Dei vitskaplege tilsette jobbar i gjennomsnitt 43 timar i veka

Professorar og faglege leiarar jobbar opptil 47 timar i løpet av ei veke. Det viser tidsbruksundersøkinga for 2025 frå Statistisk sentralbyrå.

UNDERSØKTE ARBEIDSTIDA: Seniorrådgjevane Hebe Gunnes (lengst til venstre), Kaja Wendt og Bjørn Magne Olsen frå Statistisk sentralbyrå står bak tidsbruksundersøkinga for 2025. Den har sett på arbeidstida til forskarane på universitet og høgskular.
Publisert Sist oppdatert

Det var i april i 2025 at Statistisk sentralbyrå (SSB) sette i gang med tidsbruksundersøkinga blant forskarar ved universitet og høgskular i Noreg. SSB ville kartleggja tidsbruken i det akademiske året 2024/2025. 

Det kom svar frå over 11 000 personar. Svarprosenten var denne gongen på 43 prosent, medan den førre undersøkinga frå 2021 låg på 31 prosent.

Undersøkinga har sett på kor mykje tid tilsette som professorar, universitets- og høgskulelektorar og stipendiatar brukar på forsking og utvikling, undervising og formidling.

Det skriv Uniforum.

Jobbar mykje meir enn normal arbeidsveke

Hovudfunnet frå tidsbruksundersøkinga i 2025 viser at dei vitskaplege tilsette i gjennomsnitt jobbar mykje meir enn ei normal arbeidsveke på 37,5 timar. Den samla arbeidstida har likevel gått litt ned samanlikna med 2010 då SSB hadde ei liknande undersøking. 

Dei faglege leiarane og professorane gir opp at dei i snitt arbeider mellom 46 og 47 timar i veka, medan dei vitskaplege tilsette i gjennomsnitt jobbar 43 timar i veka.

Seniorrådgjevar og gruppeleiar Kaja Wendt ved SSB var ein av dei som stod bak undersøkinga. Dei to andre var seniorrådgjevar Hebe Gunnes og seniorrådgjevar Bjørn Magne Olsen.

Wendt fortel at dei denne gongen har inkludert ein eigen kategori over tid brukt til søknadsarbeid. Denne kategorien var tidlegare inkludert i tid brukt til forsking og utvikling.

Menn brukar litt meir tid på søknadsarbeid enn kvinner.

- Undersøkinga viser at menn brukar litt meir tid på søknadsarbeid enn kvinner. Stipendiatane var lite involverte i søknadsarbeidet, medan nokre fagområde brukte meir tid enn andre.

 I undersøkinga går det også fram at dei har vore tydelegare overfor respondentane på at dei berre skulle ta med arbeidstid brukt i hovudstillinga si. 

Det oppgir dei som har utført undersøkinga som ei av årsakene til at gjennomsnittstalet på timar brukt på forsking og utvikling i løpet av ei veke i 2025 er lågare enn i 2016. 

Men når dei ser på dei som jobbar i førstestilling som professorar eller førsteamanuensar er situasjonen annleis. For undersøkinga til SSB peikar på at når dei slår saman tid til forsking og utvikling og søknadsarbeid i 2025 er talet på FoU-relatert tid for tilsette i førstestilling høgare i 2025 enn i både 2021 og 2016 for alle fagområde.

Professorar med barn jobbar litt mindre

Når det gjeld skilnaden mellom menn og kvinner, avdekkjer undersøkinga at menn i gjennomsnitt jobbar 0,6 timar meir enn kvinner kvar veke. Dei såg også på forholdet mellom forskarar utan barn og forskarar med heimebuande barn under 18 år.

Kvinner med barn jobbar i gjennomsnitt 1,7 timar mindre i veka enn kvinner utan barn.

Det som er likt for alle dei ulike stillingane, er at forskarar med ansvar for heimebuande barn arbeider mindre enn forskarar utan barn. Kvinner med barn jobbar i gjennomsnitt 1,7 timar mindre i veka enn kvinner utan barn. For menn er skilnaden på 1,1 timar.

– Så kvinner utan barn og menn utan barn jobbar nesten like mykje. Det er familiesituasjonen som påverkar kor god tid du har til å arbeida, konstaterer ho.

Dei gjorde også eit anna interessant funn blant forskarar med barn. Skilnaden var størst mellom professorar med og utan barn

– Dei jobbar 1,7 timar mindre i veka enn professorkollegaene sine utan barn. Det er også dei som jobbar mest av dei vitskaplege gruppene me har undersøkt, slår Kaja Wendt fast.

Brukar meir tid på søknadsarbeid

Stipendiatane på norske universitet og høgskular brukar 68 prosent av arbeidstida til forsking og utvikling. Professorar brukar 29 prosent av arbeidstida på det.

