Ytring:

– Kva grunnar media har for å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på

- Dersom Øystein A. Vangsnes hadde kome med eksakte døme på slikt han meiner er ukorrekte eller håplause svar frå mi side, ville eg ha kommentert det, skriv Sylfest Lomheim i svaret til professorkollega Øystein A Vangsnes.

- Kva grunnar media har til å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på, skriv Sylfest Lomheim i dette tilsvaret til Vangsnes. Her vert Lomheim intervjua i samband med Bertheussen-saka, kor han var innkalla som sakkunnig vitne.
- Kva grunnar media har til å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på, skriv Sylfest Lomheim i dette tilsvaret til Vangsnes. Her vert Lomheim intervjua i samband med Bertheussen-saka, kor han var innkalla som sakkunnig vitne.
Publisert Sist oppdatert

Professor Øystein A Vangsnes har skrive blogg-tekst om medias bruk av meg når det gjeld språk.

Då forskning.no sende meg innlegget, tykte eg at her var det lite for meg å svara, ut frå mi grunnfesta tru på at lesarar tenkjer sitt. Her fekk dei høve til det. Det var forfriskande å lesa ein språkprofessor så rett ut or levra takka NRK for at dei no endeleg har lagt ned Språkteigen, som har vore program i P2 sidan 1992.

Kva grunnar media har for å kontakta meg, er ikkje eg den rette til å svara på. Som forskar bør Vangsnes finna ut av dette ved å venda seg til media og søkja svar. (Forresten har det hendt, fleire gonger, at eg har rådd journalistar til å snakka med andre språkvitarar fordi eg har meint at desse ville gje tenlegare svar, men slikt kan jo ikkje Vangsnes vita.)

Dersom Vangsnes hadde kome med eksakte døme på slikt han meiner er ukorrekte eller håplause svar frå mi side, ville eg ha kommentert det.

Ytringen er først publisert i Forskersonen.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.

Powered by Labrador CMS