Intens speed-dating for oppstartsbedriftar

Ni studentdrivne oppstartsbedrifter fekk dra på speed-dating med investormiljø.

På ein tre minutter skulle studentane overbevise investorane om at deira oppstartsbedrift var verd å satse på.
Publisert

For fjerde gong inviterte NTNU investorar til pitch og speeddating med oppstartsbedrifter. Oppstartsbedriftene presenterte alt frå høgtalarar til eldre, KI-utvikling i India og energistyringssystem for plusskundar. 

StartupTRD skriv på si nettside at målet med dagen er å kommersialisere teknologi fra NTNU, ved å la investorar og NTNU startups møtes.

Prorektor for Nyskaping på NTNU, Toril Nagelhus Hernes, opna dagen med eit innlegg om Gnist Kapital, eit nylansert investeringsfond for teknologi-oppstartsbedriftar i og frå Trøndelag.

Larveoppdrett vann prisar med samla verdi på 200.000 kroner. 

Begge prisar gjekk til samme bedrift.

Arctic Protein ønsker å drive insektsoppdrett, for å gi eit berekraftig alternativ til fôr i oppdrettsnæringa. Student-bedriften vann både «Beste forretningsidé!» og «Bærekraftsprisen». Juryen bestod av alle deltakande investorar og ei berekraftsjury.

- Det er utrolig stas å få - ikke bare en, men to utmerkelser på en dag - Det gir en selvtillit på at den visjonen vi fremmer faktisk kan overbevise så mange i et rom. Det er veldig inspirerende, skreiv leiar i Arctic Protein, Eirik Myking, i pressemeldinga.

Følg UA på Facebook og Instagram.