Styrevalget:

Ingunn Hagen

For Hagen er det viktig at NTNU tar demokratiske og forskingsbaserte val for organisering og leiing, heller enn å la seg styre av «new public management»- og kommersialiserings-ideal.

Ingunn Hagen er professor ved Institutt for psykologi.

Publisert Sist oppdatert

Universitetsavisa har stilt alle styrekandidatene tre spørsmål, slik at de får presentert seg for velgerne. Valget skjer 22.-24. mars.

Her finner du samlesiden med alle svarene.

Her svarer Ingunn Hagen, som er en av kandidatene til NTNUs styre for de faste vitenskapelig ansatte.

1) Kvifor ynskjer du å sitte i NTNUs sitt styre?

Etter over 25 år som tilsett ved NTNU har eg ein del tankar om universitetsleiing og kva val NTNU står ovanfor. Etter mitt syn er det viktig at NTNU tar demokratiske og forskingsbaserte val for organisering og leiing, heller enn å la seg styre av «new public management»- og kommersialiserings-ideal.

Det er viktig å legga til rette for forsking og undervisning av høg kvalitet, og vidareutvikla desse primærområda. Som tilsett professor ved NTNU er eg oppteken av at universitetet skal fortsetta å vera ein institusjon der det foregår fri og kreativ forsking, konstruktiv og kritisk tenking, og god, forskingsbasert undervisning.

For meg er samfunnrelevansen til universitetet sitt bidrag viktig, og eg ser ingen motsetnad mellom å satsa på både grunnforsking og anvendt forsking. Eg oppfattar det også som viktig å vera orientert om globale diskusjonar og faglege forskingsfrontar. Sjølv har eg hatt stor glede av mykje internasjonalt forskingssamarbeid og utanlandske forskingsopphald, noko som har gitt meg innblikk i ulike universitetskulturar. Dette er innsikter eg ønsker å bidra med dersom eg blir vald inn i styret.

2) Nevn nokon av sakane du brenn for?

NTNU har svært dyktige både tilsette og studentar. Institusjonen må i større grad både verdsetta og bidra til å vidareutvikla desse menneskelege ressursane. Samstundes må NTNU bidra til å gi samfunnet relevant og innovativ kunnskap. Korona-pandemien har tvunge fram nye, heimebaserte arbeidsformer og meir digitale undervisningsformer det siste året. Det blir viktig for NTNU å sjå på korleis ein kan dra lærdom av desse erfaringane framover.

Verda opplever ei miljøkrise og derfor er det viktig at NTNU tar samfunnsansvar og gjennom forsking og undervisning bidrar til ei miljømessig forsvarleg utvikling. Personleg ønsker eg å bidra til betre utnytting av både materielle og menneskelege ressursar. Eit universitet som NTNU må vera profesjonelt, transparent og tillitsvekkande i all si verksemd. Dette er langt viktigare enn å streva etter høge omdømmemål.

Eg oppfattar det også som ei utfordring for NTNU å bidra til ei positiv byutvikling heller enn å driva ein sentralisert utbyggingspolitikk slik NTNU har gjort dei siste åra. NTNU bør fortsetta å vera eit positivt kraft i kunnskapsbyen Trondheim og i landet elles, som spelar på lag med andre viktige institusjonar i landet.

3) Kvifor skal tilsette stemma på deg?

Eg oppfattar meg sjølv som ein utprega humanist, i den allmenne betydninga av ordet. Derfor er eg oppteken av likestilling og mangfald på universitetet, både når det gjeld identitet (kjønn, etnisitet, funksjonsnivå, nasjonalitet, rase, religion, etc), samt ulike vitskapssyn, faglege innretningar og politiske syn. Eg er også svært oppteken av at universitetet skal vera gjennomsyra av demokratiske prosessar og ha organ der både tilsette og studentar kan ha reelle moglegheiter for medverknad.

Som psykolog er eg oppteken av ein universitetskultur som ivaretar og bidrar til vekst, utvikling og god bruk av dei menneskelege ressursane. Som medievitar er eg oppteken av digitale media og korleis dei har endra liva våre, noko som kjem til uttrykk i all aktivitet på universitetet, både forsking, undervisning og all kommunikasjon i og frå organisasjonen.

Dei som trur at eg vil kunna bidra til å utvikla NTNU på ein positiv måte framover, må gjerne stemma på meg. Eg er oppteken av å sikra gode arbeidsvilkår, for både tilsette og studentar. Og mitt fokus vil vera på å ivareta og vidareutvikla både dei menneskelege og materielle ressursane ved NTNU.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.