NTNU sin litteraturpris 2023

Pensjonert fotballsparkar blant dei nominerte til litteraturpris

Dei nominerte til NTNUs årlege litteraturpris er klar. I år går prisen til ei skjønnlitterær bok.

Dei nominerte, f.v. Carl Frode Tiller, Mariam Rasouli, Kari Anne Bye, Michael Stilson og Kristin Ribe.
Publisert Sist oppdatert

NTNUs litteraturpris på 20 000 kr går kvart år til eit norskspråkleg verk av ein nolevande forfattar med tilknyting til Trøndelag, vekselvis til skjønn- og faglitteratur. 

I 2023 er det skjønnlitteratur som står for tur. Kven som vinn blir kjend fredag 20. oktober og du kan møte vinnaren av NTNU sin litteraturpris 2023 i samtale med juryleiar Karolina Drozdowska under tildelinga av prisen tysdag 7. november, på Litteraturhuset i Trondheim.

I fjor gjekk prisen til Torgeir Ekerholt Sæveraas for boka Wehrmacht i Norge: på vakt i krigens skjebnesone. Då gjekk prisen til faglitteratur. 

Fem sterke verk om store tema

Originalitet og individuelt særpreg står sentralt i kvalitetsvurderinga til juryen, som består av representantar for NTNU, Litteraturhuset i Trondheim og Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg.

- Vi er glade for å kunne presentere ei liste med fem sterke titlar, som på kvar sin måte handlar om universelle menneskelege erfaringar, som sorg, kjærleik, vennskap, lojalitet og fridom, fortel årets juryleiar, Karolina Drozdowska, som er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur, NTNU.

- Det er spennande å sjå kor mykje kvalitetslitteratur i ulike sjangrar som kjem frå forfattarar med tilknyting til Trøndelagsregionen! Dei fem bøkene på kortlista har fortent sin plass og alle med interesse for moderne norsk litteratur bør lese dei, meiner juryleiaren.

Dei nominerte bøkene

Eg bur her no: dikt

Kari Anne Bye, Samlaget (2021)

- Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det, står det i juryen si grunngiving. 

Blomsten og trollet

Mariam Rasouli, Communicatio Forlag AS (2021)

- Den skakande historia i romanen er fortald frå synsvinkelen til ei kvinne, der verda er innramma av både huset sine fire veggar, og dei fysiske, kulturelle og religiøse murane som sperrar kvinner inne frå livet utanfor, skriv juryen.

Aktivasjon. Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS

Kristin Ribe, Forlaget Oktober (2021)

- Forfattaren Kristin er midt i ei djup krise. To personar som stod henne nær har blitt borte frå livet hennar. Lamminga ho opplever vekslar med iherdige forsøk på energiutfalding og aktiv handling.

Kampfikseren

Michael Stilson, Cappelen Damm AS (2021)

- Ein actionfylt ungdomsroman om livet som fotballproff og siste bok i trilogien om fotballproffen Fredrik Markussen.

Flukt

Carl Frode Tiller, Aschehoug (2021)

- Romanen Flukt skildrar forholdet mellom dei levande og døde og strekk seg eit stykkje utover det vi til vanleg oppfattar som realisme, skriv juryen.

Følg UA på Facebook og Instagram.