Fugelsnes: – Noreg skal ikkje ut av Horisont Europa

Forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes avviser at Noreg skal gå ut av Horisont Europa. Ho vil sikra norsk deltaking også i neste periode.

UVISST OM UiO OG NTNU MÅ VRAKA SYSTEMET SITT: – Det var eit ynske frå sektoren at me skulle ha ei felles teneste. Så skal me vurdera grunnlagsmaterialet frå Sikt og sjå om me skal oppretthalda den avgjerda, seier statsråd Eileen Fugelsnes.
Publisert Sist oppdatert

To veker etter at Eileen Fugelsnes (55) rykka opp frå jobben som statssekretær til å bli ny forskings- og høgare utdanningsminister stiller ho opp i eit eksklusivt intervju med Uniforum i Kunnskapsdepartementets hovudkvarter i Kirkegata i Oslo.

Fugelsnes er tydeleg på kva ho vil prioritera som minister. Nye studieplassar skal i større grad gå til realfag, teknologi og helse, samstundes som ho vil sikra dei små språkfaga, og gjera forsking lettare tilgjengeleg på norsk.

Samstundes er norsk deltaking i Horisont Europa ei hovudprioritering. Ho avviser at Noreg skal gå ut av EUs forskingsprogram, og understrekar at regjeringa arbeider for norsk deltaking også i neste periode.

Gjennomgår utgreiing frå Sikt

Dei siste månadane har det storma rundt pålegget frå Kunnskapsdepartementet til Universitetet i Oslo og NTNU om å innføra innloggingssystemet IAM.

– Hadde du rekna med at du skulle overta den stormen etter den førre statsråden?

– Rekna med og og rekna med. Men det var ei sak som blei behandla då eg var statssekretær, så eg kjente til saka. No har me fått ei stor utgreiing frå Sikt som me gjennomgår, og så må eg koma tilbake til den saka når me får sett ordentleg på det materialet som Sikt har levert.

– Var det du som statsråd som bestemte at dette IT-systemet skulle setjas på vent eller var det ei avgjerd som statsministeren tok?

– Det var meg som statsråd, svarar ho kontant.

– Me er alle opptekne av å sikra alle data

Universitetet i Oslo og NTNU brukar i dag Cerebrum i staden for det systemet som KD ynskjer å påleggja dei å innføra.

– Er det ikkje mogleg å lata dei andre universiteta og høgskulane også ta i bruk det systemet i staden for det amerikanske som dei nyttar i dag?

– Eg kjenner ikkje veldig godt til Cerebrum, og eg kan ikkje vurdera tryggleiken ved det, for det har eg ikkje kompetanse til, vedgår ho.

Samtidig ser ho at ho og dei to største universiteta i Noreg har nokre felles mål.

– Me er alle opptekne av å sikra alle data for forskarane og studentane. Og i utgangspunktet ynskjer me ei felles teneste for identitet og tilgang, for me er opptekne av livslang læring og at unge på institusjonane har kontaktpunkt mot andre institusjonar. Det var eit ynske frå sektoren at me skulle ha ei felles teneste. Så skal me vurdera grunnlagsmaterialet frå Sikt og sjå om me skal oppretthalda den avgjerda.

Ho veit ikkje når det blir avgjort.

Vil ikkje ut av Horisont Europa

For henne er det også essensielt med internasjonalt samarbeid for å auka kvaliteten på norsk forsking. Ho trekkjer fram EUs store forskingsprogram Horisont Europa.

– For i forskinga treng me å samarbeida med andre nasjonar. Horisont Europa har auka kvaliteten på norsk forsking veldig, så det vil vera viktig.

– Så det er ikkje snakk om at Noreg skal gå ut av Horisont Europa slik som det stod i eit avisoppslag denne veka?

– På ingen måte. Det er prioritet nummer ein at me skal vera med i Horisont Europa. Noreg har hatt veldig stor suksess i det rammeprogrammet. Me har ein god returdel, og det har auka kvaliteten på forskinga i Noreg, peikar ho på.

For henne er det viktig å vera kopla på politikkutvikling i EU. Og ho meiner det er ein god måte å imøtekoma dei store samfunnsutfordingane på. 

– Så me jobbar hardt for at me også skal vera med i neste periode. Det eg seier, er at det vil kosta mykje pengar. Eg vil både prøva å sikra norsk deltaking for neste periode, men også sikra pengar me brukar på forsking nasjonalt i dag. Det var den balansegangen eg kommenterte, men som kanskje blei tolka litt feil, seier ho.

Treng også folk som kan forstå og vurdera KI 

– I festtalane i dag snakkar politikarar og universitetsrektorar mykje om kor viktig det er å satsa på teknisk-naturvitskaplege og medisinske fag. Kva vil du gjera for at humaniora og samfunnsvitskapen også får tildelt både nok pengar og studieplassar i åra framover?

