Mange meiner Trump er eit trugsmål mot akademisk fridom. Men trugsmålet mot amerikanske universitet har kome frå heilt andre hald enn Trump dei siste åra.
Den kjende professoren Jonathan Haidt var med og stifta Heterodox Academy i 2015, som protest mot politisk press mot universiteta frå den radikale venstresida.Foto: Tore Oksholen
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
Ytringsfridom,
toleranse og meiningsmangfald har kome under press nettopp der dette skulle stå
i sentrum, ved universiteta. Kva har skjedd?
Fakta
Anders Ulstein
Utdanning: Ulstein har en cand.mag. i språk og historie fra HiV og UiB + master i samfunnsvitenskap med hovedvekt på Europeisk politikk og historie fra LSE.
Nåværende jobb: Universitetslektor ved Institutt for IKT og realfag (IE), Campus Ålesund, der han også er nestleder utdanning. Hans undervisningsoppgaver er primært innenfor de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen.
Roller i UH-sektoren: Ulstein var medlem av språkpolitikkutvalget ved NTNU i 2022. Er leder av det nasjonale Fellessekretariatet for de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen.
Faglige interesser: Språk og akademisk skriving som del av ingeniørutdanningen. Språket er mer enn et kommunikasjonsverktøy, det er noe vi tenker med. Hva så når språklig kompetanse svekkes? Har ledet programarbeidet med kvalitetsseminarene ved Campus Ålesund i fire år.
Opptatt av: Hvordan vi verner om akademias overordnede samfunnsoppdrag og bevarer vår uavhengighet i møte med politiske vinder og økonomiske interesser. Uavhengighet forutsetter ytringsfrihet og takhøyde. Hvordan omstiller vi UH-sektoren i møte med de tunge strukturutfordringene landet står overfor, og hva betyr dette for ‘ett NTNU på tre campus’? Dessuten, universitetspedagogikken trenger et kritisk blikk og en ny start. Og: Er dagens studenter tilstrekkelig «studieforberedt»? Hvis ikke, må vi i større grad ‘studieforberede’ vår studenter selv, og hvordan gjør vi det?
Ei stad å
starte er korleis den radikale venstresida har snudd Martin Luther Kings draum på
hovudet: "I have a dream that my four little children will one day live in
a nation where they will not be judged by the color of their skin but by the
content of their character."
Martin
Luther Kings genistrek var å gjere kampen for rettigheiter del av den amerikanske
draumen.
Universiteta
skulle vere ein trygg stad der meiningar kan brytast på fredeleg vis, og der
det er kvaliteten på argumentet som tel, ikkje hudfarge, legning eller våre
kjensler i den eine eller andre retning.
Akademisk
fridom under press
Presset
på akademisk fridom har blitt gradvis større siste åra. Reaksjonane og debatten
rundt dette har vore omfattande. I 2015 blei til dømes Heterodox Academy etablert av mellom andre
professor Jonathan Haidt som ein politisk nøytral møteplass for å sikre
grunnleggande verdiar i akademia, slik som «open inquiry», «viewpoint
diversity» og «constructive disagreement», for å sitere dei rett.
Året før,
i 2014, blei dei såkalla Chicago-prinsippa til, også som ein reaksjon på utviklinga ved mange
universitet, utforma av ein kommisjon for ytringsfridom ved Universitetet i
Chicago, som mellom anna skriv:
«Because the University is committed to free
and open inquiry in all matters, it guarantees all members of the University
community the broadest possible latitude to speak, write, listen, challenge,
and learn . . . . [I]t
is not the proper role of the University to attempt to shield individuals from
ideas and opinions they find unwelcome, disagreeable, or even deeply offensive [I].”
Erklæringa
er no signert av over 100 institusjonar innan høgare utdanning i USA.
Kritikken
av universiteta er altså ikkje eit innfall frå Trump.
Har du
blitt rapportert?
Ei undersøking ved Universitetet i
Sør-Dakota viste
at i 2023 meinte så mange som 42% at pensumlitteratur ikkje må ha med tekstar
som «makes students feel uncomfortable». Ei undersøking frå 2024 viser eit fall
til 34%.
