Universitetet i Oslo plasserer seg som nummer 86 på Shanghai-rangeringa for 2026. NTNU finner me på ein plass mellom 151 og 200.
BESTE I NOREG: Dei nye UiO-studentane kan gleda seg over at dei har begynt på Noregs beste universitet, ifylgje Shanghai-rangeringa.Foto: Ola Gamst Sæther
Martin ToftMartinToftUniforum
Publisert
På gullplass på rangeringa finn me ikkje uventa Harvard-universitetet i USA, tett fylgd at dei to andre amerikanske universiteta Stanford-universitetet og Massachusetts Institute of Technology. Cambridge-universitetet i England kjem på fjerdeplass og er dermed det beste europeiske universitetet, ifylgje denne rangeringa. På femteplass kjem UiOs samarbeidsuniversitet i Californa, Berkeley-universitetet utanfor San Francisco.
Universitetet i Oslo hamnar denne gongen som nummer 86, tre plassar dårlegare enn i 2025.
– Gode arbeidsvilkår for studentar og tilsette er det viktigaste
Rektor Ragnhild Hennum trekkjer fram at universitetet ho leier framleis er Noregs beste.
– Me er glade for at me held posisjonen vår som Noregs klart best rangerte universitet. Sjølv om me går tre plassar ned, skårar me litt høgare enn i 2025. Det er bra, slår ho fast.
Hennum slår seg likevel ikkje heilt til ro med resultatet.
– Me vil halda fram med å arbeida målmedvite for å betra forskingskvaliteten på universitetet, utifrå eigne føresetnader, og ikkje på rangeringane sine premissar. Gode arbeidsvilkår for studentar og tilsette er det viktigaste for oss, understrekar ho.
Plasseringa som nummer 86 på 2026-utgåva av Shanghai-rangeringa er likevel langt betre enn det nest beste norske universitetet på lista. Der finn me NTNU på ein plass mellom 151 og 200, same plassering som i 2025, fylgd av Universitetet i Bergen som plasserer seg mellom 301 og 400. UiT Noregs arktiske universitetet hamnar mellom nummer 501 og 600 blant dei beste universiteta i verda. Universitetet i Agder kjem mellom universiteta frå nummer 901 og 1000.
NEST BESTE I NOREG: Dei nye NTNU-studentane kan gleda seg over at dei har begynt på Noregs nest beste universitet, ifylgje Shanghai-rangeringa.Foto: Marthe Kristine Nes Bjerva
To danske og to svenske universitet slår UiO
I Norden er det Københavns Universitet som gjer det best. Det kaprar 34.-plassen, medan det svenske medisinske universitetet Karolinska Institutet kjem seg opp blant dei 41 beste. Århus Universitet tar ein 81.-plass, og slår dermed UiO nesten på målstreken.
I Finland er det Helsingfors universitet som gjer det best, og det endar på ein stad mellom nummer 101 og 150. Tidlegare har det ofte gjort det litt betre på denne rangeringa enn UiO. Det vil seia at UiO er det femte beste universitetet i Norden, om me skal tru på denne rangeringa.
Det beste europeiske universitetet på denne rangeringa, er altså Cambridge-universitetet i England. Oxford-universitetet er nummer to. På tredjeplass i Europa kjem Paris-Saclay-universitetet i Frankrike som endar på ein 13.-plass på verdsrankinga. Det er det høgast rangerte universitetet utanfor den engelskspråklege verda.
I Asia er det Tsingua-universitetet i Kina som gjer det best med ein 18.-plass i verda.
Israelsk universitet best i Midtausten
I Midtausten er det det israelske universitet Weizmann Institute of Science som gjer det best og plasserer seg som nummer 71 i verda.
I Latin-Amerika er det Det nasjonale autonome universitetet i Mexico (UNAM) som gjer det best. Det ligg på ein plass mellom dei 201 og 300 beste i verda. I Afrika er det Cape Town-universitetet som skårar høgast og får også eit resultat mellom dei 201 og 300 beste universiteta i verda.
Mellom dei mest pålitelege
Shanghai-rangeringa blir saman med Times Higher Publications (THES) rangering rekna som dei mest pålitelege i verda.
Ifylgje forskarteamet på Shanghai Jiao Tang-universitetet som står bak rangeringa, byggjer dei resultata både på tal på publisering av forskingsartiklar, forskingsprisar og vurdering frå tidlegare studentar. Den byggjer også på objektive data frå tredjepartar. Sjølve meiner dei at rangeringa nyt godt av stor tillit.
I arbeidet med vurderinga av universiteta før publiseringa av 2026-rangeringa har dei gått 2500 universitet etter i saumane, og 1000 av dei er med i den ferdige lista over verdas beste universitet.