gjesteskribenten

Om akademisk ytringsplikt

- Akademisk fridom er ein grunnleggande rett vi skal ha, men kva med vår plikt til å bruke den? Fornybar energi og kjernekraft er ein prøvestein, skriv UAs gjesteskribent.

Jonas Nøland og Martin Hjelmeland forskar på kjernekraft, men vert som regel ikkje invitert med når NTNU set alternative energikjelder på agendaen. - Kvifor er NTNU det siste energimiljøet i Norge som interesserer seg seriøst for kjernekraft, for å sette det på spissen? Spør gjesteskribent Anders Ulstein.
Publisert Sist oppdatert

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Har vi eit fagleg klima ved NTNU der kritiske røyster er velkomne? Viss ikkje, er akademisk fridom berre ein pen fasade.

Vi har eit samfunnsoppdrag, og der debatten i samfunnet er polarisert eller der meiningskorridoren er smal, må ikkje universitetet ta etter, tvert om. Universitetet må då vere ei motvekt.

Det finst ei rekke tema som er gode eksempel, alt frå kjønn, innvandring, krigen på Gaza til klima og berekraft. Nettopp i slike saker må det vere eit tydeleg skilje mellom korleis debatten går føre seg utanfor og innanfor universitetet. Nettopp her må det vere tydeleg av aktivisme høyrer heime på utsida; det er antitetisk for kva eit universitet står for.

Anders Ulstein

Universitetet skal til dømes ikkje ha ein utanrikspolitikk, klimapolitikk eller sosialpolitikk. Vi er ikkje ein interesseorganisasjon, eit parti eller eit trussamfunn. Vår styrke er at vi kan drøfte sjølv dei mest vanskelege og grunnleggande saker på ein sakleg måte. Dette idealet må vi halde fast på. Men nettopp i ein del av desse sakene har vi noko å lære.

Fakta

Anders Ulstein

  • Utdanning: Ulstein har en cand.mag. i språk og historie fra HiV og UiB + master i samfunnsvitenskap med hovedvekt på Europeisk politikk og historie fra LSE. 
  • Nåværende jobb: Universitetslektor ved Institutt for IKT og realfag (IE), Campus Ålesund, der han også er nestleder utdanning. Hans undervisningsoppgaver er primært innenfor de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Roller i UH-sektoren: Ulstein var medlem av språkpolitikkutvalget ved NTNU i 2022. Er leder av det nasjonale Fellessekretariatet for de alternative opptaksveiene for ingeniørutdanningen. 
  • Faglige interesser: Språk og akademisk skriving som del av ingeniørutdanningen. Språket er mer enn et kommunikasjonsverktøy, det er noe vi tenker med. Hva så når språklig kompetanse svekkes? Har ledet programarbeidet med kvalitetsseminarene ved Campus Ålesund i fire år.
  • Opptatt av: Hvordan vi verner om akademias overordnede samfunnsoppdrag og bevarer vår uavhengighet i møte med politiske vinder og økonomiske interesser. Uavhengighet forutsetter ytringsfrihet og takhøyde. Hvordan omstiller vi UH-sektoren i møte med de tunge strukturutfordringene landet står overfor, og hva betyr dette for ‘ett NTNU på tre campus’? Dessuten, universitetspedagogikken trenger et kritisk blikk og en ny start. Og: Er dagens studenter tilstrekkelig «studieforberedt»? Hvis ikke, må vi i større grad ‘studieforberede’ vår studenter selv, og hvordan gjør vi det?

Ein marknadsplass av idéar

Akademisk fridom er det som sikrar at universitetet er ein marknadsplass av idéar. Det er ein føresetnad, men ingen garantist, ser det ut til. Årsakene er dei same som alltid, folk teier, sensurerer seg sjølv, ein tilpassar seg fleirtalet, og ein blir opportunist framfor kritikar. Vi kan ha fridom, men brukar den ikkje.

Ein slik konsensuskultur kan vere sjølvpålagt eller styrt og stimulert på ulikt vis, og det setter seg etter kvart umerkeleg i veggane. Ofte blir det av dei fleste ikkje oppfatta som negativt, tvert om kan det for dei aller fleste vere svært triveleg å arbeide i ein sterk konsensuskultur. Det er så godt å vere einige.

Akademisk fridom i seg sjølv er ingen garanti mot slik gruppetenking, ser det ut til. Det einaste som hjelper er plikten folk likevel har til å ytre seg – trass alt. Akademisk fridom er difor noko du kan måle på graden av kritisk debatt.

