Ikkje forsvarleg å rettferdiggjera akademisk framandfrykt

UiO-professor Jan Helge Solbakk meiner det er ei uheldig timing med debatt om auken i talet på utanlandske forskarar, samtidig som ein ser politiske strøymingar i ei brunare retning i Europa.

– Eg meiner at i utlysinga av stillingar, så bør alle akademiske stillingar utlysast internasjonalt, med unntak av dei gongene det finst heilt serskilde grunnar for ikkje å gjera det, seier Jan Helge Solbakk.
Publisert

Solbakk, som er professor i medisinsk etikk, får motbør frå professorkollega Øyvind Østerud.

Våren 2017 skreiv professor i statsvitskap Øyvind Østerud ein kronikk i Aftenposten der han stilte spørsmål ved auken i talet på utanlandske tilsette i vitskaplege stillingar på norske universitet. Innhaldet i kronikken vekte stor debatt og førte mellom anna til panelsamtale i Vitskapsakademiet mellom forskarane Øyvind Østerud, Kalle Moene, Ellen Rees, Arnfinn Haagensen Midtbøen og Malcolm Langford, skriv Uniforum.

Kritiserte utanlandske forskarar for ikkje å delta i samfunnsdebatten

Den 24. september tok den same debatten fyr igjen etter eit intervju med forskar og jurist Cecilie Hellesveit i Khrono Forskaren frå Folkerettsinstituttet meinte mange av dei utanlandske vitskaplege tilsette ikkje deltar like mykje i den offentlege debatten i media og på andre scener som vitskaplege tilsette med norsk bakgrunn gjer. Etter hennar oppfatning har heller ikkje alle dei utanlandske forskarane nok kunnskap og kjennskap til norsk kultur og samfunnsforhold til at dei kan naudsynte bidrag til det norske samfunnet.

NMBU-rektor la seg flat

Utspelet til Cecilie Hellestveit fekk NMBU-rektor Curt Rice til å koma med ei kraftsalve mot henne i Khrono, der han oppfordra norske media til ikkje å intervjua henne. Dagen etter la amerikanaren Curt Rice seg heilt flat med orda om at han var så godt integrert i Noreg at han visste når det var på sin plass å leggja seg paddeflat. Det var eit slikt tilfelle. Seinare kom jussprofessor Mads Andenæs ved UiO med eit anna utspel i Khrono der han meinte det var uhøfleg og ukollegialt av Cecilie Hellestveit og andre forskarar å kritisera utanlandske forskarar.

– Uheldig timing

Ein av dei som no reagerer sterkt mot synspunkta til Cecilie Hellestveit og støttespelarane hennar, er Jan Helge Solbakk, professor i medisinsk etikk på Universitetet i Oslo. Han tykker debatten tar ei svært uheldig retning.

– Eg blei ganske forskrekka då eg las det første oppslaget, dels på grunn av det som blei sagt og dels på grunn av timinga. No er det så mykje fokus på immigrantar og flyktningar, og me ser politiske strøymingar i fleire europeiske land i ein brunare retning. Då synest eg at det at ein også tar ein debatt om auken av utanlandske forskarar ved våre universitet, det er ei uheldig timing. Eg trur ikkje at det er forsvarleg å prøva å rettferdiggjera ein form for akademisk xenofobi eller framandfrykt, seier Jan Helge Solbakk til Uniforum.

Skeptisk til at forsking skal vera samfunnsnyttig

Han trur diskusjonen verkar heilt motsett av det han meiner er akademias hovudoppgåve.

– Eg har i min naivitet trudd at akademias hovudmandat nettopp var å genera ny kunnskap og dela denne kunnskapen så breitt og vidt som mogleg. I mange år har eg vore skeptisk til dette argumentet om at forsking skal vera samfunnsnyttig. Derfor har eg i mange år også kritisert omlegginga av forskingspolitikken frå mindre og mindre nyfiknedriven grunnforsking til meir og meir såkalla samfunnsnyttig forsking, peikar han på.

– Nokre fag krev kjennskap til norske kulturtradisjonar

Jan Helge Solbakk ser også at det er fag der det er ein fordel at dei forskarane som arbeider der kjenner godt norske kulturtradisjonar, samtidig som mange utanlandske forskarar gjennom to hundre år har vore med på oppbygginga av universitetet.

– Jo, det stemmer. Og det er klart at det er nokre fagområde ved våre universitet som har nærare tilknyting til og direkte relevans til det norske samfunnet. Døme på det er historikarar som jobbar med norsk historie. Det er eit fagområde som krev djup kjennskap til norske kulturtradisjonar og dei skrivne og uskrivne kodane. Jus i Noreg er som i mange andre land også eit fagområde som held seg til dei ulike landa sine lover. Men mesteparten av dei andre fagområda ved universiteta våre er fagområde der kunnskapsproduksjonen kan vera relevant langt utanfor Noregs grenser, poengterer han.

– Ikkje empirisk haldbart

Jan Helge Solbakk tykkjer også at dei premissane som forskarar som er kritiske til auken av utanlandske tilsette på universiteta brukar, ikkje er vitskapleg haldbare.

– Den første premissen som eg kritiserer, er at dersom ein trur at ein på førehand kan definera kva som er samfunnsnyttig forsking, så finst det bøttevis med studiar som viser kor vanskeleg det er å avgjera kva forsking som kan bli nyttig og relevant. Å bruka argumentet om samfunnsnytte på forskinga er derfor ikkje empirisk haldbart. Tvert imot så er det forsking som viser at det er grunnforsking som opp gjennom akademias historie har vist seg å vera mest nyttig og relevant. Men det veit me ikkje på førehand, konstaterer han.

