Fryktar for klassiske biologifag ved UiO: – Dei vil truleg døy ut og forsvinne
Biologiprofessor Thomas Fredrik Hansen er uroleg for framtida til klassisk biologi ved UiO etter innflytting i Livsvitskapsbygningen. Instituttleiar Roger Simm er overtydd om at innflyttinga vil styrkja heile biologifaget.
DØYR UT: – I strategien er dei berre stebarn som fylgjer med, og den sannsynlege lagnaden er at økologi og evolusjonsbiologi berre døyr ut og forsvinn, fryktar biologiprofessor Thomas Fredrik Hansen ved Universitetet i Oslo.Foto: Ola Gamst Sæther
Martin Toft/UniforumMartinToft/Uniforum
Publisert
I desember gjekk biologiprofessor Nils Chr. Stenseth hardt ut mot planane om å flytta økologi og evolusjonsbiologi, altså tradisjonell biologi inn i Livsvitskapsbygningen. Han føreslo samtidig at tradisjonell biologi kunne bli verande i Kristine Bonnevies hus, også kjent som biologibygningen. Han fekk ikkje støtte for det forslaget verken frå biologiprofessor Dag O. Hessen, biologiprofessor og universitetsstyremedlem Finn-Eirik Johansen eller frå instituttleiar Roger Simms.
Fakultetsleiinga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har nyleg utarbeidd eit notat om korleis dei ser for seg framtida for forskinga i Livsvitskapsbygningen. Uniforum har lese notatet, og det klassiske biologifaget er omtalt tre stader på dei over 30 sidene.
Biologiprofessor Thomas Fredrik Hansen er ein av dei som er skuffa over plassen tradisjonell biologi får i notatet. Sjølv er han teoretikar innanfor evolusjonsbiologi, men han set ut mange varselstrekantar når det gjeld framtida for den klassiske biologien i Livsvitskapsbygningen.
– Det blir slutten for organismebiologi ved Universitetet i Oslo, spår han.
– Det eg er uroleg for er klassisk biologi som handlar om å forstå organismar i miljøet sitt, økologi, evolusjonsbiologi, åtferdsbiologi, artskunnskap og systematikk med meir, fortel han. Etter hans meining er det ikkje tenkt på den typen fag i samband med dette, men dei fylgjer berre med fordi det er miljø på instituttet som held på med det.
– I notatet er dei knapt nemnde, og i strategien er dei berre stebarn som fylgjer med og den sannsynlege lagnaden er at dei berre døyr ut og forsvinn.
– Sterke fagmiljø har skaffa seg forskingspengar
Grunnen til at tradisjonell biologi likevel har overlevd på instituttet så langt, meiner han er ganske opplagt.
– Me har hatt nokre sterke biologimiljø som har skaffa seg eigne forskingspengar, og vore blant dei sterkaste forskingsmiljøa på instituttet. Strakst dei eksterne pengane og status som Senter for framifrå forsking forsvinn, så vil det ikkje lenger vera noko støtte til dette, trur han.
LITE TIL FELLES: – Me vil bli fjerna frå Blindern der me intellektuelt høyrer heime, til eit miljø som i stor grad driv med bruksretta og medisinsk orientert forsking. Det har min del av biologien lite med å gjera, seier biologiprofessor Thomas Fredrik Hansen.Foto: Ola Gamst Sæther
Han viser også til eit døme på korleis det tradisjonelle biologifaget no blir nedprioritert av instituttet.
– Me hadde eit fagmiljø som dreiv med åtferdsbiologi, og som underviste i det faget som også var svært populært blant studentane. No er det forsvunne heilt, fordi det ikkje er tilsett nye folk i dei ledige stillingane etter at nokre har gått av med pensjon, fortel han.
– Evolusjonsbiologi er også i fare
Han fryktar også for framtida til sitt eige fag.
– Evolusjonsbiologi er også i fare. Og det står ingenting om det faget i strategidokumentet utan at eg veit kvifor, eller om det er berre fordi dei som skreiv dokumentet, ikkje tenkte på det, undrar han.
Hansen har lagt merke til at det tradisjonelle biologifaget er nemnd berre eit par gonger i samband med at dei er med i eit senter for framifrå forsking. Men han viser til at det ikkje blir trekt fram at forsking i tradisjonell biologi på UiO gjer det svært bra på internasjonale rangeringar.
– Det er meiningslaust
– I sjølve strategien står det ingenting om evolusjon, økologi og organismebiologi. Derfor seg eg ikkje korleis det kan oppretthaldast. Og når me flyttar opp til Livsvitskapsbygningen, så vil me ikkje ha noka tilknyting til dei fagmiljøa me skal vera saman med der. Det er meiningslaust. For meg hadde det vore meir interessant med filosofifaget eller eitt av dei andre naturfaga som matematikk og fysikk, slår han fast.
– Kunne du tenkt deg å bli verande i Kristine Bonnevies hus?
