75% nedgang etter innføring av studieavgift: - Vi mistar mangfaldet som har definert oss

På det internasjonale masterprogrammet, Fine arts, har ein mista søkarkjerna si med å innføre studieavgifta på omkring 480.000 kroner.

Kunstakademiet i Trondheim er eit av utdanningstilbuda ved NTNU som nå ikkje lenger er gratis for studentar utenfor EØS.
Publisert Sist oppdatert

På Kunstakademiet i Trondheim (KiT) har innføring av studieavgift for internasjonale studentar ført til ei krise ein no ser seg naud til å måtte forhalde seg til.

Dei har mista 75 prosent av studentane sine, og har ikke tatt opp ein einaste ein frå utanfor EØS. Instituttleiar for KiT fortel at med berre 1/4 av eit vanleg opptak gjer dei store tiltak.

Jacob Jessen er instituttleiar ved Kunstakademiet i Trondheim.
Fakta

NTNUs prisliste

Kategori A:

(profesjonsutdanningene i medisin og odontologi, kunstakademiet ved NTNU)

Bachelor: 470 550,-

Master: 489 475,-

Kategori B

(utøvende musikkutdanning, arkitektur- og designutdanninger)

Bachelor: 359 267,-

Master: 373 550,-

Kategori C

(realfag og teknologi på høyere grads nivå)

Bachelor: 245 500,-

Master: 254 950,-

Kategori D

(fag på høyere grads nivå: humanistiske og samfunnsvitenskaplige, femårig lærerutdanning)

Bachelor: 178 267,-

Master: 185 400,-

Kategori E

(helsefag-, lærer- og realfagsutdanninger på lavere grads nivå)

Bachelor: 151 317,-

Master: 157 100,-

Kategori F

(teorifag og sosialfaglige utdanninger på lavere grads nivå)

Bachelor: 128 433,-

Master: 133 250,-

Leiaren fortel at han og instituttet er optimistiske til at dei skal få til ei omstilling. Samstundes er han kritisk til mykje av det som no vil endre seg.

- Med ein ny finansieringsmodell fekk vi ein knockout-situasjon når vi skulle ta opp fleire studentar i år, seier Jessen.

Jessen fortel vidare at dei no får mindre pengar per student og færre studentar. Han trur ikkje ein har tenkt gjennom korleis endringane i finansiering kunne føre til noko slikt.

Teke opp på NTNU sitt styremøte

På NTNU sitt siste styremøte for skuleåret 2022/23, 22. juni, vart det løfta fram at opptakstala på det internasjonale masterprogrammet - Fine Arts var langt lågare enn før og at dette ikkje kunne halde fram.

- Vi får seks eller sju studentar. Det er berre ein fjerdedel av det vanlege opptaket vårt. Det er ein direkte konsekvens av studieavgifta, fortel Jessen.

- Alle som kjem er frå EØS utanom ein søkar som fekk tilbod og takka nei, fortset Jessen.

Skybar på Kunstakademiet i Trondheim, her er det utsikt oppover Møllenberg og utover Solsiden og byen.

Har trua på omstilling og nytt masterprogram

Trass i den krisesituasjonen dei har hatt på instituttet i vår, har dei funne ei løysing på problemet. Dei skal sikte å ta opp fleire studenter frå EØS.

Men det er eit problem med det. Konkurransen er hard innen EØS. Difor skal dei forsøke å samarbeide med andre europeiske universitet og etablere ein fellesgrad.

- Å tilby ein fellesgrad gir oss ei anna breidde. Slik får vi eit anna grunnlag i EØS. Om vi får inn 25 studentar i året som har Trondheim som ein av fleire studiestader kan det gi oss ein anna profil og marknadsføring.

- Vi håpar eit slikt program gjer at ordet spreier seg om oss, seier Jessen.

Instituttleiaren forutser at det vil ta to-tre år før dei får inn eit rimelig opptak.

Kan ikkje konkurrere med prestisjeskular som Yale frå ein dag til ein anna

- Vi kan ynskje oss å konkurrere, men har ikkje evne akkurat no, seier Jessen.

Instituttleiaren dreg samanlikninga til Yale ettersom studieavgifta gjer at dei som vil gå på til dømes Fine Arts masterprogrammet må ut med omkring 480.000 kroner i året, det er i same prisklasse som prestisjeskular som Yale.

