Ytring

Dei stakkars atomforskarane

Det er bra å stille dei grunnleggande spørsmåla og løfte ideala for kva vitskap og forsking skal vere og gjere.

Atomreaktoren på Kjeller
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

For meg derimot, ser det ut til at Anders Ulstein brukar desse ideala som eit langt, langt retorisk grep, som ei innleiing til ei trist forteljing om dei stakkars atomforskarane og dei vonde motstandarane. Andre som har prøvd å diskutere med atomklubben har nok ei anna oppleving, og internasjonalt er atomindustrien korkje liten eller uskuldig.

Johann Roppen synes det er interessant at folk plutselig har blitt så interessert i atomkraft.

Sjølv meiner eg det hadde vore interessant å studere korleis folkemeininga og mange politikarar snudde på femøringen og brått vart veldig interessert i atomkraft. Var det kombinasjon av nokre prissjokk på straum og ein velregissert kampanje? Kven stod i så fall bak? Kven forsynte aktørane med peng og poeng? Kva skjedde og skjer i lukka rom?

Eller: Kan vi ha tillit til folkemeininga i store og samansette spørsmål der politikarar og folk flest har liten kunnskap, men som kan framstillast som eit spørsmål om straumpris og lommebok?

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Vi er sikkert samde om at forskarar ikkje skal opptre som nyttige idiotar. Ikkje for atomindustrien, og ikkje for andre. Men for meg framstår forskarane som Ulstein nemner meir som radioaktive aktivistar med ein politisk agenda enn som kritiske forskarar som er opne for alternative syn. Og det er langt frå dei høge ideala i Anders Ulstein si forteljing.