Ytring

Nye, fagre campus

Eit dikt om campusutvikling.

Professor Lars Lundheim reagerte med eit dikt på vår siste artikkel om campusutvikling,.
Publisert Sist oppdatert

Eg veit om ein bydel der lærde i lag
frå ulike fag-tradisjonar
arbeider på Campus som rommar i dag
fleirfaldige tusen personar.

Ein rik symbiose der celler tek del
i ein organisme so stor,
og utvekslar næring i konstruktivt spel
frå kvar sine cellekontor.

Der nye idear vert forma i tekst
av ivrige sjeler som vil
strø ut sine bidrag til kunnskap og vekst
frå romma der tankar vert til.

Men snart skal det byggjast med nye prinsipp
utforma i nymotens ord.
No er det blitt klart etter kutting og klipp:
– Me får ikkje plass til kontor!

Men flott skal det verta med mange slags rom
med innreiing for millionar.
Du får knappast tid til å tenkja deg om
på veg mellom "arbeidsstasjonar".

Dei lovar høgtideleg at me skal få
eit skinande Soria-Moria,
mot at me ofrar dei viktige små –
tanke-laboratoria.

LES OGSÅ: Brukerne opplever at de blir avfeid når de vil diskutere kontorløsninger

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.