Det manglar ikkje på snakk om akademisk fridom og ytringsfridom i vår tid. Vi pyntar oss gjerne med det. Men akademisk fridom blir borte om ein ikkje brukar den.

Det akademiske imperativ

Som akademikar gløymer vi lett at vi står under et imperativ: vi skal være uavhengige, kritiske, nøytrale og skeptiske! Dette er faktisk ikkje eit spørsmål om smak og behag.

Akademisk fridom er ikkje grønt lys for å gjere som ein vil eller det som er opportunt. Den akademiske fridomen er ein føresetnad, men i seg sjølv ikkje målet. Målet er mangfald av meiningar, perspektiv, idear og analysar.

Det som pregar akademisk fridom framfor anna fridom er den skal gjere oss uavhengige, kritiske og skeptiske; det er vårt rasjonale. Utan dette er vi ikkje forskjellige frå ein frivillig organisasjon eller eit såpefabrikk.

Vi har difor ikkje fått fridom til å drive kampanjar under dekke av akademiske titlar – den fridomen har vi allereie, men utanfor universitetet. Vi har ei heilt anna rolle:

Utanfor vindauget skal samfunnet stå og sjå inn på oss. Der inne skal dei sjå ein marknadsplass av konkurrerande idear, argument og analysar utfalde seg. Samfunnet der ute skal sjå at måten desse debattane går føre seg på er vitskapleg, gjerne med litt temperatur i kantane, men i sin hovudsak sakleg og drøftande.

Pro et contra

Dette er ulikt slik debatten går føre seg elles i samfunnet. Ein kvar debatt bør sjølvsagt vere sakleg, men dei politiske debattane er i sin natur pro aut contra, enten-eller. Slik må det nesten vere.

I mange saker må ein ta eit val, både som samfunn og einskildperson. Vi kan ikkje stå ved døra og tvile. Då blir det enten – eller, og med det vesle vi har av kunnskap. I politikk og kvardagsliv står vi alle der, vi må ta val utan å vere heilt sikre.

Men ved universitetet har vi det annleis. Vi er heller ikkje sikre i alle saker. Langt i frå. Men i vitskapen og det akademiske ordskiftet er vi primært interessert i pro et contra - argumenta både for og mot. Det er greitt for vi skal ikkje styre samfunnet; vi slepp det ansvaret. Vårt ansvar er å sikre marknadsplassen av idear, perspektiv og analysar.

Så får vi akseptere at vi også i akademia gjerne lener oss litt i den eine eller andre retninga, men i sum skal vårt bidrag vere å legge fram alle sider av ei sak.

Dette gjer at samfunnet som står på utsida av vindauget og ser inn på oss får tillit til oss og lærer noko, ja at alle lærer noko frå ein debatt som er slik, pro et contra. Her leverer vi samfunnsoppdrag nr.1.

Opportunisme eller skeptisisme

Dei som då står på utsida av dette universitetsvindauget kan så bruke det dei ser som dei vil. Sjølv skal universitetet vere varsam med å levere sanning i store spørsmål som kviler på mange komplekse føresetnader.

Det kan vere vanskeleg for eit fagmiljø å vere opportunistisk og skeptisk på same tid. Det må likevel ikkje vere tvil om kva av desse to som må kome først.

Dette er utfordrande. Eit fagmiljø vil vere oppteken av finansiering, status, posisjonar, nettverk, og resultat. Vi ser oss difor stadig om etter moglegheiter.

La oss ta eksempelet fornybar energi. Havvind, batteri, elektrifisering og hydrogen er område som i det siste har møtte store utfordringar.

Havvind i krise

For nokre år sidan høyrde eg på prodekan for berekraft ved IE-instituttet, Ole-Morten Midtgård legge fram fakultetet sin nye berekraftsstrategi. Dette er ein strategi med alle dei svulstige fyndorda vi no er blitt vande med. Han la mellom anna stor vekt på kor viktig havvind vil bli.

Eg spurde om ikkje fakultetet si rolle også må vere å bidra med ein kritisk og balansert debatt om berekraft, og på den måten gjere berekraft meir berekraftig. Han avviste spørsmålet: han ville ikkje gå inn på ein «filosofisk debatt» om universitetets rolle.

Og no er vi der. Den kritiske debatten om elektrifisering på ulike område som havvind reiser seg rundt NTNU på alle kantar. Fornybarindustrien er i krise på område etter område, og land etter land blir det satsa på kjernekraft.