- Det er ein god motivasjon og ambisjon å måle seg med Yale og liknande, men deira kunstprogram er ulikt frå vårt.

- Vi vil ikkje naudsynt vere som Yale. Hos oss har det vore plass til studentar utan sterk økonomisk bakgrunn.

Slik skiljar vi oss frå desse store prestisjefylte universiteta som tek den mengden pengar vi no ber om.

Vidare løftar Jessen fram at ein må ha støtteordningar om ein skal ha studieavgift, og samanliknar med Sverige som innførte studieavgift for nokre år tilbake. Samstundes må ein ha moglegheita for å søke støtte meiner han.

Ateleria på Kunstakademiet i Trondheim står tomme i somarferien.

Har fått ros for unikt mangfald, blir politisk utfordra

Kva tenkjer du om at Trondheim sitt Kunstakademi vil, om det går som du tenkjer, nesten berre få studentar frå EØS og ikkje Afrika, Asia, Amerika og Øst-Europa?

- Diversiteten og mangfaldet har vore definerande for oss. Dei ulike synspunkta på kva kunst er, og verdsbilete i det heile har styrka oss, svarar Jessen.

- I ein ny evaluering av programma var ein av dei viktigaste poenga diversitet og mangfald, det er paradoksalt at kvalitet vi har blitt applaudert er noko vi no blir utfordra på politisk, utdjupar Jessen.

- Kunst i akademia og i samfunnet er eit fagområde som tilbyr ein grunnlagsdiskurs rundt verdiar. Vi har ei forplikting til å vere oppdatert og representere mangfold ut til samfunnet, hevdar Jessen.

Insituttleiaren seier at studieavgifta sender ut eit signal som setter ei grense som befestar seg kunnskapsmessig og samfunnsmessig, men også internt utdanningsteknisk.

Gustav Svihus Borgersen fagansvarlig for kunst ved Universitetsbiblioteket. Han fortel om ein kvardag på det meste går på engelsk fyllt med samtalar om alt frå ulike syn på kunst til den politiske situasjonen i land verda over. På t-skjorta hans står det "No Foreigners In Art".

På NTNU sine sider heiter det at «Kunstakademiet i Trondheim (KiT) er organisert som ein fleksibel, dynamisk og eksperimenterande institusjon. Vi er dedikert til å utdanne samtidskunstnarar og bidra til utvikling av kunstnarisk forsking på høgt internasjonalt nivå.»

I ein ny evaluering av programma var ein av dei viktigaste poenga diversitet og mangfald, det er paradoksalt at kvalitet vi har blitt applaudert er noko vi no blir utfordra på politisk,

Instituttleiar ved Kunstakademiet i Trondheim, Jacob Jessen

Korleis held dette seg om ein berre har studentar frå EØS?

Instituttleiaren ler og fortel at KiT har tilsette frå mange ulike kulturar og land.

- I desse vil vi ha eit internasjonalt perspektiv både i forsking og undervisning. Men det er klart at det er eit dobbeltsignal når vi skriv internasjonal og dermed berre tar opp folk frå EØS. Ambisjonen er lik det den har vore, men den teksten bør kanskje endrast, seier Jessen.

- Våre studentar har vore nokre av dei mest aktive i debatten om studieavgift. Det er nettopp fordi dei er som skildringa over, legg Jessen til.

Dei internasjonale studentane spelar godt med Trondheim som kunstby

Kva vil eit reint EØS-opptak bety for Trondheim som kunst- og kulturby?

Vi har møter mellom regioner i Noreg og det å byggje opp kulturell tyngde ikkje berre i hovudstaden. Det er ingen tvil om at dette vil ramme hardt.

Studentar som har etablert seg i byen pregar og fremjar eit diverst kunstmiljø i byen.

Fleire som har starta på masteren vår i Fine Arts er bygd inn i kunstbyen Trondheim.

- I Trondheim er det moglegheit for å utvikle eit interessante kraftsenter for kunst. Fleire institusjonar har opna dei siste åra og spelar godt på lag med det dei internasjonale studentane har teke med til byen.

- Det er synd for mangfaldet. Trondheim har ikkje, som ein storby, evne til å miste mangfald. Det betyr mykje om ein tek med dei innspilla desse studentane har komme med.