Denne veka skulle eg eigentleg ha undervist i kurset KULT6501, Berekraftig omstilling her på NTNU. Faget vart avlyst fordi det var for få søkarar. Tidlegare har det vore lang venteliste på dette kurset, so det er noko nytt som har skjedd av året. Er berekraft ut?
Eg har iallfall fått meir tid til andre ting, so derfor skriv eg dette innlegget. Eg har fått med meg den nye boka til kollega Jonas Nøland, med tittelen «Energikrisa, og løysinga på den». Eg har ikkje lese boka, og den er sikkert veldig god. Dette er ikkje ein kritikk av boka, men eg legg merke til ordet «krise».
I boka «Shock Doctrine» peikar Naomi Klein på at makthavarar og store selskap ofte utnyttar kriser, anten dei er naturlege, menneskeskapte eller forsterka gjennom politisk retorikk, til å gjennomføre radikale økonomiske og politiske reformar som vanlegvis ville møtt motstand.
I slike periodar av kollektivt «sjokk» vert folk meir sårbare, og demokratiske prosessar vert sette til side, noko som gjer det lettare å presse gjennom privatisering, deregulering og andre marknadsorienterte tiltak. Klein viser gjennom ei rekkje historiske døme (t.d. Chile under Pinochet eller post-Sovjet Russland) korleis kriser blir brukt strategisk til samfunnsendringar som tener dei mest ressurssterke, snarare enn det breie fellesskapet.
Kva krise er eigentleg energikrisa? Vi har jo eit overflod av energi her i Noreg. Under pandemien hadde vi i nokre år dyr straum. Det vart kalla «straumpriskrisa». Andre kriser som eg kjenner til er klimakrisa og naturkrisa, ulikheitskrisa, fattigdomskrisa, og konsentrasjonskrisa, blant andre. Men dersom alt er ei krise, vert kriser normalisert, og vi kan få problem med å handle. Og kven er det som tener på å bruke ordet krise?
Kva krise er eigentleg energikrisa? Vi har jo eit overflod av energi her i Noreg.
Dette er med andre ord ikkje berre semantikk. For å finne ei løysing må man først definere problemet. Som eit kjent sitat, ofte tilskrive Einstein går: «No problem can be solved from the same level of consciousness that created it». Og kva er eigentleg problemet? Eg trur problemet er at vi bruker for mykje ressursar og energi.
Løysinga er veldig enkel, og den inneberer verken meir fornybar energi eller kjernekraft. Løysinga har eigentleg vore framfor oss heile tida: dei fleste av oss, spesielt her i Noreg, må bruke mindre energi!
Men løysinga er lettare sagt enn gjort. Og vi menneske er jo ikkje enkle. Eg får ofte to svar:
Svar 1: «Eg trur eg forstår, du meiner, energieffektivisering?»
Nei. Energieffektivisering, eller ENØK, er ikkje det same som å bruke mindre energi. Dette ser vi til dømes ganske enkelt når vi kjøleskap, TV-ar og andre elektriske duppedittar brukar energi meir effektivt, men vert stadig større, fleire, brukt oftare, eller kasta og kjøpt nytt. Då vert total energi- og ressursforbruk ofte høgare.
Vi må med andre ord tenkje på kva vi eigentleg brukar energien til. Og det var dette eg var kritisk til då Energikommisjonen kom med sin rapport «Mer av alt. Raskere» i 2023. Den er eit godt døme på at ein freistar å løyse dagens problem med same logikk, berre oppskalert, som det som skapte problemet i første omgang.
Svar 2: «Hæ? Vil du at vi skal tilbake til steinalderen?»
Nei. Sjå for deg følgjande: Folk levde gode og meiningsfulle liv lenge før smarttelefonen fanst. Då telefonen kom, vart han raskt ein standard vi vande oss til, og i dag kjennest det nesten umogleg å klare seg utan. Men dette betyr ikkje at livet før var dårleg, det var berre annleis. Slik verkar dei fleste store endringar: Når noko nytt kjem inn i kvardagen vår, endrar det både forventningane og vanane våre.
Over tid byrjar tenkjer vi at dei nye standardane er nødvendige for eit godt liv, sjølv om dei eigentleg kan vere ganske laust kopla til faktisk velferd og trivsel. Poenget er at det ikkje handlar om å gå «tilbake», men om å forstå at gode liv kan skapast under mange ulike føresetnader, også utan alt det vi no reknar som sjølvsagt.
Forskingssatsinga vår ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar, og i Geminisenter for framtider etter vekst, handlar nettopp om slike spørsmål. Vi undersøker korleis samfunn kan bevege seg vekk ifrå ideen om at nye teknologiar åleine skal løyse utfordringane vi står overfor. I staden spør vi: Kva slags sosiale og samfunnsmessige grep kan òg vere løysingar? Kan endra praksisar, nye normer og andre måtar å organisere kvardagslivet på gi både betre livskvalitet og lågare energi- og ressursbruk samstundes?
Biologen E.O Wilson skal ein gong ha sagt: «The real problem of humanity is the following: We have Paleolithic emotions, medieval institutions and godlike technology». Vi treng med andre ord tid og rom til å reflektere og tenkje over kvar vi går som samfunn. Store aktørar kan nytte kriseretorikk til å presse gjennom løysingar som først og fremst styrkjer deira eigne økonomiske interesser, til dømes meir teknologi, meir marknad og meir kontroll konsentrert hjå få.
Kanskje ligg ikkje løysinga i å akselerere endå meir, men i å finna eit balansepunkt mellom djupe menneskelege behov, skjør menneskeleg organisering og dei moderne verktøya vi omgjev oss med? Før vi spring vidare mot neste tekniske løysing: bør vi ikkje heller verte betre på å reflektere og lytte til kvarandre, og å kollektivt definere kva problemet eigentleg er?