Sunniva Whittaker er valt inn i styret for den europeiske universitetsorganisasjonen
Rektor Sunniva Whitaker ved Universitetet i Agder (UiA) er valt til ny styremedlem i den europeiske universitetsorganisasjonen EUA. Det melder UiA på sine nettsider.
Rektor Sunniva Whttaker frå Universitetet i Agder er blitt ny styremedlem i European University Association. Motkandidat var den ungarske universitetsrektoren Levente Kovács.
Foto: Aron Braestup Loesnes
– Eg er audmjuk og glad over å ha fått tillit frå universitet over heile Europa, og klar til å bidra med eit nordisk perspektiv inn i diskusjonane i EUA, seier rektor Sunniva Whittaker i ein artikkel fra Universitetet i Agder som er blitt gjengitt av Uniforum.
Valet skjedde på eit ekstraordinært digitalt møte for alle medlemar av den europeiske universitetsorganiasjonen no i formiddag. Ho vann over motkandidaten Levente Kovács frå Obuda University i Ungarn.
– Det er ei urovekkande utvikling i fleire europeiske land. Universitetssektoren må stå saman for å hegna om demokratiet og å visa verdien av forsking, utdanning og nyskaping for samfunnet, seier Whittaker i oppslaget på nettsidene til Universitetet i Agder.
Sunniva Whittaker går inn i styret og erstattar svenske Astrid Söderbergh Widding som var rektor ved Stockholms universitet. Ho trekte seg frå rektorjobben og dermed også frå vervet som styremedlem i EUA fordi ho er blitt leiar for Wallenberg-stiftingane som finansierer forsking i Sverige.
European University Association representerer 900 universitet i 48 land.