Regjeringa dominert av juristar og statsvitarar

Trygve Bratteli skal ha sagt at hans rolle i regjeringa måtte vera anten vaktmeister eller finansminister. I den blågrøne regjeringa finn ein både ein kjøtskjerar og eit par juristar.

Foto: Thomas Haugersveen/SMK (Solberg, Søreide, Hauglie); Rune Kongsro (Jensen), Torbjørn Tandberg (Dale, Sanner), Olav Heggø/Fotovisjon (Solvik-Olsen, Listhaug), Næringsdepartementet (Mæland), Bjørn Stuedal (Høie), Stortinget (Grande, Michaelsen, Elvestuen, Astrup, Nybø), Marte Garmann (Isaksen), Paul Paiewonsky (Sandberg), Martin B. Andersson / Kulturdepartementet (Helleland), Forsvarsdepartementet (Bakke-Jensen), Olje- og energidepartementet / NTB Scanpix (Søviknes).
Publisert Sist oppdatert

Statsvitskap, statsvitskap, statsvitskap: Juss og juss. Men òg eit par litt meir eksotiske innslag som ein kjøtskjerar, ein treningsinstruktør og ein som mellom anna har studert vin- og brennevinslære. På Høyden har gått gjennom CV-ane til alle statsrådar og statssekretærar. Informasjonen redaksjonen har gått ut i frå er den kandidatane har lagt ut om seg sjølv på regjeringen.no. For kandidatar der det har mangla informasjon, har vanlege nettsøk vorte nytta.

LES OGSÅ: Nå blir fokuset på kvalitet, sier Iselin Nybø

To utan høgare utdanning

– Lista over den einskilde statsråd sine fagfelt er enorm, så ein kan ikkje forventa at dei skal ha oversikt over alt. Fagkompetansen ligg hos embetsverket, og statsrådane må kunne kvila på denne.

Det seier Jan Erling Klausen, førsteamanuensis ved Institutt for statsvitenskap ved UiO.

– Samstundes, dersom ein har ein statsråd heilt utan kvalifikasjonar, vil denne kunne ha problem med å matcha embetsverket. Mykje politikk er i tillegg kunnskapsintensiv, seier han vidare.

Oppteljinga viser at alle Høgre sine ti statsrådar har høgare utdanning, halvparten på masternivå. Venstre har to statsrådar med avslutta lågare grad og ein med mastergrad, medan Frp har ein med mastergrad og fire med lågare grad. To av statsrådane, Jon Georg Dale og Per Sandberg, har fagbrev. Sandberg har i tillegg oppgitt å mellom anna ha fagkurs i papirproduksjon, ernæringslære og vin og brennevinslære.

Totalt har nitti prosent av statsrådane og 93 prosent av statssekretærane høgare utdanning. Halvparten av statssekretærane har utdanning på minst masternivå.

Men kva bakgrunn bør ein statsråd ha?

– Det viktigaste for ein statsråd er vel å ha solid politisk røynsle, til dømes frå Stortinget. Det er fleire døme på at statsrådar utan politisk erfaring kan få problem. Utdanningsbakgrunn kan også vera viktig, men ofte står ein overfor avveging mellom ulike omsyn, for eksempel til kjønn, geografi og alder, skriv Per Lægreid, professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, i ein epost til På Høyden.

Også Anne Lise Fimreite, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved UiB, peikar på den politiske røynsla.

– Det er to ulike syn her, skal ein representera folket, eller skal ein vera velkvalifisert? Representasjon inntil ei viss grad, som kjønn, alder, geografi og utdanning, er viktig. Men det er ingen politiske lettvektarar som vert ministrar, seier Fimreite.

Ho legg til:

– Trygve Bratteli skal ha sagt at det var to roller han kunne ha i regjeringa: Finansminister eller vaktmeister. Kompetansen ein treng som politikar og som tilsett i embetsverket er heilt ulik.

For mange broilarar?