– Ja, sjølvsagt. Eg synest det er veldig uheldig at dei flyttar oss dit opp. For me vil bli fjerna frå Blindern der me intellektuelt høyrer heime, til eit miljø som i stor grad driv med bruksretta og medisinsk orientert forsking. Det har min del av biologien lite med å gjera, seier han.
Thomas Fredrik Hansen trekkjer ein klar konklusjon av dei vurderingane han har gjort.
– Eg ser på dette som slutten på organisk biologi ved Universitetet i Oslo. Me har gitt opp å prøva å ha eit biologifag i klassisk forstand.
Han trur ikkje lenger det er håp om å få endra flytteplanar og strategi.
– Nei, det er altfor seint. Denne debatten skulle me ha tatt for 10-15 år sidan.
– Det er ikkje noko intellektuelt rom
Også fagfellen til Thomas Fredrik Hansen, biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ser med stor uro på innhaldet i notatet som fakultetsleiinga har utarbeidd.
For i notatet er den delen av biologifaget som Nils Chr. Stenseth representerer, ikkje mykje omtalt, sjølv om det skårar høgt på fleire internasjonale evalueringar. Det reagerer han sterkt på.
IMOT FLYTTING AV HEILE BIOLOGI: – Eg vil understreka at eg har vore positiv til Livsvitskapsbygningen, men det er ei dreiing mot biomedisin, derfor bør ikkje heile biologi flytta inn, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth.Foto: Ola Gamst Sæther
– Eg har vore uroleg for at klassisk biologi skulle bli marginalisert. Senteret blir nemnt, men ikkje økologi og biologi. Men berekraftsmåla blir nemnde. Mange av dei krev biologisk forsking, understrekar han.
Stenseth viser til kva rektor Ragnhild Hennum sa, då han i desember i fjor først gjekk ut med kritikken mot det planlagde innhaldet i Livsvitskapsbygningen.
– Rektor sa at det skulle vera rom for alle i Livsvitskapsbygningen. Men det er ikkje noko intellektuelt rom. Derfor må dette notatet totalt omskrivast, meiner han.
– Eg er veldig bekymra, legg han til.
Han viser til dei internasjonale rangeringane for forsking.
– Universitetet i Oslo gjer det veldig bra i relative tal innanfor økologi og evolusjon. Ikkje verst å vera nummer 65 i verda. Mellom dei 20 beste forskarane som er på lista, er det mange av oss frå IBV (Institutt for biovitskap).
– Det er viktig at namnet på den seksjonen ved IBV der mykje av den økologiske og evolusjonære forskinga går føre seg, får halda på namnet Senter for økologisk og evolusjonær syntese. Det er eit internasjonalt varemerke som har mykje å seia, understrekar Stenseth.
– Kva er grunnen til at du står på barrikadane for det tradisjonelle biologifaget rett før innflyttinga?
– Eg er engasjert i dette for å ta vare på økologi og evolusjon og klassisk biologi. UiO burde vera interessert i å ta vare på oss når me har så høg status internasjonalt.
– For snever definisjon av livsvitskap
Stenseth synest det er rart at dette notatet kjem rett før innflytting.
– Vanlegvis vil det ta seks år å laga ein slik strategi. Det er uansett veldig seint.
– Eg vil understreka at eg har vore positiv til Livsvitskapsbygningen, men det er ei dreiing mot biomedisin, derfor bør ikkje heile biologi flytta inn. Om økologi skal flytta inn, må det leggjast inn masse grunnlagsarbeid for at dei ikkje skal marginaliserast, seier han.
Stenseth blei veldig overraska då han las notatet den første gongen.
– Det er ein for snever definisjon av livsvitskap. Dei inkluderte ikkje klassisk biologi og økologi.
– Har du reagert?
– Berre gjennom Uniforum denne gongen. Men det er masse diskusjon internt, fortel han.
– Sikrar eit stabilt rammeverk for forsking
Uniforum har også vore i kontakt med Roger Simm som er leiar for Institutt for biovitskap. Han er klar over at nokre frå økologi og evolusjonsbiologi er urolege for den plassen tradisjonell biologi vil ha i Livsvitskapsbygningen.
POSITIVT: – Tvert imot trur me at samlokaliseringa i nye lokale vil styrkja faget sin synlegheit og attraktivitet for framtidige studentar, påpeikar instituttleiar Roger Simm ved Institutt for biovitskap på UiO.Foto: Ola Gamst Sæther
– Det er viktig for oss å understreka at vår aktivitet vil fortsetja som før, og at dei akademiske miljøa innanfor økologi og evolusjonsbiologi no vil ha moderne og funksjonelle lokale som gir gode føresetnader for vidare utvikling. I bygningen har desse akademiske miljøa hatt god tilgang til både laboratorie- og kontorplassar, noko som sikrar gode arbeidsforhold og eit stabilt rammeverk for forsking, uttrykkjer Roger Simm i ein e-post til Uniforum.
