Difor var det kun utsalg frå sjølve matvogna til å byrje med. No er nokre av produkta introdusert til kioskane og sjølve kantina på Element.
- Vi ser imidlertid at konseptet har mykje større potensiale og ønsker å introdusere produkta i fleire kanalar i løpet av det kommande semesteret, seier Holm.
Stilken på Rápido Gløshaugen.Foto: Magnus Vattekar Sandvoll.
Rápido på Gløshaugen har no fått ein eigen seksjon med eit utval av plantebasert mat.
Dei veganske produkta frå Stilken vil også vere å finne i utvalde kantiner, og vil bli mogleg å bestille som møtemat i nettbutikken.
- Vi er veldig glade for å sjå at fleire etterspør Stilken og vi ønsker å ta denne moglegheita til å tilby eit sunt og bærekraftig tilbod til studentane, seier Holm.
- Tja, nei. Det er jo bra, ein vel jo sjølv kva ein vil
Emma Molden går førsteåret på datateknologi. Ho såg at Stilken pop-upen var på Realfagsbygget, men seier at ho alltid et niste i staden for å bruke pengar i kantina.
Emma Molden går førsteåret på datateknologi.Foto: Magnus Vattekar Sandvoll.
- Det går i brødskiver, med salami eller kyllingfilet, seier Molden.
Ho meiner det er bra det fins eit plantefritt tilbod på campus. Sjølv et ho lite plantebasert mat.
Frå venstre: Martin W. Hagen og Henning Buskum.Foto: Magnus Vattekar Sandvoll.
Studentane Martin Hagen og Henning Buskum er begeistra for Stilken, og fortel at dei forsøker å velge plantebasert mat oftare.
- Det er jo poistivt at Sit utvider tilbodet, spesielt når ein enda kan velge den maten ein vil. Det er jo sunt, seier Hagen.
Kompisane er samde i at det er viktig at Sit har eit tilbod som Stilken, og seier at dei veit mange helst berre vil ha plantebasert mat.