Ser ein på kva utdanning statsrådane og statssekretærane har, er det nokre fag som skil seg ut: Samfunnsfag, særleg statsvitskap, juss og økonomi. Blant statssekretærane er det mange som har lang høgare utdanning, og to av dei, Bjørn Haugstad og Aase Marthe Horrigo (begge Høgre), har doktorgrad. Tre av Frp sine statssekretærar har vidaregåande skule som høgste oppnådde utdanning.

Per Lægreid peikar på at statssekretærane ofte er yngre enn statsrådane og difor i større grad har høgare utdanning.

– Dersom statsråden har lite formell utdanning, bør ein då syta føre at statssekretæren har det?

– Det kan vera eit omsyn å ta, men òg omsynet til spesiell fagkunnskap innanfor eit av områda som departementet har ansvaret for kan vera viktig, seier Lægreid.

– Det handlar om å finna dei sjeldne kandidatane som både har politisk kunnskap og god kompetanse, seier Klausen.

Han peikar på at mange politikarar er temmeleg like.

– Nokre meiner at det kanskje er litt for mange høgt utdanna broilarar. Før var det fleire statsrådar som hadde røynsle frå arbeidslivet, no er politikarsjiktet dominert av Blindern. Nokre kunne likt å ha med nokre statsrådar som ikkje var fagbroilarar, men då kjem dilemmaet med at ein treng ein viss kompetanse, seier førsteamanuensen.

Få naturvitarar

Rune Karlsen er forskar I ved Institutt for samfunnsforsking. Han peikar på at det ikkje er så vanleg å snakka om representativitet og bakgrunn når ein snakkar om regjering som når ein snakkar om parlament.

– Statsrådar vert tradisjonelt valt på to måtar. Anten har dei gått partivegen, og gjerne vore stortingsrepresentantar. Det er den vanlegaste måten. Men ein har òg hatt nokre statsrådar som kjem frå utsida og truleg er valt fordi dei har ein ekspertise, som Viktor Normann og Åse Kleveland, seier Karlsen.

Han peikar òg på at det kan vera eit problem at mange politikarar vert for like, og at ein får ein politisk elite som i lita grad har arbeidserfaring frå andre område.

– I tidlegare Arbeiderparti-regjeringar hadde ein fleire statsrådar utan høgare utdanning. Ein tenkte at politikarskulen sette ein i stand til å vera ein god minister.

– Mange av dei som no er statsrådar og statssekretærar har studert anten juss, økonomi eller statsvitskap. Vel ein desse faga for å vera politikar? Eller er det menneske med denne fagbakgrunnen som vert valt?

– Dersom ein er politisk interessert er det ikkje unaturleg at ein vel slike fag heller ein til dømes eit naturvitskapeleg fag. Men det er ikkje nødvendigvis slik at ei mastergrad i statsvitskap vil hjelpa ein til å få ein politisk karriere, seier Karlsen.

Han seier at dersom ein ser til USA, finn ein at svært mange kongressmedlemmer er juristar.

– Der er det nærast ein naudsynt inngangsbillett. Slik er det ikkje her.

Ser ein på kva institusjonar statsrådane og statssekretærane har bakgrunn frå, er det flest som har studert ved UiO og BI. Men òg UiB, UiT, NHH og andre institusjonar er representert.

– Med den regjeringa me har no er det ikkje så overraskande at statsrådane har bakgrunn frå BI og UiO. Det er vel ikkje akkurat distriktsopprøret som pregar samansetjinga, seier Lægreid.

Ektefeller

Fleire av statssekretærane har etternamn ein kjenner frå før. Line Miriam Sandberg, som er gift med Per Sandberg, er statssekretær for eldre- og folkehelseminister Åse Michelsen. Sandberg er utdanna interiørkonsulent frå vidaregåande skule. Ingvil Smines Tybring-Gjedde har eit anna kjent Frp-namn. Ho er statssekretær for olje- og energiminister Terje Søviknes, og har utdanning frå BI.

