Det finst ph.d.-kandidatar som har jobba jamt og trutt gjennom mange år og blitt nesten ferdige med doktorgraden sin, men så møter dei veggen. Dei får ikkje jobb. Det skjer også med nokre av dei som har klart å koma i mål. Løysinga blir å gå på NAV.
Leiaren for Stipendiatorganisasjonen i Noreg, Karl Henrik Storhaug Reinås har fått rapportar om at det skjer, sjølv om dei fleste får seg jobb innanfor eller utanfor akademia etter avslutta doktorgrad.
– Heldigvis er dei som tar doktorgrad, ettertrakta i arbeidslivet, også dei som ikkje har fullført. Så ofte får dei jobb. Men det er vanskeleg å gå inn i ein jobb når ein har ei avhandling hengjande over seg og skal bli ferdig, fortel han til Uniforum.
– Får ikkje jobba med avhandlinga
Karl Henrik Storhaug Reinås er sjølv stipendiat på Det utdanningsvitskaplege fakultetet.
Det han meiner er det største problemet, er krava dei kandidatane som ikkje har fullført avhandlinga, får når dei møter opp hos NAV for å søkja om dagpengar. Då krev NAV at ein ikkje jobbar for mykje med avhandlinga når ein får dagpengar. Det går også klart fram av Forskarforbundets informasjon til stipendiatar. Storhaug Reinås trekkjer fram at der står det at arbeid med avhandling vert rekna som utdanning, sjølv om stipendiatkontrakten er gått ut.
– Sidan NAV ikkje gir dagpengar for utdanning, krev ofte NAV at ein som stipendiat etter endt kontrakt ikkje jobbar vidare med avhandlinga, heller ikkje på kveldar og i helger for å kunna reknast som reelt arbeidssøkjande, som er kravet for å få dagpengar, viser han til.
Det er eit stort problem, meiner han, fordi det burde vera i samfunnet si interesse at doktorgradskandidatane får disputera og bli ferdige med prosjektet.
– Det er ei vanvittig sløsing med både talent og investering om ein får mange tilfelle av personar som ikkje fullfører doktorgradane sine, seier han.
22 prosent kjem ikkje i mål
Tal som Stipendiatorganisasjonen har henta inn viser at rundt 22 prosent av kandidatane ikkje kjem i å mål med doktorgraden sin.
– Det uroar oss. Om dei då ikkje får engasjement eller jobbar som er relevante for doktorgraden, så er det uheldig med tanke på all den jobben som blir gjort, for å fremja karrieretenking rundt doktorgradsløpet, seier han.
Storhaug Reinås peikar på at mellom 70 og 80 prosent av dei som tar ein doktorgrad, hamnar i stillingar utanfor akademia. Han meiner derfor at det er viktig å ha fokus på seinare karrieremoglegheiter under heile doktorgradsstudiet, og å halda fast på det også når kontrakten er over.
Som leiar for Stipendiatorganisasjonen i Noreg, synest han at det er viktig å ha tilbod som gir nok tid til å bli ferdig med avhandlinga.
– Derfor meiner me at NAV må ta meir skjønnsmessige vurderingar for å sjå kva som kan vera i interessa til stipendiaten for å kunna fullføra avhandlinga, seier Storhaug Reinås.
Stipendiatperioden er altfor kort for mange
– I dag er det nokre som takkar ja til ulønna relevante oppdrag, utan å seia frå til NAV fordi dei er redde for å mista dagpengane. Kva synest du om det?
– Det er synd, for me veit jo at det er mange engasjement eller korttidsjobbar ferdige kandidatar kan få, som kan bidra til motivasjonen, moglegheitene, kontaktnettet og dei ressursane som ein treng for å kunna bli ferdig med avhandlinga. Viss ein har høve til å få ein relevant jobb, til dømes noko som er relevant for avhandlinga eller det som ein skriv om, så er sjansen for å fullføra avhandlinga større, trur han.
– Kanskje me må vera litt urolege for at NAV ikkje har nok insentiv eller nok fokus på at ph.-d.-kandidatane skal bli ferdige, legg han til.
Han meiner stipendiatperioden på tre år er altfor kort for mange stipendiatar.
