Ytring:

Journalistar, språkvitskap og Sylfest

Ei utblåsing» kaller han det, professor Øystein A. Vangsnes ved UiT Noregs Arktiske Universitet. Utblåsinga gjeld Sylfest Lomheim, og måten journalistar gjer bruk av han.

Eg er veldig glad for at programmet Språksnakk med programleiar Klaus Sonstad har avløyst Språkteigen på NRK P2 på sundagar. På den korte tida sidan nyttår har dei verkeleg teke i bruk eit vidt spekter av aktive språkforskarar, språkprofessoren.
Eg er veldig glad for at programmet Språksnakk med programleiar Klaus Sonstad har avløyst Språkteigen på NRK P2 på sundagar. På den korte tida sidan nyttår har dei verkeleg teke i bruk eit vidt spekter av aktive språkforskarar, språkprofessoren.
Publisert Sist oppdatert

Sundag formiddag den 28. februar fekk eg ein SMS frå ein journalist i NRK som lurte på om eg kunne kommentera utspelet frå stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) om at det burde lagast ein dialekt-app for innvandrarar og elles senda han nokre utsegner om dialektsituasjonen i Noreg.

Eg var sånn passe lysten på det og svarte at det nok er mange andre enn meg som kan seia noko meir substansielt om saka. Eg peikte på at Olaf Husby og kollegaer ved NTNU for nokre år sidan hadde laga ein språklæringsapp som mellom anna òg har ein dialektmodul, og eg la ved ei lenke til den. Journalisten takka for tipset, men sa at han gjerne ville ha noko frå meg òg.

Vel, då skreiv eg ned nokre linjer, då, og i den e-posten viste eg samtidig til at professorane Elizabeth Lanza og Unn Røyneland ved UiO nyleg har skrive ein vitskapleg artikkel om temaet, altså utlendingars møte med det norske dialektmangfaldet. Nok eit tips til fagpersonar som kunne tilføra saka substans.

I 22-tida same kveld vart artikkelen publisert. Og kven er då den faglege autoriteten som er konsultert og avbilda? Jauda, Sylfest Lomheim, sjølvsagt! No er det heldigvis ikkje heilt borti staur og vegger det han uttalar denne gongen. Eit par setningar frå meg har journalisten også teke med.

Det er ikkje første gongen eg opplever at Sylfest kjem inn frå sidelinja og blir det faglege trekkplasteret i ei sak der eg er vorten intervjua som fagperson. Då eg i 2012 omsette Pondus til dialekt, laga Dagbladet ei sak på det. Dei intervjua meg, men dei måtte sjølvsagt ringja til Sylfest òg, og like sjølvsagt var det biletet hans som kom på trykk, ikkje mitt.

Men ei ferskare oppleving var i 2018 då eg vart kontakta av Jan Henrik Ihlebæk frå programmet Museum på NRK som ville laga eit program om elvdalsk (ävldalska) og som ville ha meg med på ein tur dit til Älvdalen der eg hadde vore fleire gonger både på feltarbeid og i andre faglege samanhengar. Eg både snakka med Ihlebæk på telefon og sendte e-postar der eg fora han med informasjon om språket og om aktuelle ekspertar og andre ressurspersonar som han burde ta kontakt med. Eit par månader seinare fekk eg ein e-post der han sa at han måtte leggja det på is, men at han ville ta opp att tråden seinare.

Så går det nokre månader, og plutseleg, i februar 2019, har Museum eit program om elvdalsk. Dei har rett og slett teke turen til Älvdalen, og kven har dei teke med seg? Jau, sjølvaste Sylfest Lomheim, sjølvsagt! Som er så forundra som berre det over dette eksotiske målet i tjukkaste granskogen rett over svenskegrensa frå Trysil og som lirer av seg den eine tvilsame språkvitskaplege utsegna etter den andre.

Eg kjenner Sylfest. Han er ein veldig triveleg kar, og eg og han «båndar» godt (som det heiter på bokmål) både som sogningar og målmenn. Og det er klart: Det vert sikkert bra radio av å ta med seg ein blid og undrande Sylfest på roadtrip, mykje betre enn å ta med seg ein surpomp som meg. Og det gir nok fleire lesarar å bruka han som blikkfang i avis- og nettartiklar heller enn meir ukjende fagfjes. Men eg tillet meg – på vegner av heile det norske språkvitskaplege miljøet – å vera snurt over at han i så stor grad er den media vender seg til så snart temaet er språk. Det er fleire tiår sidan han sjølv var ein aktiv forskar, og han deltek ikkje i den språkvitskaplege fellesskapen på tvers av institusjonar som me har her til lands. Når han då får så mykje merksemd, er det på kostnad av veldig mange andre, yngre språkforskarar som i dei fleste tilfelle har mykje meir kunnskap om det som vert tematisert.

Men for å avslutta med eit lyspunkt: Eg er veldig glad for at programmet Språksnakk med programleiar Klaus Sonstad har avløyst Språkteigen på NRK P2 på sundagar. På den korte tida sidan nyttår har dei verkeleg teke i bruk eit vidt spekter av aktive språkforskarar – mange av dei unge – som ikkje minst får skikkeleg med taletid og høve til å ausa av kunnskapane sine. Det er utruleg bra og eg håpar det vil bidra til at også andre delar av media merkar seg at det finst mange andre enn pensjonerte språk-kjendisar det går an å kontakta.

Ytringen er først publisert i Forskersonen.no

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.

Powered by Labrador CMS