Litteraturprisen 2023

Han er vinnaren av NTNU sin litteraturpris

- Stor stas, seier årets vinnar av NTNU sin litteraturpris, Carl Frode Tiller. 

Carl Frode Tiller er den sjuande vinnaren av NTNU sin litteraturpris.
Publisert

- Eg sat og strevde med ein vrien passasje i ein ny roman då eg fekk beskjeden, og det losna straks samtalen var over. Eg trur nesten ein må vera forfattar sjølv for å forstå kor inspirerande noko slikt er, seier den glade prisvinnaren Carl Frode Tiller i ei pressemelding.

Fakta

Carl Frode Tiller

Carl Frode Tiller (f. 1970) bur i Trondheim. Han debuterte som forfattar i 2001 med romanen Skråninga, som han mellom anna fekk Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lyttaranes romanpris for, og som blei nominert til Brageprisen. Tiller har gjeve ut fleire kritikarroste romanar og vunne fleire prisar. I tillegg har han skrive teaterstykke, noveller og kortprosa for ulike aviser, tidsskrift og antologiar. Carl Frode Tiller sine romanar er selde til 19 land, seinast Spania og USA.

- Det er stor stas å få NTNU sin litteraturpris etter å ha vore nominert saman med fleire strålande forfattarar, seier han.

Tildelinga av prisen skjer tysdag 7. november på Litteraturhuset i Trondheim. Han vil delast ut av dekan Anne Kristine Børresen ved Det humanistiske fakultetet, før ein samtale mellom prisvinnaren Carl Frode Tiller og juryleiar Karolina Drozdowska.

- Forfattar av verdsklasse

Vinnarromanen Flukt (Aschehoug, 2021) skildrar forholdet mellom dei levande og døde, og strekk seg eit stykkje utover det vi til vanleg oppfattar som realisme.

- Dette er ein roman om kommunikasjon som går i oppløysing, mellommenneskelege relasjonar og familieintrigar, fortel juryleiar Karolina Drozdowska, som er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU.

Ho meiner det er trygt å seie at Flukt stadfestar Tiller sitt store internasjonale gjennombrot som forfattar av verdsklasse.

I juryen si grunngjeving heiter det mellom anna:

«Å skape eit litterært verk som speler på dei mest klassiske motiva i kulturhistoria, samtidig som det utfordrar den konvensjonelle romanforma på ein så dristig, men samtidig litterært elegant måte, er ein stor prestasjon. Flukt er ei suveren bok om eksistensiell smerte kvar av oss kjenner på. Ei forteljing om sårbarheit, fortviling og den desperate trongen til kjærleik og anerkjenning som den universelle menneskelege erfaringa.»

I godt selskap

Over femti verk blei vurdert av juryen, og til saman fem verk av høg litterær verdi blei nominert til NTNU sin litteraturpris 2023. 

Dei andre fire som kom vidare til finalen var Kari Anne Bye med diktsamlinga Eg bur her no, Mariam Rasouli med Blomsten og trollet, Kristin Ribe med Aktivasjon. Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS og Michael Stilson med ungdomsromanen Kampfikseren.

Litteraturprisen har som mål å synleggjere og utvikle litterær verksemd knytt til Trøndelag, og prisen blir i år delt ut for sjuande gong. Prisen skal gå til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til regionen, vekselvis til skjønn- og faglitteratur. I 2023 var det skjønnlitteratur som sto for tur. 

Følg UA på Facebook og Instagram.