På tide med ei grundig evaluering på høgt nivå

Publisert Sist oppdatert

Diskusjonen om to målformer på eksamensoppgåvene er ikkje ny. Men lenge hadde NTH ikkje krav om to målformer. Eg var professor i fysikk i over tretti år, og gav oppgåvesett på berre nynorsk (og også på engelsk i dr-ing-fag), og der var aldri protestar frå noko hald.

Då det på 1990-tallet kom instruksar om oppgåvetekstar også på nynorsk, heldt eg fram som før, for instruksen frå NTH var heilt usymmetrisk og var skriven berre for dei lærarane som var bokmålsbrukarar. Som ein kanskje forstår utifrå dette trur eg ikkje tomåls-kravet har så mykje for seg, og eg er redd at det gir opphav til ein god del dårlege nynorsk-tekstar.

Kravet har lenge vore praktisert ved dei andre universiteta, og no i tjue år også ved NTNU. Det kunne vere på tide med ei grundig evaluering på høgt nivå.