Det mest
sjokkerande ved denne undersøkinga var kor mange studentane som ønskjer å
«angje» lærarar dei ikkje likar. Dersom ei lærar kjem med utsegn som studentane
finn støytande (offensive), meiner 82% av studentane til venstre for sentrum (liberal/liberal
leaning) at dette må rapporterast til universitetsleiinga. Nesten like mange meinte
at også medstudentar må rapporterast dersom dei seier noko «offensive».
I staden
for toleranse har vi fått sensur og sjølvsensur. Ei undersøking frå 2023 i regi av Heterodox Academy viser
at nesten halvparten av dei spurte studentane ikkje ønskjer drøfte
kontroversielle tema i klasserommet eller på campus forøvrig. Undersøkinga
viser dessutan at dette ikkje endrar seg gjennom studiet.
Universitetsutdanninga ser ikkje ut til å gjere studentane meir tolerante.
Spørjeundersøkingar
i regi av FIRE viser at eit stort fleirtal av dei spurte meiner vilkåra for
ytringsfridom går i feil retning. Og eit minst like stort fleirtal er urolege
for deira rett til ytringsfridom.
På FIRE
si rangering av ytringsfridom ved amerikanske utdanningsinstitusjonar ligg til
dømes Harvard nedst av alle 251 universitet som var omfatta av undersøkinga. For
dei fem siste universiteta i rangeringa viser undersøkinga at 81% av alle forsøk på scenenekt (deplatforming)
lukkast.
Ei anna undersøking frå i fjor viser at mange vitskaplege tilsette sensurerer seg sjølv
og at det ved mange fakultet nå rår ein fryktkultur. FIRE skriv at situasjonen
no er verre enn under McCarthyismen på 50-talet.
Det er
såpass ille at eg siterer hovudfunna frå FIRE her:
35% of faculty say they recently toned down their writing for fear of controversy, compared to 9% of faculty who said the same during the McCarthy era;
14% of faculty suffered discipline or threats of discipline for either their teaching, research, academic talks, or other off-campus speech;
27% of faculty feel unable to speak freely for fear of how students, administrators, or other faculty would respond;
40% of faculty worry about damaging their reputations because someone misunderstands something they have said or done;
23% of faculty worry about losing their jobs because someone misunderstands something they have said or done;
50% of faculty say it is rarely or never justified to require faculty job candidates to submit statements pledging commitment to diversity, equity, and inclusion;
66% of faculty say colleges and universities should not take positions on political and social issues.
Greg Lukianoff
er i dag ein av leiarane i FIRE. Han skreiv I 2018 The Coddling of the American Mind: How Good Intentions and Bad
Ideas Are Setting Up a Generation for Failure saman med psykologiprofessor
Jonathan Haidt. Der foreslår dei ulike forklaringar og legg mest vekt på framveksten
av sosiale media og smarttelefonen. På sosiale media er alt svart – kvit. Idear
og menneske er enten gode eller vonde. Kjenslene har alltid rett. Tema dei åtvarar
mot er identitetspolitikk, safetyism og interseksjonalitet m.m.
Politisk
slagside
Ei anna
forklaring er rett og slett at universiteta siste åra er fått kraftig politisk
slagside. I ei undersøking av over 8000 vitskaplege tilsette
i innstegsstillingar («tenure-track») i 2018, fant Mitchell Langbert i gjennomsnitt
10 demokratar mot kvar republikanar av dei som hadde registrert si politiske
tilknyting.
Gjennomsnittet
skjuler interessante funn. Ikkje overraskande var det mest balanse i STEM-faga.
I historiefaget var tilhøvet 17:1, Engelsk: 48:1 osb. Heile 39% av
institusjonane som blei undersøkt hadde ingen republikanarar i det heile.
I tillegg
til identitetspolitikk og interseksjonalitet m.m. har dette truleg bidratt til
at folk flest har mindre tillit til universiteta. Dette er ei
polarisering med ringverknader langt ut i samfunnet.
Mangfald?
I ein artikkel i Khrono viser Førsteamanuensis
Adrian Peretz ved OsloMet korleis til dømes Harvard, Columbia og
Universitetet i California, har kravd at alle søkjarar skal legge ved ei
mangfalds-erklæring der ein er oppmoda til å skrive om sine personlege
erfaringar og syn på rase og kjønn, mellom anna.
Eit forskingsarbeid ved Manhattan Institute har vist
at desse har hatt stor betydning ved vitskaplege tilsettingar. Er du sterkt
oppteken av dei rette sakene og har du eit personleg engasjement, kan ein gå
forbi andre kandidatar som er elles betre fagleg kvalifisert.
