I eit husvære på Gran Canaria sit Hilde Henriksen Waage og oppdaterer seg på alt som har kome fram dei siste dagane om Terje Rød-Larsen, Mona Juul og Thorbjørn Jagland i Epstein-filane. Brått har oppdaginga hennar av at ein del av UDs arkiv om Oslo-prosessen var borte, og hadde hamna i Terje Rød-Larsens private arkiv, fått ny aktualitet.
– Eg har vel aldri opplevd ein så stor mediestorm om forskinga mi som dei siste to vekene, fortel historieprofessoren ved UiO til Uniforum.
– Har ein tendens til å finna hemmelegheiter
Hilde Henriksen Waage ser tilbake på forskarlivet sitt og finn ein raud tråd.
– Eg har alltid ein tendens til å finna hemmelegheiter som nokre regjeringar, og ikkje minst Arbeidarpartiet helst skulle sett framleis hadde vore hemmelegheiter, konstaterer ho.
Og det er dokumenta frå Oslo-prosessen som har vore mellom dei mest brennbare tema.
– I 2004 dokumenterte eg gjennom forskinga mi at dokumenta frå Oslo-prosessen var borte frå Utanriksdepartementets (UD) arkiv. Samtidig kunne eg visa at Noreg heile tida var ein reiskap for Israel i fredsprosessen, fortel ho.
Og det var ein tøff periode for henne.
– Då blei det ei svær nedvurdering av meg som forskar i offentlegheita, hugsar ho.
– No rullar alt opp igjen på same måten som i 2004, og 2006-2007. I november 2022 fann eg to nye hemmelege dokument om Oslo-prosessen i det israelske statsarkivet.
– Var interessert i å spela på lag med ekteparet Juul og Rød-Larsen
Dei siste to vekene har interessa for forskinga hennar blåst opp igjen, også i media.
– Den gamle arkivsaka frå den tidlegare forskinga mi blir sett i samanheng med desse fryktelege Epstein-filane. For det var nettopp Terje Rød-Larsen, Mona Juul og Thorbjørn Jagland som heile tida prøvde å stansa forskinga mi. Dei var berre opptekne av å halda i live eventyrforteljinga om Noreg som fredsnasjon, og derfor var landet vårt involvert i fredsarbeid i 40 statar, fortel ho.
Hilde Henriksen Waage meiner dei gamle sakene hennar øydela myten om Noreg for ulike regjeringar både frå Arbeidarpartiet og Høgre.
– Derfor var den norske regjeringa heile tida interessert i å spela på lag med ekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul og det enorme nettverket deira. Ingen kunne likevel førestilla seg omfanget av dette, konstaterer ho.
– Blei glorifiserte i Noreg
Hilde Henriksen Waage meiner biletet av Noreg som ein fredsnasjon starta då Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane blei inngått i 1993.
– Då blir ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen glorifisert i den norske offentlegheita. I 1999 gjekk det likevel dårleg for Rød-Larsen, då han måtte gå av som planleggingsminister på grunn av at han ikkje hadde betalt skatt etter ein konkurs i fiskeindustrien i Nord-Noreg på slutten av 1980-talet, men snarare tatt imot utbyte utan å betala skatt av gevinsten. I 2002 blei det avslørt at dei hadde tatt imot prispengar frå Peres-senteret i Israel på ein million kroner, viser ho til.
– Som ein edderkopp i Epstein-nettverket
Etter at ho i 2004 oppdaga at dokumenta om Oslo-prosessen var borte frå UDs arkiv, tok det først to nye år før Terje Rød-Larsen vedgjekk at han hadde dokumenta i sitt private arkiv.
– Men han nekta å tilbakelevera dei til UDs arkiv. Likevel fekk både han og kona Mona Juul toppjobbar både i og utanfor UD. Norske styresmakter såg gjennom fingrane med alle desse sakene, for det viktigaste var å ta vare på Noregs rolle som fredsnasjon, er ho overtydd om.
Etter hennar meining har Epstein-filane avslørt noko viktig.
– Terje Rød-Larsen er som ein edderkopp i Epstein-nettverket. Jeffrey Epstein var truleg interessert i å få kontakt med nettverket hans, trur ho.
Uniforum har bede om ein kommentar frå Terje Rød-Larsen om påstanden frå Hilde Henriksen Waage om at han, Mona Juul og Thorbjørn Jagland prøvde å stansa forskinga hennar. Advokaten hans John Christian Elden kjem med dette svaret:
«Norge er og har vært en sentral fredsnasjon i verdensbildet siden FN ble stiftet, og det er riktig at TRL ikke har noe særskilt ønske om å bidra til Waages forsøk på å skrive om norsk historie etter eget forgodtbefinnende. Han har imidlertid hverken hatt ønske eller mulighet til å påvirke eller stanse hennes forskning,» skriv Elden i ein e-post til Uniforum.
Hilde Henriksen Waage har også fått sett svaret John Christian Elden har kome med på vegner av klienten sin Terje Rød-Larsen.