– Kor lurt er det å tilsetja ektefeller?

– Det er vel noko statsministeren og partileiarane bør tenkje nøye gjennom. Både korleis det fungerer innad i regjeringa, og korleis det verkar utad. Det kan gi inntrykk av veldig små nettverk og skapa mistru i nokre velgjargrupper. Samstundes er det slik at det er mange i dei politiske partia som kjenner kvarandre godt, så det er ulike personlege relasjoner her, ikkje berre ekteskap. Dette er noko leiarane må vera merksame på, seier Karlsen.

– Eg synest det er uklokt å utnemna nokon ektefelle til å vera med i same kollegium, seier Fimreite.

– Å velja Sandberg si kone vert dermed problematisk, men sidan Christian Tybring-Gjedde ikkje er med i regjeringa, er det greitt å utnemna hans kone.

Fimreite peikar på at habilitetsreglane i forvaltningslova seier at ektefeller er utanfor, medan venner er innanfor i dei fleste tilfelle.

– Denne lova gjeld ikkje for politikarar. Men å unngå for nære relasjonar tenkjer eg nesten trumfar kjønn og geografi, sjølv i eit lite land som Noreg.

Dette er bakgrunnen deira:

Statsminister Erna Solberg: Cand.mag med sosiologi, sampol, statistikk, sos.øk frå UiB

Statssekretærar:

Lars Øy (H): NTH, Solstrandprogrammet

Ingvild Næs Stub (H): cand.mag UiO, master LSE

Sunniva Ihle Steinstad (H) : master i samfunn, vitenskap og teknologi, UiO

Svein Flåtten (H): 1.avd juss UiO

Frode G. Hestnes (Frp): sjukepleiar, idrettsdag, vidareutdanning i leiing

Rune Alstadsæter (H): statsvitenskap HiM, journalistikk HiO, master Cardiff

Audun Rødningsby (V): UiO

Finansminister Siv Jensen: Diplomøkonom NHH

Statssekretærar:

Jørgen Næsje (Frp): siv.øk BI, revisor NHH

Cecilie Brein-Karlsen (Frp) : master i samf.øk BI/Brussel

Petter Kvinge Tvedt (Frp) : markedsøkonomi og markedskommunikasjon BI.

Marianne Eikvåg Groth (H): bachelor of arts uio

Geir Olsen (V): ukjent bakgrunn

Kulturminister Trine Skei Grande: Sos.øk grunnfag ved NTNU, historie grunnfag og statsvitskap mellomfag UiO

Statssekretær:

Jan-Christian Kolstø (V): UiB

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner: Markedsføringsledelse BI, markedskommunikasjon Westerdals, markedsøkonomi Norges Markedshøyskole. Informasjonskurs frå Forsvarets Høgskole 2011

Statssekretærar:

Bjørn Haugstad (H) : ph.d. frå Oxford, siv.ing frå NTNU

Kristin Holm Jensen (H): cand.polit statsvitenskap, UiO

Atle Simonsen (Frp): bachelor økonomi UiS

Rikke Høistad Sjøberg (H): master i øk/adm frå NHH

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen: Bachelor for arts frå USA med sos.øk og statvitenskap, master of arts med sos.øk frå University of Toledo

Statssekretærar:

Anders B. Werp (H): skogteknikar, bed.øk frå BI, sjefskurs Forsvarets høgskole

Tommy Skjervold (Frp): siv.øk BI

Brage Baklien (Frp): siv.øk BI

Kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland: Cand.jur UiB

Statssekretærar:

Paul Chaffey (H) : historie og statsvitenskap grunnfag UiO

Lars Jacob Hiim (H): cand.jur UiO

Aase Marthe Horrigmo (H): ph.d. statsvitenskap UiO

Anne Karin Olli (H): helsesøster

Helseminister Bent Høie: Grunnfag juss UiB, hotelladministrasjon, Norsk hotellhøgskole (2 år)

Statssekretærar:

Anne Grethe Erlandsen (H): sjukepleiar med helseadm. og prosjektleiarutd., HiØ

Maria Jahrmann Bjerke (H) : master i rettsvitenskap UiO

Utenriksminister Ine Eriksen Søreide: Cand.jur UiT

Statssekretærar:

Audun Halvorsen (H): cand.mag med statsvitenskap, offentleg rett og privat rett.