Dette er
antitetisk til kva eit universitet skal vere. Eit universitet må vere ein stad
der vi alle er frie til å tenkje, arbeide, publisere og drøfte - både det som
er velkjend og allment, men også utforske nye område og kritisere det gamle.
Og
uansett kva som er rett, eller kven som har rett, må ein kunne gjere dette utan
frykt. Gruppetenking og sensur er ein gift for alle grupper, men for akademia
er det ein gift som treff sjølve livsnerven i det eit universitet skal vere. Ikkje
berre er dette ei utvikling som trugar den einskilde sine rettar og sin fridom,
men det vil hemme vitskapleg utvikling og framgang i samfunnet.
I same
perioden har framande land som Qatar og Kina pøser enorme beløp inn i
amerikanske universitet. Også dette kan reise spørsmål om truverd og
interessefridom.
Joel
Finkelstein ved Network Contagion Research Institute uttalar til Free Press at dette er ein nasjonal
tryggingskrise: «Hostile powers are buying influence on American campuses at an
industrial scale». Eit av krava frå Trump er no at universiteta i større grad
må oppgje kva dei tek i mot, og frå kven.
Akademia
er ikkje immune
Trugsmål
mot fridom, enten det er akademisk fridom eller politisk treng sjølvsagt ikkje
alltid kome frå venstre, sjølv om det er det som har skjedd dei siste åra. Langt
i frå. Lærdomen frå historia er ein heilt annan. Går vi tilbake i tid var det
venstresida som kravde ytringsfridom og ytringsrom for seg og sine idear. Berre
tenk på kvinnesak og arbeidarrettar. Ytringsfridom var ei brekkstong.
På
30-talet var tyske akademikarar sentrale støttespelarar for Hitler. Mange studentorganisasjonar
var i lang tid før Hitler stengt for jødar, og nokre var militante. Universitetsutdanna
og studentar skal ha vore overrepresenterte i NSDAP – Hitlers parti. Det var
langt fleire enn Albert Einstein som reiste frå Tyskland i desse åra. Samstundes,
tyske universitet på den tida var verdsleiande.
Historieprofessor
Niall Ferguson hevdar at tyske akademikarar ikkje berre
blei nazifisert, men at dei spelte ei leiande rolle i framveksten av nazityskland.
Og Maos kulturrevolusjon som kan ha kosta 1-2 millionar liv? Den starta Mao ved
universitetet i Beijing. Studentane var oppglødde og forma Rødegardistane - Maos
terrorinstrument. Den norske Studentfylkingen, som var NS sin
studentorganisasjon, skal ha vært største aktive politiske gruppa ved Universitetet i Oslo i
1933.
Poenget
er at universitetsutdanning ikkje gjer ein immun. Intoleranse kan bløme minst
like mykje ved universitetet som andre stader. Det er tvert om all grunn til å
vere merksam på autoritære tendensar ved universiteta.
Dagen
etter Hamas’ store terrorangrep på Israel publiserer 33 studentorganisasjonar
ved Harvard ei erklæring som legg all skuld for angrepet på Israel. Leiinga ved
Harvard sat heilt stille. Dette innleiar ein periode med trakassering av
jødiske studentar på campus.
Ein rapport frå Harvard denne veka slår fast at jødiske
studentar hadde “faced bias, suspicion, intimidation, alienation, shunning,
contempt, and sometimes effective exclusion from various curricular and
co-curricular parts of the University and its community — clear examples of
antisemitism and anti-Israeli bias.”
Anti-Defamation
League ga i fjor Harvard og andre universitet strykkarakter på sin anti-semittisme-index. Ei
rekke konkrete overgrep blei etterforska av
utdanningsdepartementet (dette var under Biden-administrasjonen).
Dialog,
tryggleik og toleranse var ikkje lenger så viktig for universiteta når det
gjaldt.
Samfunnsrolla
Skal
akademia spele si samfunnsrolle, og vere truverdige, må det først få orden i
eige hus. Det som har skjedde ved ei rekkje amerikanske universitet som Harvard
er eit trugsmål mot grunnleggande vitskaplege og akademiske verdiar. Dette er
problemet. Det er dette som trugar universiteta, ikkje Det kvite hus.