gløshaugen

I dag vart Harald utmatrikulert: - Fem år med hardt arbeid

NTNU estimerte at 10.000 menneske ville vere tilstades under utmatrikuleringa i dag.

Harald Minde Hansen er ferdig med ein mastergrad i kybernetikk og robotikk. Foreldrene, Svein Jørgen og Ingvild er stolte av sonen og har kome for å sjå sonen sin bli utmatrikulert.
Publisert

I heile dag har det krydd av smilande studentar i kledd kofte, kilt, kjole, dress, bunad og andre flotte drakter på Gløshaugen. Anledninga er at det i dag er uteksaminering for alle som har fullført ein grad ved teknologifakulteta.

NTNU estimerte i forkant at med både føresette og studentar skulle det vere 10.000 menneske tilstades under seremonien.

På programmet finn vi Strindens Promenade Orchester, UKEkoret Pirum og talar frå dekanane, studentane og meir.

- Mykje artige sosiale arrangement

Harald Minde Hansen tykkjer det er stas å vere uteksaminert etter fem år på kybernetikk og robotikk-studiet.

- Korleis er det å stå her i dag etter fem år som NTNU-student?

- Nei, det kjennes jo veldig bra å vere ferdig etter fem år med hardt arbeid. Eg er svært glad for å vere ferdig med mastergraden min, fortel ein smilande Hansen.

Studentar, vener og familie samla på Frimerket for å sjå på Utmatrikuleringsseremonien.

- Korleis vil du summere tida som student i Trondheim?

- For meg som er ifrå Trondheim og kjenner byen godt har det vore kjekt å studere på Gløshaugen. Å få tilgang til ei ny verd, kring campus og ned gjennom Høgskuleparken, fortel Hansen.

- Det har vore ei tid med mykje artige sosiale arrangement og eg har stifta mange nye vennskapar, fortsett Hansen.

Ein er visst ikkje heilt ferdig utlærd trass i å ha levert master- og bacheloroppgåver. Her gir Strindens Promenade Orchester opplæring i kyllingdansen til publikum.