Alle blir pålagt kursing i digital tryggleik: - Viktig for NTNU, men også individuelt

Frå august vil alle nye studentar og tilsette gjennom eit obligatorisk kurs i informasjonstryggleik.

Bjørn Haugstad seier at med tryggleik og beredskap på agendaen har eit tydeleg bodskap vore at ein må ha betre opplæring.
Publisert Sist oppdatert

Det obligatoriske kurset i informasjonstryggleik gjeld nye i første omgang, men ein vil at alle dei nesten 50.000 studentar og tilsette skal gjennom ei slik opplæring, forklarar direktør for organisasjon og infrastruktur, Bjørn Haugstad.

- Det vil føregå slik at når ein opprettar brukar vil du få opp eit obligatorisk kurs i informasjonstryggleik ein må gå gjennom, fortel Haugstad.

Bjørn Haugstad er direktør for organisasjon og infrastruktur.

Kan kome reaksjonar

På Kunnskapsbasen på intranettet til NTNU informerast det om at på sikt kan det innførast reaksjonar om ein ikkje gjennomfører kurset.

Ein veit at mange forsøker å snike seg inn på NTNU sitt nettverk kvar dag. Kvar brukar er ein mogleg inngang, informerer Haugstad.

- Ein ynskjer ikkje vondt, men ein kan bli utnytta. Difor er det viktig å vere klar over nettvett når ein er på NTNU sitt nettverk.

På NTNU innsida skrives det at Tryggleiksoperasjonssenteret (SOC) ved NTNU handterte opp i mot 700 tryggleikshendingar i 2022. Desse gjaldt for det meste svindel og identietsinformasjon som var kome på avvege.

- Dette er viktig for NTNU, også individuelt. Ein vernar ikkje berre NTNU sitt nettverk, men eigne viktige data, hevdar Haugstad.

- Må ha betre opplæring

Haugstad seier at med tryggleik og beredskap på agendaen har eit tydeleg bodskap vore at ein må ha betre opplæring. Dette kurset blir eit viktig steg i arbeidet.

- Ein har tilbod i tryggleiksmånaden, det har vore tilgjengeleg, men no gir vi obligatorisk tilbod, fortset Haugstad.

«Opplæringa er grunnleggjande og skal auke medvita kring informasjonstryggleik, kva informasjonsverdi NTNU behandlar, korleis desse skal vernast om og korleis tilsette og studentar kan bidra» står det på Innsida.