Ei rekke store aktørar har skalert ned, stansa eller trekt seg ut av havvindprosjekt rundt om i verda, frå svenske Vattenfall, Equinor, BP, Ørsted, Aker Horizon, Siemens og GE Renewables. Ei rekke aktørar trakk seg nyleg frå Utsira Nord.

Danske Ørsted trakk seg nyleg frå havvindprosjektet Hornsea 4 i Storbritannia. Det blei for dyrt. Industrikonsernet Aker med Røkke i spissen melder om «grønn fiasko» med fornybarselskapet Aker Horizons. Det grønne superselskapet fekk ein flying start på børsen, men har kollapsa, og er avvikla.

OECD har i ein rapport nyleg tilrådd Noreg å avvikle den store støtta til havvind og batterifabrikkar. Det spesielle er at vi subsidierer både produksjon av kraft (havvind) så vel som bruken av den (batteri). Dette kan ikkje vere økonomisk berekraftig.

Finansminister Stoltenbergs eige ekspertutval har nyleg også tilrådd å stanse utbygging av norsk havvind. Det blir for dyrt. I ein rapport NVE har skrive på oppdrag fra Energidepartementet konkluderer de med at «I de aller fleste tilfeller oppnår norsk havvind for lave priser til å dekke sine kostnader over levetiden».

Sjølv departementets eiga utgreiing viser at havvind også i framtida vil ha høgare produksjonskostnad enn straumprisen.

Kritikken av elektrifisering av sokkelen har også auka i styrke. Det er usikker klimaeffekt, høy samfunnsøkonomisk kostnad og det legg stort press på kraftsystema.

Statkraft trekk seg ut hydrogen-prosjekt etter 300 mill. Batterifiaskoene i Sverige og Norge har vi friskt i minne. Store overskrifter.

Kva rolle har NTNTU hatt i denne perioden der denne teknologien har vore sentralt tema for NTNUs energimiljø? Har vi vore den kritiske og objektive partnaren vi skulle vore?

Kva seier det om NTNUs energimiljø at dei kritiske innvendingane ser ut til å kome frå alle andre stader enn dei?

For det er ikkje frå NTNU at kritikken og motstanden har kome, det er frå andre ekspertar, frå marknaden og frå møtet mellom teknologi og den fysiske røyndomen.

Dei få røystene som har vore kritiske ved NTNU er få og utanfor det gode selskapet, ser det ut til. Tvert om har NTNU i det store og heile vore ein pådrivar for ei utvikling innan fornybar energi som no på mange område er i alvorleg krise.

Kjernekraft

Kvifor er NTNU det siste energimiljøet i Norge som interesserer seg seriøst for kjernekraft, for å sette det på spissen?

Mange land satsar no på kjernekraft, som Finland, Sverige, Danmark, mellom anna som naudsynt balansekraft for vind og sol. Den same interessa ser vi i Noreg.

I dag er det til dømes berre SV som er mot kjernekraft på Stortinget. Alle andre ønskjer oppstart eller utgreiing. Sjølv Miljøpartiet dei Grøne ønskjer utgreiing.

Det er gode grunner for at NTNUs sentrale fagmiljø innan energi er borte frå denne debatten. Eit godt døme finn vi i eit av dei mest giftige innlegga eg har sett i UA. I «Kjernekraftpropagandaen virker» (Universitetsavisa 10.10.23) samanliknar den gong IEs prodekan for berekraft og innovasjon Ole-Morten Midtgård NTNUs kjernekraftforskarar med forskarar som i si tid hjelpte tobakksindustrien med å undergrave samanhengen mellom tobakk og kreft.

Midtgård nemner ikkje namn, men alle veit at det er professor Jan Emblemsvåg, professor Jonas Kristiansen Nøland og postdoktor Martin Hjelmeland – all tre ved same fakultet ved NTNU – som Midtgård rammer på denne måten. Alle tre hadde hatt fleire innlegg mellom anna i Universitetsavisa om kjernekraft.

Poenget til Midtgård er at kjernekraft risikerer avspore arbeidet med fornybar energi (i første rekke havvind), og sjølv om han medgir at kjernekraft kan vere eit alternativ i andre land, er altså ein debatt om dette i Norge eit svik på linje med forskarar som blei kjøpt av tobakksindustrien.