– Eg opplever at statsvitskap er eit svært populært fag. Det er ein nokolunde jamn straum av studentar både på statsvitskap og humaniora og av uteksaminerte studentar. Men det er heilt klart at me må gjera nokre prioriteringar, seier ho og viser til at me står overfor veldig store omstillingsbehov etter kvart som verda blir meir kunnskapsintensiv og teknologidriven.

Fugelsnes meiner nye studieplassar i større grad må gå til realfag, teknologifag og helsefag enn til humaniora, statsvitskap og samfunnsfag for å møta framtidige kunnskapsbehov.

Samstundes trekkjer ho fram at kunstig intelligens vil føra til store omveltingar i sektoren og i arbeidslivet.

– Me treng ikkje berre folk som brukar KI, men også folk som kan forstå og vurdera KI. Derfor treng me ei breidde og ein balanse. Det er klart at både små språkfag og andre fag vil vera viktige fram i tid. Så her må me finna ein god balanse, synest ho.

– Me er heilt avhengige av å sikra dei små språkfaga

Eileen Fugelsnes snakkar varmt for språkfag som er under press.  

– Me er heilt avhengige av å sikra dei små språkfaga. Det trur eg vil krevja at me får til ei betre arbeidsdeling og eit betre samarbeid mellom institusjonane. Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen har allereie tatt eit initiativ til å samarbeida om mindre språkfag slik at me opprettheld den gode kvaliteten på fagmiljøa.

MØRKE VEGGAR: I Kunnskapsdepartementets hovudkvarter i Kirkegata er interiøret prega av mørke veggar. For Eileen Fugelsnes var det aldri draumen å hamna her.

Ho understrekar at småfaga og kvaliteten i fagmiljøa må sikrast, og at grunnforsking også må liggja til grunn for arbeidet i desse miljøa.

– Korleis har du då tenkt å sikra norsk fagspråk i universitets- og høgskulesektoren?

– Det er utruleg viktig at me kan formidla den forskinga som me driv med, ut til samfunnet. Norsk fagspråk står veldig godt og regjeringa sin handlingsplan frå 2023 står fast. Det er berre gjort ei lita justering på den, og det er at me har gjort det frivillig for doktorandar og postdoktorar å ta norsk språkopplæring. Det tenkjer eg er heilt greitt, for dei vil uansett ikkje koma opp på eit godt nok nivå til at dei kan formidla og førelesa på norsk som postdoktor eller som doktorgradsstudent. Då kan me heller ha det kravet ved fast tilsetjing i ettertid, meiner ho.

– Me må leggja vekt på nokre fag meir enn andre 

Ministeren vil også arbeida for at forsking blir formidla til alle i Noreg.

– For me er opptekne av open og tilgjengeleg publisering av forskingsresultat. Me har hatt ei ordning med opne tidsskrift for humaniora og samfunnsvitskap som me no styrkjer og utvidar til å gjelda medisin, naturvitskap og teknologi. Det me har sett, er at desse opne norskspråklege tidsskrifta har vore ein stor suksess. Me skal gjera forsking frå alle fagområde lettare tilgjengeleg og lettare å lesa, garanterer ho.

Fugelsnes er ikkje i tvil om kva ho vil prioritera høgast av dei oppgåvene ho har ansvaret for. Ho vil sørgja for at det er nok arbeidskraft med rett kompetanse i framtida.

– Derfor seier eg at me må leggja vekt på nokre fag meir enn andre når me tildeler nye studieplassar. Det handlar både om breidde og om små språkfag som du var inne på. Å kunna vera litt meir presise på kva kompetanse me treng litt lenger fram i tid, er viktig. Så er det viktig med god kvalitet på utdanningstilbodet. Det føler eg at universitets- og høgskulesektoren jobbar veldig godt med, understrekar ho.

Ho viser også til at Forskingsrådet nyleg tildelte 1,23 milliardar kroner til forskingsinfrastruktur.

– Det er heilt avgjerande og grunnleggjande, slår ho fast.

Vil føra vidare noregsopphold for forfylgde akademikarar

– Regjeringa har i 2026 gitt 100 millionar i støtte til forskarar frå land der akademia ikkje står høgt i kurs for at dei skal kunne forska i Noreg. Så langt har det kome forskarar både frå USA og India og nokre land til. Vil regjeringa halda fram med ei slik støtte?

– Det er ei veldig viktig ordning. Og det er ikkje berre 100 millionar. For det vil koma 100 millionar årleg i tre år, dermed også i 2027. Det var nettopp for å henta inn kompetanse eg var med på å leggja grunnlaget for dette saman med Sigrun (Aasland), og dette vil eg vidareføra, lovar ho. 

Når det gjeld bruken av kunstig intelligens i høgare utdanning, ventar ho spent på eit bestemt arbeid.

– I november vil utvalet som professor Anders Malthe-Sørenssen leier, leggja fram rapporten sin om bruken av kunstig intelligens i høgare utdanning.

Då ser ho fram til å få svar på fylgjande spørsmål:

– Korleis kunstig intelligensen endrar føresetnadene for kva me lærer, korleis me lærer og korleis me vurderer kva studentane har lært? KI påverkar alle sider av universitets- og høgskulesektoren, seier ho.