UHR-konferansen

Sigrun Aasland: – Det må vera debatt om forskingsresultat, men utan angrep på forskaren

– Å prioritera innanfor kvar institusjon er dykkar oppgåve. Det må de gjera utan å ta omsyn til utspelet om tullestudium, sa forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland på eit møte i Universitets- og høgskulerådet i formiddag.

MISBRUK: – Me må vera på vakt mot misbruk av informasjon og feil bruk av kunstig intelligens, understreka Sigrun Aasland.
Publisert Sist oppdatert

Toppleiarar og andre tilsette frå heile universitets- og høgskulesektoren var samla då Universitets- og høgskulerådet (UHR) markerte 25-årsjubileet sitt på Radisson Scandinavia Hotel i dag.

Det skriver Uniforum.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (A) heldt opningstalen.

– Må vera på vakt

Ho brukte høvet til å åtvara akademia. 

– Me må vera på vakt i Noreg mot misbruk av informasjon og feil bruk av kunstig intelligens, understreka ho.

Aasland kom også med ein manual om korleis forskinga skal få best moglege vilkår. 

– Å skapa gode kår for akademisk fridom og debatt. Det er ein temperaturmålar for demokratiet vårt, sa ho.

– Forskinga må vera etterretteleg for at me skal kunna bruka den, og forskarar må delta i den offentlege debatten. Det treng me meir av for å løysa samfunnsutfordringar, understreka ho. 

– Skal ikkje bli skjerma frå debatt

– Akademisk fridom betyr ikkje at forskarane sine utspel ikkje skal bli skjerma frå debatt. For me kjem aldri fram til sanninga, men berre til det beste me kan akkurat no, slo ho fast.

Ho peika på at forskarar og sivilsamfunnet må ha lov til å vera ueinige.

– Pandemien var eit godt bilete på forholdet mellom fag og politikk. Der kunne fagfolka koma med forslag til tiltak som ikkje alle i samfunnet var einige i. Politikarane måtte ta avgjerda til slutt etter å ha vege ulike omsyn opp mot kvarandre, peika ho på. 

Statsråden meinte at det store engasjementet rundt forsking er positivt. 

– Det må vera debatt om forskingsresultat, men det skal ikkje vera personlege angrep på forskarar, understreka ho.

– Får mykje hets

 I ein samtale med UHR-leiar Tor Grande rett etter talen utdjupa ho dette:

– Forskarar som forskar på ekstremisme får mykje hets. Det er skilnad på å vera ueinig med ein forskar og å vera ueinig med ein heil institusjon. Derfor er det viktig med støtte til dei som vågar å stå i den offentlege debatten, sa ho.

VIKTIG MED STØTTE: – Det er viktig med støtte til dei som vågar å stå i den offentlege debatten, sa Sigrun Aasland i samtale med UHR-leiar Tor Grande.

Aasland trekte også fram kva rolle universiteta bør ha.

– Det er utruleg viktig at universiteta er ei kritisk stemme og lærer studentane opp til å vera kritiske og om kva som er vitskapleg metode, var rådet ho kom med.

Når det gjeld forskingssatsingar, var det kunstig intelligens ho var mest opptatt av.

– Me må læra meir om å bruka KI på ein etisk rett måte og visa veg for resten av samfunnet. Me må satsa på forskinga på og om KI og for ein demokratisk kontroll, sa ho og viste til KI-guru Youshua Bengios tale på opninga av UiOs KI-senter TRUST.

– De skal vita at det trengst fleire sjukepleiarar

Dei som trudde at forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland ville lova meir pengar til universitetets- og høgskulesektoren, blei skuffa.

– Tildelingane til forsking og høgare utdanning er blitt auka år for år. Dei blir ikkje auka like mykje framover, for no blir det berre stor auke til tryggingstiltak, sa ho og kasta ballen frå regjeringa og over til universiteta og høgskulane på den andre banehalvdelen.

– Å prioritera innanfor kvar institusjon er dykkar oppgåve. Det må de gjera utan å ta omsyn til utspelet om tullestudium, men de skal vita at det trengst fleire sjukepleiarar, førskulelærarar og lærarar, var bodskapen hennar. 

Sigrun Aasland var likevel overtydd om at det aldri har vore meir spennande å jobba i kunnskapssektoren enn akkurat no.

 – Når verda er på eit brestepunkt, må me jobba endå meir for det me trur på, slo ho fast.

– No går me gjennom studiestøtta

Under spørsmålsrunden etterpå ville leiar i Norsk studentorganisasjon Sigve Næss Røtvold vita kva Sigrun Aasland vil gjera for å snu trenden med at studentar brukar meir tid på deltidsarbeid enn på studia sine.

– Eg synest det er greitt med litt jobbing. Men mange studentar brukar for lang tid på jobb. Alle prisane har auka. No går me gjennom studiestøtta i eit nytt utval, 25 år etter det førre utvalet. Og me skal byggja historisk mange studentbustader, var lovnaden Sigrun Aasland kom med til studentane.