Stal sjeldne plantar, no går UiO til politiet

For ei veke sidan blei tre av dei mest verdifulle og sjeldne plantane stolne frå Victoriahuset i Botanisk hage. – Tjuven blei filma av videokameraet vårt, seier Anneleen Kool som er hagesjef og botanikkprofessor.

ETTERLET STORT HOL: – Der var ein av plantane som blei stolne, fortel hagesjef Anneleen Kool i Botanisk hage og peikar mot eit gapande hol i samlinga av tropiske plantar i Victoriahuset.
Publisert

Dei sjeldne plantane som blei stolne tilhøyrer «Maurefamilien», og ein av dei ber det latiske namnet Hydnophytum. Det var NRK som var først ute med å fortelja historia om dette plantetjuveriet i Botanisk hage. 

For hagesjef og botanikkprofessor Anneleen Kool er dette eit stort tap. Men ho kan trøysta seg med ein ting.

 – Ja, me har videopptak av tjuven her frå Victoriahuset, og me har også videoovervaking av alle inngangane til Botanisk hage. Derfor har me veldig tydelege bilete av tjuven, opplyser ho til Uniforum.

Planten og mauren samarbeider

Uniforum møter henne utanfor Victoriahuset der plantane heldt til, før dei blei tatt opp med røtene og stolne av ein sannsynlegvis illegal plantesamlar. Ho tar oss med inn til åstaden for tjuveriet og gir oss ei innføring i kva som særmerkjer dei plantane som no er borte.

– Desse plantane er kjenneteikna ved at dei lagar eit holrom og byggjer eit ferdig hus, slik at mauren kan flytta inn. Det er to grunnar til at dei lagar desse holromma. Maurane gir dei næring samtidig som maurane forsvarar plantane. Det er eit utruleg morosamt samarbeid som skjer høgt oppe i regnskogsområde i Asia, fortel ho.

– Tydelege svarte hol

Ho legg til at ein av plantane som blei stolne tilhøyrer ein truga art av denne plantefamilien, den andre var under behandling som truga planteart og den tredje hadde enno ikkje fått eit offisielt artsnamn.

– Korleis blei tjuveriet oppdaga?

– Anders Neergaard som er gartnar i veksthuset såg det då han kom på jobb. Det er også ganske tydelege svarte hol. Han er glad i dei plantane, og la merke til tjuveriet med ein gong, fortel ho.

Så legg ho handa si over holet der ein av plantane er røska vekk. No håpar ho at gjerningspersonen kan bli identifisert.

HJELPTE IKKJE: Sjølv om det står eit klart varsel om at plantane er videoovervaka, tok tjuven likevel sjansen på å stela tre sjeldne plantar frå Victoriahuset i Botanisk hage. No skal videoopptaka overleverast til politiet, opplyser Anneleen Kool, som er hagesjef i Botanisk hage

 – UiO skal no overlata saka til politiet. Kenneth Nielsen i seksjonen for HMS og Beredskap (HMSB) skal melda saka til politiet og overlevera videopptaka. Me håpar dei utifrå dei bileta klarer å finna ut kven det er, seier ho.

Anneleen Kool veit at det er nokon som har dette som hobby.

 – Det finst nokon som samlar på sjeldne plantar og sel og kjøper dei.

– Finst ein god del tjuveri

Det er ikkje første gong nokon har stole plantar frå Botanisk hage.

– Det finst ein god del tjuveri. Folk stel grønsakene våre, men også sjeldne plantar som veks i Fjellhagen. Så det skjer altfor ofte, konstaterer ho.

Anneleen Kool peikar på at plantane i Botanisk hage ikkje berre er til pynt.

– Plantane brukar me jo sjølve i forsking og undervisning. Mange av dei tar me vare på fordi dei er truga i naturen. Publikum er glad for å sjå dei, så det er synd om desse plantane forsvinn, tykkjer ho.

– Dersom plantane forsvinn, må me setja i verk tiltak

– Vil de no endra rutinane dykkar, slik at det blir vanskelegare for vanlege folk å sjå dei mest sjeldne plantane?

– Me har ikkje begynt å snakka om det enno. Men for å vera ein botanisk hage må me ha plantar, og dersom plantane forsvinn, må me setja i verk tiltak.

Sjølv veit ho ikkje om tidlegare tjuveri av plantar i Botanisk hage er oppklarte av politiet. — Det einaste eg veit er at stolne robotgrasklipparar er komne tilbake. Men dei har GPS, og det har ikkje plantane våre, registrerer ho tørt.

– Det er eit kjempestort problem

Internasjonalt er tjuveri frå botaniske hagar svært vanleg.

– Det er eit kjempestort problem, og det finst til og med eit internasjonalt samarbeid for å avsløra illegal planehandel over landegrensene. Mange ser at sjeldne artar forsvinn og blir selde til samlarmiljø. Så plante-trafficking er eit stort problem, slår ho fast.

Denne veka drar ho og andre forskarkollegaer til Sør-Afrika for å drøfta eit samarbeid for å hindra tjuveri og eksport av sjeldne plantar.

– Sør-Afrika er eit land der mange sjeldne artar hamnar i botaniske hagar. Og dei blir overraska over kor mange slike plantar tollen på flyplassane heile tida avdekkjer og tar beslag i, seier Anneleen Kool.

– Håpar å få til eit samarbeid med Sør-Afrika

No ser ho fram til vidare kontakt med botanikarar i Sør-Afrika.

– Me håpar å få til eit utvekslingssamarbeid, der nokre frå Botanisk hage kan vera i Sør-Afrika i nokre periodar av året, og så kan me inngå samarbeid om korleis me kan spreia sjeldne og truga planteartar mest mogleg rundt i botaniske hagar i heile verda for å kunna ta vare på dei, fortel ho til Uniforum.

– Klimaendringar og arealbruk er store trugsmål mot plantar. Som botanisk hage prøver me å gjera vår vesle del ved å bevara desse plantane, seier Anneleen Kool.

Følg UA på Facebook og Instagram.