– Det er stor skilnad på kor omfattande eit ph.d.-arbeid er. Nokre kan jobba med data som allereie er samla inn, og kan gå rett på analyse og publisera. Andre må starta heilt frå scratch og samla inn data på eiga hand, trekkjer han fram.
Så viser han til at det er nokre kandidatar som har god oppfylging frå forskargrupper rundt seg som held på med mykje av det same. Andre held på heilt åleine, og då går det ofte mykje seinare.
– Får ikkje den oppfylginga dei har krav på
Stipendiatorganisasjonen i Noreg får aller mest innspel frå stipendiatar som har problem med rettleiinga.
– Dei tar kontakt fordi dei meiner dei ikkje får den oppfylginga dei har krav på. Det kan vera at rettleiar er utilgjengeleg.
Når ein er ferdig me kontrakten, så har ein ikkje krav på meir rettleiing, og det kan vera at dei treng det likevel, seier han.
Han vil derfor oppfordra institusjonane til å vera meir fleksible og kanskje tilby den siste rettleiinga som skal til for at kandidaten skal koma i mål i staden for å overlata han eller ho til seg sjølv når kontrakten er gått ut.
– Det vil også gagna institusjonen finansielt fordi ein då vil få pengar for ein avlagt doktorgrad, understrekar han.
Karl Henrik Reinås Storhaug blinkar også ut moglege jobbar doktorgradskandidatar kan ta på universitetet før doktorgraden er i mål. Han trur det må vera mogleg å tilby dei jobb som universitetslektor eller vikariat i andre stillingar utan å risikera at institusjonen blir pålagt å tilby dei fast jobb.
– Her må det vera mogleg å sjå på lovgjevinga og få tilpassa den slik at det er mogleg for dei å ha stillingar som kan støtta opp om doktorgradsarbeidet.
– NAV har ikkje høve til å særbehandla enkeltgrupper
Uniforum har vore i kontakt med fag- og leveranseleiar Jannicke Ericksen i NAV sentralt og presentert problema som ferdige og nesten ferdige ph.d-kandidatar opplever når dei må be om dagpengar.
Ynsket om meir fleksibilitet og meir skjønnmessig vurdering frå leiar for Stipendiatorganisasjonen i Noreg, Karl Fredrik Storhaug Reinås kan ho ikkje imøtekoma.
– Nav jobbar etter eit regelverk som er politisk bestemt, og det er i gjeldande regelverk ikkje gitt høve til å særbehandla enkeltgrupper med arbeidsledige, svarar ho Uniforum i ein epost.
Når det gjeld spørsmålet om kor vidt det er mogleg å få til ei løysing der Nav kan samarbeida med utdanningsinstitusjonar, og gjera unntak for ph.d.- kandidatar når det kjem til kva som vert rekna som arbeid, meiner ho Arbeids- og inkluderingsdepartementet er den rette instansen til å svara på det.
– Ulønna arbeid som universitetslektor vert rekna som arbeid
Jannicke Eriksen peikar på at det er fleire vilkår som må vera oppfylte, for å få innvilgja dagpengar og viser til nettsida nav.no/dagpenger Ho trekkjer fram at eitt av hovudvilkåra for å ha rett til dagpengar, er at den vanlege arbeidstida er blitt redusert med minst 50 prosent.
– Dagpengar vert normalt utbetalt for periodar der ein arbeider inntil 50 prosent av den vanlege arbeidstida si og vert gradert mot talet på timar ein har ført på meldekortet. Arbeider ein meir enn 50 prosent av vanleg arbeidstid, er ikkje vilkåret om tapt arbeidstid oppfylt og dagpengar vert ikkje utbetalt, slår ho fast.
Jannicke Eriksen understrekar at som hovudregel skal alt arbeid, lønna og ulønna, førast på meldekortet. Det vert derimot gjort unntak for arbeid av hobbyprega eller sosial karakter og ho viser til det som står i dagpengeforskriften § 4-4.
– Det å jobba ulønna med ordinære arbeidsoppgåver, som til dømes universitetslektor, vil verta rekna som arbeid etter dagpengeregelverket og fell ikkje inn under unntaka for ulønna arbeid, minner Eriksen om.