Marianne Hagen (H) : statsvitenskap, 1. og 2. avd juss

Justis-, beredskaps og innvandringsminister Sylvi Listhaug: Adjunkt, Høgskulen i Volda

Statssekretærar:

Thor Kleppen Sættem (H): jurist UiO

Knut Morten Johansen (Frp): fengselsskolen i Oslo

Torkil Åmland (Frp): mastergrad historie UiB, PPU

Toril Charlotte Ulleberg Reynolds (Frp): juss UiO

Sveinung Rotevatn (V): juss UiB

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen: Master i statsvitenskap, mellomfag idehistorie og medievitskap, UiO

Statssekretærar:

Daniel Bjarmann-Simonsen (H): Organisasjon, leiing og kommunikasjonsfag frå UiN

Magnus Thue (H) : mastergrad i statsvitenskap

Fiskeriminister Per Sandberg: Fagbrev som prosessoperatør. Elles m.a kurs på Forsvarets høgskole, vin/brennevinslære og ernæringslære og fagkurs i papirproduksjon

Statssekretærar:

Roy Angelvik (Frp): fagbrev som kokk

Veronica Pedersen Åsheim (Frp): allmenn studiekompetanse

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie: Cand.polit i sosiologi, UiO. Har statsvitenskap, livssyn og etikk (cand.mag)

Statssekretærar:

Morten Bakke (H): maknadsføringsfag frå BI, Norges Markedshøgskole og Skottland

Christl Kvam (H): siv.øk frå NHH, kurs frå BI og Forsvarets høgskole

Barne og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland: Medievitskap og statsvitskap/sosiologi ved NTNU. Ymse BI-fag som prosjektledelse, ledelse og coahing, retorikk, kommunikasjon og leiing

Statssekretær:

Tom Erlend Skaug (H): master juss UiO, gr.fag statsvitenskap

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale: Fagbrev som kjøtskjerar

Statssekretær:

Hanne Maren Blåfjelldal (Frp): master i samf.øk, PPU

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen: Variert bakgrunn med m.a kristendom og livssyn og marknadsføring frå dåverande Høgskolen i Finnmark og prosjektleiing frå UiT. Sjefskurs ved Forsvarets høgskole

Statssekretær:

Tone Skogen (H): siv.øk USA, Diplome d’Etudes Superieures Specialisees (D.E.S.S), Frankrike

Olje- og energiminister Terje Søviknes: Akvaingeniør Bergen ingeniørhøgskole. Ufullført siviløkonomstudie frå NHH

Statssekretær:

Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp): Bachelor i internasjonalisering og ledelse frå BI, ymse masterfag frå BI

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen: Grunnfag engelsk, treningsinstruktør frå Tyskland. Leiing og ressurseffektivisering UiA

Statssekretær:

Line Miriam Sandberg (Frp): VK1 og VK2 interiørkonsulent med teknisk tegning og marknadsføring

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen: Cand.mag med sos.ant, statsvitenskap og historie. Sjefskurs ved Forsvarets høgskole

Statssekretær:

Atle Hamar (V): HiB, 4 år

Utviklingsminister Nikolai Astrup: Bachelor og master frå LSE i europeisk politikk

Statssekretær:

Jens Frølich Holte (H): Siv.øk frå NHH, master frå LSE

Forskings og høgare utdanningsminister Iselin Nybø: Jurist frå UiB.

Statssekretær:

Rebekka Borsch (V): utdanna journalist og statsvitar frå Freie Universität Berlin