Ytring
Kva gjer Studenttinget? Godt spørsmål!
Oliver Hovden stiller fleire gode spørsmål i Universitetsavisa om kva Studenttinget eigentleg driv med. Det fortener han svar på. Skal studentane bruke stemmeretten sin, må dei òg vite kva dei deltek i.
Amund Aaseng Stubbrud
Foto: Marthe Kristine Nes Bjerva
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
For det første: Det er kjempebra at studentane er engasjerte, bruker stemmeretten sin og vel dyktige kandidatar til Studenttinget!
Studenttinget er det øvste studentdemokratiske organet ved NTNU. Her diskuterer vi sentrale saker, ikkje berre saker som gjeld NTNU, men òg nasjonale problemstillingar. Studenttinget har myndigheit til å uttale seg og vedta politikk på vegner av alle studentane ved NTNU, det vil seie rundt 44 000 personar. Studenttinget består av 25 representantar som vedtek politikken Arbeidsutvalet skal arbeide for å realisere. Arbeidsutvalet følgjer opp vedtaka og representerer studentane i møte med NTNU, politikarar og andre samarbeidspartnarar gjennom heile året, gjerne òg i feriane.
Studenttinget består ikkje berre av møter og pizza. Det er eit organ som har reell betydning for korleis universitetet blir styrt, og korleis det er å vere student ved NTNU. Ei av dei største utfordringane våre er likevel å synleggjere alt vi faktisk får gjennomslag for. Her har vi eit stort forbetringspotensial, slik Hovden peikar på. Vi kan gjerne skape blest om store gjennomslag, men mykje av det vi får til, er små tiltak som til saman fører til heilskaplege forbetringar i studentkvardagen. Det kan vere heilt enkle ting som blir nemnde i kaffipausen i ulike råd og utval, men som likevel kan føre til noko stort.
Nokre få døme på store saker vi har fått gjennomslag for berre dei siste åra er gratis sanitetsprodukt på campus, etablering av Grønt Kontor, samlokalisering av dei tekniske organisasjonane, felles avslutningsseremoni. Dette er eit vidt spenn, men alt handlar om studie- og studentkvardagen. I tillegg kjem det kontinuerlege arbeidet med kvalitet i utdanninga, gode læringsmiljø, gode vilkår for internasjonale studentar og ikkje minst å arbeide for at studentane skal kjenne tilhøyrsle til universitetet, fagområdet sitt og linjeforeininga si. Vi ynskjer sjølvsagt òg å skape tilhøyrsle til studentdemokratiet.
Ein av dei viktigaste funksjonane våre er å vere stemma til studentane, og det er svært viktig at vi er kjende blant den store studentmassen vår. Det er inga enkel oppgåve, og valdeltakinga viser at vi har ei utfordring.
Vi vurderer kontinuerleg korleis vi kan bli meir synlege. Hovden spør kvifor vi ikkje har listeval ved NTNU. Studenttinget har ei ordning der representantane blir valde direkte. Det betyr at studentane kan røyste på enkeltkandidatar i staden for å måtte velje mellom organiserte lister med eit felles politisk program.
Ei slik ordning har fleire klare fordelar. Ho gir studentane høve til å velje representantar ut frå kva saker dei er opptekne av, og kven dei meiner vil gjere ein god jobb. Terskelen for å engasjere seg kan òg vere lågare når ein kan arbeide for hjartesakene sine utan å måtte stille seg bak eit samla politisk program.
Studentpolitikken omfattar dessutan mange spørsmål som ikkje nødvendigvis følgjer dei same skiljelinjene som i den nasjonale partipolitikken. I 2023 blei det gjennomført ein større prosess om valordninga, der konklusjonen var at ein ikkje fann nokon klar samanheng mellom listeval og valdeltaking.
Hovden avsluttar med å peike på at studentpolitikken verkar ugjennomtrengjeleg, usynleg og fjern for vanlege studentar. Han meiner òg at NTNU må tenkje nytt om korleis universitetet samhandlar med studentmassen.
Her trur eg han peikar på noko heilt sentralt.
Studentdemokratiet har eit sjølvstendig ansvar for å nå ut til studentane. Men NTNU har òg eit ansvar for at studentmedverknaden fungerer. Universitetet må leggje til rette for at studentrepresentantane kan gjere jobben sin, og ikkje minst sørgje for at studentdemokratiet får arenaene som skal til for å bli synleg for dei heilt vanlege studentane.
Ja, det er eit problem at vi ikkje er synlege for den vanlege studenten, og ja, vi slit med å vise fram alt vi får til. Vi skal ikkje fråskrive oss ansvaret for å synleggjere arbeidet vårt. Samstundes representerer vi rundt 44 000 studentar, fordelte på ulike fagmiljø og campusar. Skal vi nå ut til denne studentmassen og samstundes vareta interessene til studentane overfor universitetet, treng vi tilstrekkeleg administrativ støtte. Eit velfungerande studentdemokrati krev dette.
Vi treng ikkje at alle NTNU-studentar blir politikarar. Det vi treng, er at dei veit at studentpolitikken finst, forstår kva han kan påverke, og opplever at det er verdt å bruke stemma si. Studentdemokratiet skal ikkje berre vere synleg for dei som allereie er engasjerte. Det skal vere relevant for alle studentane vi representerer, slik at kvar enkelt student kjenner at hen kan påverke sin eigen studiekvardag.
Kort oppsummert er Studenttinget, saman med studentråda og alle dei tillitsvalde studentane, ein viktig måte for studentane å påverke sin eigen studiekvardag ved NTNU på. Vi ynskjer ikkje å vere ein organisasjon som berre arbeider bak kulissane for å sikre at studentane har det bra. Vi ynskjer at studentane òg skal vite kvifor dei opplever endringar, slik at dei sjølve kan vere delaktige.