Dette er grovt insinuerande. Innlegget er dessutan eit avskrekkande signal til alle som arbeider med energi, fysikk og berekraft: Ligg unna kjernekraft! Midtgård har vore sentral fagperson ikkje berre ved Institutt for elektrisk energi og IE-fakultetet men også innan TSOen NTNU Energi. Liknande signal har kome frå andre nestorar innan energifeltet ved NTNU, slik som Johan Hustad og andre. Dette er arrogant pedanteri for å halde kritiske stemmer ute. Kva slags kultur er dette?

Hugs samtidig at når to av desse kjernekraftforskarane, Nøland og Hjelmeland, eit par månader seinare kalla ein rapport for eit «bestillingsverk», var dette nok til at rektor Anne Borg gjekk ut med offentleg refs av dei to. Kor mykje grovare er det ikkje for ein prodekan å kalle kollegaer for propagandistar og «merchants of doubt»?

Innlegget til Midtgård var difor dårleg nytt for korleis vi ved universitetet skal diskutere kjernekraft og berekraft midt i ei tid då dette er svært aktuelt. Var det slik vi skulle forvalte samfunnsoppdraget?

Professor Midtgård blir frå hausten generalsekretær i Norges Tekniske Vitenskapsakademi (NTVA). «Å gi større plass til kunnskap om teknologi og naturfag i samfunnsdebatten er ei utrulig viktig oppgåve», seier han til UA. Vel, vi får sjå.

Same hausten gjekk som sagt rektor Anne Borg ut med sterk kritikk av kjernekraftforskarane Jonas Nøland og Martin Hjelmeland ved IEE etter at dei skreiv eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv. Dei kalla ein rapport frå Rystad Energy bestilt av NHO, Norsk Industri og Fornybar Norge for eit «bestillingsverk». Det skulle dei visstnok ikkje ha gjort.

«Bestillingsverk» er eit spissa uttrykk, men det er eit faktum at fornybarindustrien bestilte ein rapport om sin største konkurrent i ei tid då kjernekraft kom på agendaen i Noreg. Saka skapte eit lite jordskjelv, og førte som kjent til at rektor Borg trakk seg frå stillinga.

Sjølvsagt kan ein prodekan og rektor argumentere for ei tradisjonell forståing av berekraft som ikkje omfattar kjernekraft. Men for ein prodekan og rektor med eit overordna ansvar for dagsorden innan berekraft og innovasjon må ein forvente at det også blir gitt rom for eit mangfald av kritiske analysar og synspunkt.

Les fleire bidrag frå gjesteskribentane her

I desse sakene var NTNU definitivt ikkje ein nøytral marknadsplass for idear.

Økosystemet

Eit paradigme med sine velfunderte teoriar og breie konsensus har ein tendens til å skape eit sjølvforsterkande interessefelleskap, med posisjonar, nettverk, revir og ikkje minst økonomiske tryggleik. Kanskje ein kan snakke om makt. Dette er menneskeleg, men ikkje vitskapleg.

Har eit forskingsmiljø bygd seg ein karriere på ein teori, står det mykje på spel. Det handlar om jobb, karriere, nettverk, finansiering, posisjon og prestisje, og det femner om relasjonar til sponsorar, industripartnarar og statlege institusjonar og forskingsråd. Det dannar seg nettverk og alliansar som blir gjensidig avhengige av kvarandre, og der kritiske alternative synspunkt kan truge heile økosystemet. Då vil det lett forsvare seg.

Forskingsmiljø og institusjonar som NTNU må heile tida vere oppmerksame på slike tendensar og motverke dei. Å hindre gruppetenking er eit leiarskapsansvar. Tendensen ligg alltid på lur; den er ofte institusjonalisert i ordningar og agendaer. Dette krev at vi er ekstra villige til å invitere inn kritikarar, sjølv dei vi ikkje likar, og sjølv dei som objektivt sett truleg ikkje har rett.

Arendalsveka

Ved Arendalsveka i fjor og i år har NTNU ei rekke arrangement, ofte i samarbeid med SINTEF. Fleire av dei handlar om energi. Ingen av desse tek opp kjernekraft og ingen aktørar frå dette feltet er med. Dei som er med frå NTNU og SINTEF, er mot kjernekraft i Noreg.

Når kjernekraft likevel er eit tema på Arendalsuka er det i regi av heilt andre arrangørar, som Klimavenner for kjernekraft der til dømes NTNU-professor Nøland deltek. Han deltek ikkje på noko arrangement i regi av NTNU eller SINTEF om energi.