«Det frekke og arrogante svaret fra John Cristian Elden og Terje Rød-Larsen faller på sin egen urimelighet. Ingen av dem er historikere, og de vet åpenbart heller ikke hvordan en historiker arbeider. Historikerens oppgave er å finne dokumentasjon og belegg for sine argumenter og funn og slett ikke 'skrive om norsk historie etter eget forgodtbefinnende', som de beskylder meg for å gjøre. Derfor er saken om de forsvunne norske dokumentene fra Oslo-prosessen så viktig,» svarer Hilde Henriksen Waage Uniforum i ein e-post.
UA har også bedt om kommentar fra Mona Juuls advokat Thomas Skjelbred og Thorbjørn Jaglands advokat Anders Brosveet, begge i Elden advokatfirma, uten å få svar.
– Eg ville sikkert sagt ja
Når historieprofessoren no ser seg sjølv i spegelen, ser ho ikkje bort frå at ho kanskje også ville ha nytta seg av nettverket til Terje Rød Larsen.
– Ja, om han hadde invitert meg på middag og sagt at både Israels tidlegare statsminister Ehud Barak og USAs tidlegare president Bill Clinton også ville vera til stades, ville eg sikkert ha sagt ja. Begge dei to ville det ha vore interessant for meg å snakka med på grunn av det som har skjedd i Midtausten, seier ho.
– Fredsklubben er med og bestemmer utanrikspolitikken
For henne har norsk utanrikspolitikk blitt eit fredsinstitusjonelt kompleks.
– Både Arbeidarpartiet og FAFO er sterkt knytte til det norske fredsdiplomatiet. Det var derimot berre byrjinga. For det er ikkje lenger berre Utanriksdepartementet som bestemmer utanrikspolitikken, men fredsklubben.
Ho peikar på at tidlegare FAFO-sjef John Hanssen-Bauer som eit godt døme. Han blei direktør på FAFO etter Rød-Larsen, henta inn til UD og blei norsk ambassadør i Israel, medan ein annan FAFO-sjef Terje Rød-Larsen blei visegeneralsekretær i FN og direktør for IPI. (International Peace Institute).
– Det blei viktig for yngre forskarar, unge politikarar og diplomatar å halda seg inne med det nettverket, seier ho.
– Derfor blir eg ein folkefiende
No vender ho tilbake til si eiga forsking og si rolle som historikar.
– I fredsmeklinga er det alltid den sterke parten som bestemmer. Sjølv er eg berre ein historikar som skriv forskingsrapportar som går i rette med myten om Noreg som ein fredsnasjon. Derfor blir eg ein folkefiende. Helst skulle dei norske regjeringane sett at eg skulle sitja i Utanriksdepartementet for å skriva perfekte politiske analysar, seier ho.
Også den gongen ho var viseadministrerande direktør for Fredsforskingsinstituttet (PRIO) blei ho klar over dilemmaet med oppdragsforsking.
– For då var eg i heftig krangel med Utanriksdepartementet som samtidig også var den viktigaste bidragsytaren vår. Då eg blei utnemnt til professor ved UiO i 2007, følte eg at eg endeleg kunne pusta fritt, fortel ho.
Hilde Henriksen Waage har alltid stått i store stormar, og ho veit kven som har støtta henne heilhjarta heile tida.
– Det har vore Fredsforskingsinstituttet PRIO, Universitetet i Oslo og heile akademia. For om du skal driva med historisk forsking i Noreg, må det du driv med ha høg forskingskvalitet.
– Ser ikkje bra ut for statsminister Støre
Ho er ikkje særleg imponert over korleis statsminister Jonas Gahr Støre har handtert spørsmål om kva han som utanriksminister gjorde for å få tak i Rød-Larsens arkiv frå Oslo-prosessen.
– Det ser ikkje bra ut for statsminister Jonas Gahr Støre når han påstår at han heile tida har vore for at Terje Rød-Larsens arkiv frå Oslo-prosessen skal tilbakeleverast til UD-arkivet, medan to tidlegare riksarkivarar og ein kommunikasjonsrådgjevar i UD stadfestar at han sette foten ned for det to gonger. Og statsminister Støre svarte «Ingen kommentar» på det same spørsmålet i januar 2025, konstaterer ho.
Uniforum har også bede statsminister Jonas Gahr Støre om ein kommentar til denne utsegna frå Hilde Henriksen Waage. Statssekretær Kristoffer Thoner på Statsministerens kontor svarar på vegner av Støre:
«Støre har vært klar på at alle relevante dokumenter og arkiver knyttet til Oslo-prosessen bør være i våre nasjonale arkiver, enten det er i Utenriksdepartementets eget arkiv for UDs egne dokumenter, eller i Nasjonalarkivet. Det gjelder også Terje Rød-Larsens arkiv. Uttalelsen fra UD fra 2006 er i tråd med dette fordi den sikter til dokumentene som hørte hjemme i UDs eget arkiv. I prosessen frem til signeringen av Oslo-avtalen i september 1993, var Rød-Larsen ikke ansatt i UD, men tilknyttet Fafo. Det ble ansett som mer naturlig at hans arkiver skulle utleveres til Nasjonalarkivet istedenfor til UD. Dokumentene bør være i et offentlig arkiv, og det er positivt at han nå via sin advokat åpner for dette,» skriv statssekretær Thoner til Uniforum.