Ytring

Kva driv Studenttinget med?

Studentvalet ved NTNU får dårleg deltaking år etter år. Kor lett er det eigentleg for studentar å ta eit informert val om i avrøystinga?

Oliver Hovden meiner studentpolitikken enn så lengje verkar ugjennomtrengeleg, usynleg og fjern for den jamne studenten.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

No er det studentval igjen! Det fann eg ut i går. Men null stress, dette har eg gjort før. Eg skal sjølvsagt røysta i studentvalet i år, det har eg gjort alle åra eg har gått her. Denne karen er ingen skulkar.

Studentvalet for meg plar vera slik. Eg får nyss om at det er eit studentval på gang, eg går inn på nettsida og ser mange kjende og ukjende andlet, eg tek valgomaten men vert ikkje noko klokare av den, og til slutt røystar eg på dei folka eg kjenner personleg, dei som driv med teknisk verv eller dei som skriv på nynorsk.

Enig eller uenig?

Les våre retningslinjer her og send oss din ytring på:

Eg har altså eit fjernt og apatisk forhold til studentpolitikken. Eg røyster fordi eg føler at eg må, eg tek eit lite informert og tribalistisk val, og eg har i det heile ingen peiling på kva som skjer i studentpolitikken elles.

Dette gjer at eg er over snittet interessert i studentpolitikk, og eg høyrer til ein eksklusiv gjeng på vel under 10% av studentmassen på NTNU som faktisk røystar ved eit studentval.

Og like sikkert som at sola står opp i aust, kjem Universitetsavisa i etterkant av valet til å opplysa om ei valoppslutning like mager som i fjor, eit nytt Studentting vil vera valt og dei vil gå til verks med kva enn det er dei driv med.

Så i år sette eg meg ned og spurde: kva er det eg eigentleg veit om Studenttinget?

Fordi det er vel NTNU-styret som tek dei store avgjerda på universitetsnivå? Og alt med faga og studia er på institutt- og fakultetnivå, og der er ITV, FTV og PTV inne og er med og avgjer ting? Eller rådgjev? Eg veit ikkje. Og SiT sine etablissement er det visst Velferdstinget som driv med, og Velferdstinget er ei heilt anna greie? Kor er det eg røystar for Velferdstinget? Men uansett, kva i all verden er Studenttinget? Det må eg finna ut av.

Jo, eg kan lesa om det på NTNU sine sider, og der får eg vita at Studenttinget er ein institusjon som tek vare på rettane til studentane, jobbar opp i mot leiinga i bidreg til utviklinga av NTNU som institusjon på sentralt nivå.

Jaha. Eg skreiv i ganske liknande ordelag på CV-en min då eg var 19 i omtale av karrieren min som elevrådsleiar på Vardafjell vgs. Og Elevrådet på mi vakt fungerte mest som ein maskin som forvandla pizza om til referat snarare enn eit organ som påverka skulekvardagen på noko særleg vis. Så då voner eg verkeleg at Studenttinget er ein meir effektiv institusjon enn som så, men eg ventar enno tolmodig på at nokon forklarar meg korleis.

Greitt da. Det er enno uklart for meg kva Studenttinget driv med, og forsåvidt dei tillitsvalte. Men eg må jo røysta, så eg kan nok få betre oversikt med å ta valgomaten!

Diverre funka ikkje valgomaten i skrivande stund, ei heller dagen før, så eg får lesa gjennom kva alle kandidatane skriv om seg sjølve, kva som er deira hjartesaker, og kvifor dei tenkjer at akkurat mi røyst skal gå i deira retning.

Éin kandidat skriv at «campussamlingen på NTNU [er] en sak som engasjerer meg stort». Jaha. Kva meiner kandidaten konkret om saka? Ikkje godt å vita. Velvel. Ein annan vil at «kvaliteten på studiene skal opprettholdes og forbedres». Mhm. Det kan eg absolutt stilla meg bak. Nokon som har sete eit år før ynskjer attval for å «bidra til kontinuitet i Studenttinget». Nettopp. Kan vel ikkje skada med litt kontinuitet!

Enn så lengje verkar studentpolitikken ugjennomtrengeleg, usynleg og fjern for den jamne studenten.

Og veldig mange skriv at dei synest det er veldig spanande med studentpolitikk og at dei har det skikkeleg kjekt med arbeidet. Det er vel eit godt teikn. Eg er glad på deira vegner.

Men eg sit framleis att med kjensla at eg ikkje anar kva kandidatane kjempar for. Eller i det heile teke kva som er dei aktuelle politiske spørsmåla i universitetsverda vår og kva som er dei ulike argumenta i den debatten.

Eg har høyrt at andre universitet har vallister som laust korresponderer med den politiske aksen. Det hadde kanskje vore hjelpsamt for meg. Men eg kan sjå føre meg at Studenttinget har hatt lange og brutale debattar om akkurat dette spørsmålet før. Og det finst sikkert er ein veldig god grunn for kvifor Studenttinget har direktevalte representantar i staden for vallister. Eg ynskjer gjerne at nokon fortel meg om det i kommentarfeltet eller eit svarinnlegg.

Neivel. Eg varti ikkje klokare i år heller, så då røyster eg med akkurat same metodikken som eg alltid gjer.

Eg kunne sikkert tatt kontakt og prata med folk, lese gjennom referata, kome innom i kontortida til FTV-en eller teke meg ein kaffe inne på lokala på sentralbygget. Men då hadde eg ikkje lenger vore ein vanleg student. Det er ikkje noko ein kan forventa at vanlege studentar gjer.

Det er ikkje slik at eg trur at studentpolitikken er ubrukeleg. Eg reknar med at studentpolitikarane våre gjer ein kjempegod innsats bak kulissene og gjer NTNU til eit langt betre universitet enn det hadde vore elles. Eg ser eit par døme på instagrammen deira på kule ting dei har fått gjennom.

Men enn så lengje verkar studentpolitikken ugjennomtrengeleg, usynleg og fjern for den jamne studenten. Og fram til universitetet vårt tenkjer nytt om korleis dei samhandlar med den store studentmassen, så vil studentpolitikken halda fram i sin vande gang og aldri engasjera meir enn eit mindretal av NTNU-arane.