– Ikkje grunngjeven påstand

Solbakk viser også til Morgenbladet der to forskarar har avliva myten om at forskarar med utanlandsk bakgrunn ikkje deltar i samfunnsdebatten.

– Den andre premissen som eg ser, er den som to andre forskarar har skote ned i Morgenbladet. Det er trua på at norske forskarar som er fødde og vakse opp i Noreg, og har norsk som morsmål, bidrar langt meir i samfunnsdebatten enn utanlandske forskarar.

Det er også ein påstand som ikkje er grunngjeven. Då kan me spørja oss, kva er då intensjonen bak å setja i gang denne debatten. Når ein utlyser doktorstipendiatstillingar, postdoktorstillingar eller faste vitskaplege stillingar, korleis skal ein då formulera denne balansen. Eit svært problem i akademia er at det er ein ekstrem ubalanse når det gjeld menn i faste vitskaplege stillingar og kvinner i faste vitskaplege stillingar. Sjølv på dette området viser det seg svært vanskeleg å laga utlysingstekstar som tar den ubalansen på alvor, viser han til.

For Solbakk vil det seia at det ikkje går an å tilpassa utlysingar for å hindra at dei best kvalifiserte får ledige vitskaplege stillingar.

– Korleis skal me då i praktisk, konkret forstand kunna balansera det kriteriet når ein utlyser for å redusera sjansen for at sterke søkjarar frå andre land skal bli sette framfor mindre sterke søkjarar frå Noreg, spør han.

– Og om Universitetet i Oslo skal bli mellom dei beste universiteta i verda, må det rekruttera dei beste utanlandske forskarane også?

– Akademia er ekstremt konkurranseprega. Eg brukar å samanlikna akademia med idrett. Der er det alltid tre medaljar. I akademia er det berre ein medalje, og det handlar berre om å bli best. Eg meiner at i utlysinga av stillingar, så bør alle akademiske stillingar utlysast internasjonalt med unntak av dei gongene det finst heilt serskilde grunnar for ikkje å gjera det. Slik kan ein sikra at ein får dei aller fremste søkjarane.

– Mange norske forskarar har også fått gode vitskaplege stillingar ved utanlandske universitet?

– Ja, absolutt. Me kallar jo desse institusjonane for universitet. Og det er eit namn og eit omgrep som nettopp sprengjer nasjonale grenser.

– Kva har vore mest positivt med denne debatten?

– Eg var jo kandidat til Universitetsstyret, men tapte den kampen. Ein av dei tinga eg sette fokus på var jo at utanlandske forskarar ikkje får den behandlinga og oppfylginga som dei burde ha fått. Det skulle eg ynskt var ein debatt som kom opp, ikkje denne xenofobiske debatten at nei, det er for mange utanlandske forskarar.

– Trur du at de utvalet som skal sjå på mangfald på UiO, kan få ei rolle å spela når det gjeld det?

– Ja, det håpar eg inderleg. Og at dei i alle fall ikkje fylgjer Hellestveits og co sine råd. Både timinga og premissane som er brukte i denne debatten om utanlandske forskarar ved våre universitet, er galne, slår han fast.

Meiner det er eit større problem no enn i 2017

For fire år sidan var det professor Øyvind Østerud ved Institutt for statsvitskap på UiO som starta debatten om negative fylgjer av auken i tilsetjingar av utanlandske forskarar på universiteta i Noreg. I dag understrekar han at det er ikkje dei utanlandske akademikarane han kritiserer, men at nokre av dei ikkje kan norsk språk eller kjenner norske samfunnsforhold godt nok.

Øyvind Østerud er professor ved Universitetet i Oslo.

– Problemet er ikkje utanlandske akademikarar i seg sjølve. Problemet oppstår dersom mange tilsette ikkje kan norsk språk og ikkje kjenner norske samfunnsforhold. Då kan fagkunnskapen om det norske samfunnet forvitra; mange oppgåver som krev norsk språkkunnskap må fyllast av eit mindre tal personar; og norsk blir svekka som fag- og forskingsspråk slik at kontakten mellom dei akademiske miljøa og breie delar av det norske samfunnet blir broten, gir Øyvind Østerud uttrykk for overfor Uniforum.

Han er overtydd om at problema i alle fall ikkje er blitt mindre enn det dei var for fire år sidan, skriv Uniforum.

– Det er rimeleg å tru at utfordringa er større no enn i 2017, men dette bør kartleggjast ordentleg, og fag for fag, er han overtydd om.

– Ein tendens til å spora av

Øyvind Østerud blinkar ut fleire fag som er heilt avhengig av at dei tilsette kjenner både norsk språk og norske samfunnsforhold godt.

– Nokre fag, slik som jus, er fullstendig avhengig av brei norskspråkleg ekspertise for i det heile tatt å fungera smom profesjonsutdanning. Kunnskap om norske institusjonar og historie føreset også norsk språkkompetanse. Sjølv i fag som matematikk og fysikk er norsk omgrepsbruk eit band til skulen og resten av samfunnet, understrekar han.

Øyvind Østerud tykkjer også reaksjonen NMBU-rektor Curt Rice kom med på utspelet til Cecilie Hellestveit var svært destruktiv.

– Rektor ved NMBU Curt Rice hadde ein katastrofalt destruktiv reaksjon på Cecilie Hellestveits utspel. Me får håpa at han ikkje berre la seg flat etterpå fordi han blei hengt ut som eit skrekkdøme på leiarplass i Aftenposten. Debatt om dette emnet har ein tendens til å spora heilt av, slik det også skjedde i 2017 då nokre brukte uttrykk som «fremmedfrykt» ved at spørsmålet i det hele tatt blei reist, minner han om overfor Uniforum.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.