– Ein sentral del av instituttet sine aktivitetar
Han ser også andre fordelar med å flytta inn i Noregs største forskingsbygning.
– Ei anna positiv utvikling er at instituttet sine tilsette no er samla tettare i same bygning. Dette vil styrkja det interne samarbeidet på tvers av fagområde og bidra til eit meir heilskapleg og robust akademisk miljø. Tradisjonell biologi er ein sentral del av instituttet sine aktivitetar, og det vil det fortsetja å vera i Livsvitskapsbygningen, understrekar han.
Roger Simms trekkjer også fram den viktige posisjonen biologifaget på UiO har internasjonalt.
– Når det gjeld uroa for at biologifaget kan bli mindre synleg ved UiO, vil me understreka at biologisk forsking ved universitetet har sterk internasjonal anerkjenning. Dette er eit resultat av sterke akademiske miljø som jobbar breitt, frå tradisjonell biologi til molekylære og biomedisinske tilnærmingar. Me har ingen grunn til å tru at dette vil endra seg. Tvert imot trur me at samlokaliseringa i nye lokale vil styrkja faget sin synlegheit og attraktivitet for framtidige studentar, peikar Roger Simm på.
– Det blir spennande
Farmasøytisk institutt er først ute med å flytta sine tilsette over frå Farmasibygningen på Blindern til Livsvitskapsbygningen i Gaustadbekkdalen. Det vil skje like etter påske. Ei av dei som må pakka flyttelasset er professor Rigmor Solberg ved Seksjon for farmakologi og farmasøytisk biovitskap. Ho er ikkje mellom dei som ivrar mest for å flytta.
BLIR SAMLOKALISERT: Professor Rigmor Solberg arbeider i dag i Gydas vei 8 på Majorstua og blir foreina med fagfellane sine når Farmasøytisk insitutt flyttar inn i Livsvitskapsbygningen.Foto: UiO
– Personleg har eg det fint her i Gydas vei 8 på Majorstua, men for heile instituttet er det ein fordel å bli samlokalisert. Det er ikkje slik at eg akkurat gler meg, men det blir spennande, seier ho til Uniforum.
Ho trur det blir ei heilt ny oppleving for instituttet å bli både integrert og å sitja vegg i vegg med andre institutt.
– Me får nokre cellekontor, men akkurat som på andre stader i samfunnet er det flest landskapsplassar. Og faget vårt er dessutan godt innanfor omgrepet livsvitskap, understrekar ho.
– Eg håpar desse tinga blir retta opp
Etter å ha vore på synfaring i dei nye lokala, har ho sett at mykje er på plass, men ikkje alt.
– Me oppdaga at det ikkje var sett på plass ein avtrekksbenk som innfrir krava våre, for at me ikkje skal pusta inn farlege kjemikaliar. Laboratoria ser veldig bra ut, men alle er enno ikkje ferdige til vår bruk. Eg håpar desse tinga blir retta opp, eller at me mellombels kan bruka andre lokale.
Hennar seksjon flyttar inn i Livsvitskapsbygningen dei første dagane av juni.
– Eg flyttar inn med eit ope sinn, seier ho til Uniforum.
Leiaren for Farmasøytisk institutt Kathrin Bjerknes står midt oppe i flyttesjauen, og så langt har ho inntrykk av at alt er under kontroll.
– Det er mange fagområde som er på synfaring om dagen. Mitt inntrykk er at det er god kommunikasjon med mottaksprosjektet på UiO om innmelding av saker, skriv ho i ein e-post til Uniforum.
Eigedomsavdelinga er på plass
Den som har best oversyn over korleis situasjonen er, er truleg Gunnar Dick. Han er underdirektør for Livsvitskapsbygningens mottaksprosjekt ved UiO.
Han opplyser til Uniforum at UiO har tatt i bruk trinn 1 av Livsvitskapsbygningen, men at det framleis er avgrensa tilgang.
STRIDENS EPLE: Ikkje alle tradisjonelle biologar ser fram til innflyttinga i Livsvitskapsbygningen i Gaustadbekkdalen. Nokre fryktar at dei ikkje blir prioriterte samanlikna med dei andre faggruppene. I april flyttar Farmasøytisk institutt inn, medan dei første biologane truleg vil vera på plass seinare i år.Foto: Ola Gamst Sæther
– Statsbygg og UiO skreiv under leigekontrakt i februar, og 2. mars 2026 blei det gjort ei overtaking av trinn 1 frå Statsbygg Eigedom til UiO, fortel han.
Reint konkret tyder det at Eigedomsavdelinga ved UiO i samarbeid med Statsbygg Eigedom har ansvaret for drift, vakt og sikring og reinhald av dette området av Livsvitskapsbygningen som blir kalla for trinn 1, felt 4-6.
– Eigedomsavdelinga sine medarbeidarar har flytta inn i Livsvitskapsbygningen og etablert seg i bygningen, opplyser Gunnar Dick i ein e-post til Uniforum.