– Ja, stipendiatane skal jo forska dei. Nokre lurte på om det å arbeida med doktoravhandlinga kunne kategoriserast som forsking og utvikling, og det kan det. Men ph.d.-opplæring kjem inn under ein annan kategori. Stipendiatane brukar lite tid på søknadsarbeid, men gir altså store bidrag til forskinga, har dei funne ut.

Tilsette i forskarstilling med doktorgrad gav opp at dei i gjennomsnitt brukte 13 prosent av arbeidstida til søknadsarbeid, medan professorar, postdoktorar og forskarar utan doktorgrad brukte 8 prosent, viser undersøkinga. 

Universitets- og høgskulelektorar rapporterte at dei brukte 1-2 prosent av arbeidstida til å skriva søknader både i 2010 og i 2025.

– Mindre vanleg med barn blant dei ikkje-norske forskarane

Undersøkinga har også sett på forholdet mellom norske og ikkje-norske forskarar.

– Der viser det seg at det er mindre vanleg at dei ikkje-norske har barn enn det som er tilfellet for dei norske. Grunnen er at mange av dei ikkje-norske er på gjennomreise, og det er til dømes vanleg at mange er postdoktorar i mange ulike land. Det er ein internasjonal arbeidsmarknad for forskarane, peikar ho på.

– Det tyder altså ikkje på at ikkje-norske forskarar jobbar mykje meir enn norske?

– Skilnaden er ikkje så stor lenger. Den var mykje større sist, og då slo me det litt opp.

Slik oppsummerer Wendt kunnskapen om kven som jobbar mest:

– Dersom du er mann, jobbar innanfor matematisk-naturvitskaplege fag, ikkje er norsk og er professor eller fagleg leiar, ja då er sjansen stor at du jobbar mykje, seier ho.

Her syner undersøkinga at dei ikkje-norske jobbar litt meir enn norske forskarar, men det er heller små skilnader, peikar undersøkinga på.

Arbeidstida har gått ned sidan 2021

Når dei som står bak undersøkinga, Kaja Wendt og kollegaene hennar har samanlikna med den førre undersøkinga frå 2021, så har gjennomsnittleg arbeidstid gått ned for dei fleste stillingane. Dei forklarar det med at 2021 var eit unntaksår på grunn av koronapandemien, og at mange jobba ekstra for å få på plass digital undervisning.

I undersøkinga frå 2025 blei det endå tydelegare presisert at berre arbeid i hovudstillinga skulle takast med.

Dei har også spurt forskarar som ikkje har norsk statsborgarskap, om utdanningsnivået til foreldra deira. Dette er eit mål på sosial bakgrunn. Fleirtalet av desse forskarane har foreldre med høgare utdanning over fire år.

Dei utanlandske forskarane med foreldre med lågare utdanningsnivå er dei som jobbar mest, går det fram av undersøkinga.

– Dei jobbar veldig mykje

– Kva kan universitet og høgskular læra av denne tidsbruksundersøkinga?

– I Noreg har me eit delt karriereløp mellom dei som er på ein såkalla forskarstige og dei som hovudsakleg arbeider med undervisning som universitetslektorar eller høgskulelektorar, svarar Wendt.

Men i begge gruppene har dei i større eller mindre grad også forsking og utvikling i stillinga si. 

– Og undervisninga skal også vera forskingsrelatert, så derfor synest eg det er bra med noko forsking i alle stillingar, seier ho.

Men det er ein ting ho meiner universiteta og høgskulane bør ta til seg.

– Dei jobbar veldig mykje, seier ho og fortel at det var mange som skreiv i kommentarfeltet at dei så det som eit problem at det blei forventa at dei skulle jobba utover normal arbeidstid, og sakna at arbeidsgivar adresserte dette problemet. 

Ein annan trend nokre av respondentane i undersøkinga kom inn på, var tendensen med å bruka meir tid til undervisning og mindre til forsking.

– Undervisning må gjerast på dagtid. Forskinga blir sånt som skal gjerast når du har tid, kommenterar Wendt.

Litt mindre tid til formidling og administrasjon 

Det er dei tilsette i førstestilling, professor, dosent, førsteamanuensis og førstelektor som brukar mest tid på undervisnin. Både i 2016, 2021 og 2025 utgjorde tida brukt på forsking og utvikling 30 prosent for dei tilsette i førstestilling.

Dei brukar alle litt meir tid enn tidlegare til å rettleia mastergradsstudentar og doktorgradsstudentar. Både tid brukt til administrasjon og fomidling har gått litt ned.

Følg UA på Facebook og Instagram.