekstreme islamistar.

- Kva var innhaldet i bodskapen?

- Det uttrykte støtte til radikal islam.

- Melde de frå til politiet?

- Nei!

- Kvifor ikkje?

- Det var ei avgjerd som blei tatt av IT-avdelinga.

- Endra rekkjefylgja

Isidro G. Aguillo og medarbeidarane hans oppdaga at hackerane hadde gått inn og gjort endringar i rankinga.

- Dei hadde gått inn og endra rekkjefylgja på minst eitt universitet, slik at det universitetet brått blei det beste i det landet det ligg i. Men det var berre eitt slikt tilfelle, understrekar han. Aguillo ynskjer ikkje å fortelja kva land det gjeld.

Webometrics klarte likevel å retta opp feilen gjennom ein ekstra kopi som dei hadde av alle data, og i tillegg måtte dei stengja eit hol i sikringsnettet. Bodskapen og logoen var ikkje heilt ukjend for dei.

- Me har sett dei på andre nettsider som ikkje har noko å gjera med oss.

Problem med å lasta ned

Hackerane har likevel ikkje klart å hindra publiseringa av rangeringa over dei universiteta i verda som er mest synlege på nett.

- Det oversynet kan alle interesserte finna på nettsidene våre. Problemet er at det er stor trafikk og at det kan ta litt tid å lasta ned nettsidene, fortel Isidro G. Aguillo.

Uniforum vil publisera innhaldet i rankinglistene straks dei er klare.