Eit anna arrangement i regi av NTNU og SINTEF har tittelen: «Har vi råd til havvind i Norge?». Her er det fire frå SINTEF og NTNU med, to frå vindkraftindustrien og ei frå Forskningsrådet. Eg vil ikkje satse pengar på at nokon i dette panelet vil svare nei på spørsmålet som blir stilt.

Allereie i introduksjonen til debatten argumenterer arrangøren for eit ja: «Norge har store ambisjoner innen havvind og muligheter for betydelig industriutvikling. Samtidig advarer flere eksperter om at havvind, spesielt flytende havvind, kan bli vesentlig dyrere enn tidligere antatt, blant annet på grunn av sikkerhetspolitiske forhold og lavere tempo i utbyggingen. Men er det virkelig så dyrt når vi inkluderer læringseffektene? Og vil investeringen likevel være verdt det når man tar med på industriutvikling, arbeidsplasser, klimagasskutt og natur i regnestykket?»

«Bli med på diskusjonen med eksperter, næringslivsledere og politikere som tar for seg havvindens fremtid i Norge», skriv NTNU/SINTEF. Men dei kritiske «ekspertane» er altså ikkje invitert. Fire politikarar er rett nok invitert – ein av dei frå Frp, den einaste som truleg vil svare nei på spørsmålet i tittelen.

Dette er økosystem i praksis.

Kva tenkjer Storting og departement no?

Det nye Stortinget vil truleg drøfte kva type framdrift ein ønskjer innan kjernekraft. Ei omfattande utgreiing er sannsynleg. Truleg meir pengar til forsking også. Det blir interessant å sjå kva fagmiljø i Noreg departementet vil vende seg til for dette arbeidet…

For NTNU må det vere eit tankekors at interessa for kjernekraft er blitt stor i ein periode der NTNU Energi og IE-fakultetets prodekan har arbeidd hardt i mot.

Tilsvarande om havvind: Dei kritiske perspektiva i Noreg kjem i det store og heile frå heilt andre miljø og aktørar enn NTNU Energi. Dette kan neppe vere i NTNUs langsiktige interesse.

Dette handlar altså ikkje om kven som har rett eller ikkje i sak, men kvifor ikkje meir av den kritiske debatten om kjernekraft og havvind gått føre seg innanfor NTNU?

Berekraftig berekraft

Sidan vi no står oppe i ein ny strategiprosess, er det fint å sjå at akademisk fridom blir løfta stadig oftare fram. Dette er ikkje nok. Vi skulle i større grad tenkje over kva dette betyr og korleis denne fridomen blir brukt.

Kva som ligg i vår samfunnsrolle bør undersøkast på nytt. Det er ikkje å løyse verdas problem, det er dei folkevalde sitt ansvar. Vi skal vere ein marknadsplass for idear og kritisk tenking som dei folkevalde og samfunnet kan arbeide med. Rollene må bli tydelegare. Utviklinga innan energifeltet viser kor risikabelt det er å binde seg til masta.

Vi er ikkje ein ytre etat. Det er ikkje det som ligg i samfunnsoppdraget. Eit universitet må ikkje internalisere politiske målsetningar som Net Zero, FNs berekraftsmål eller at Noreg skal bli verdsleiande havvind, for så å la desse vere gitte premiss for alt vi gjer. Dette ender med posering og symbolpolitikk i beste fall, og i verste fall at vi ikkje løyser oppdraget vårt innan kritisk tenking.

Dagens regjering ønskjer at Noreg skal bli ein stormakt innan flytande havvind. Kanskje det. Men NTNU si rolle er ikkje å iverksette dette, men bidra med kritisk tenking. Og til hausten får vi kanskje ei ny regjering…

Vi kan alle samle oss om berekraft på eit grunnleggande nivå, men då må debatten om dette vere brei og pågåande, utan føringar og dogmatikk. For kven skal drøfte om berekraftstiltaka er berekraftige, om ikkje universitetet? Dette må inn i strategien som ei oppgåve.

Eldsjelene

At NTNU trass alt har ein kritisk debatt om havvind og eit aktivt engasjement innan kjernekraft skuldast nokre få eldsjeler ved NTNU slik som Nøland, Emblemsvåg og Hjelmeland (og det sikkert fleire som eg ikkje kjenner til).

I dette har dei valt ikkje å følgje flokken. Dette trur eg er eit ideal.

Den kritiske debatten er ikkje frivillig, den er eit imperativ.